Veiledning Helsenorge
23 32 70 00Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Du kan sende søknader og refusjonskrav til Helfo via digitalt skjema. Helfo sender kvittering på SMS når søknaden er motteken – både når du eller behandlaren din søker. Vedtaket blir vanlegvis sendt til deg som digital post.
Illustrasjon: Geir Hopen Nødset / Helfo
Når du sender Helfo ein søknad, får du eit automatisk SMS-varsel innan to yrkedagar. Du vil også få eit SMS-varsel dersom behandlaren din søker på vegner av deg.
Helfo brukar det mobilnummeret som er registrert i kontaktregisteret til Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi). Sjå til at du er registrert med rett mobilnummer hos ID-porten.
Helfo sender dei fleste breva og vedtaka via digital post.
Du kan velje om brevet skal sendast til Digipost eller e-Boks. Hugs å opprette brukarprofil hos ei av desse digitale postkassene! På nettsida norge.no kan du allereie no gjere deg klar til å ta imot digitale svar frå Helfo.
Helfo vil sende deg vedtak eller informasjon som gjeld saka i din innboks på Helsenorge eller i din digitale postkasse. Om du ikkje brukar digitale løysingar, sender vi post til di folkeregistrerte adresse.
NB: Du kan ikkje svare på / sende brev til Helfo via Digipost eller e-Boks!
Du kan få varsel via SMS og e-post frå Helfo i fleire samanhengar:
Fristen for å sende Helfo krav om dekning av utgifter er som hovudregel 6 månader frå den dagen du fekk behandlinga eller kjøpte eit produkt. Dette gjeld sjølv om du ventar på vedtak frå oss.
Enkelte saksområde har andre fristar. Dette finn du informasjon om på Helsenorge.
Hverdager kl. 08:00 - 15:30