Veiledning helsenorge.no
23 32 70 00Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Helfo kan delvis refundere utgiftene dine til fjerning av uønskt/sjenerande hårvekst ved hjelp av elektrolysebehandling og voksbehandling.
Du treng legeerklæring for å få delvis refundert utgiftene til elektrolysebehandling og voksbehandling.
Kvinner med sterkt sjenerande hårvekst i ansiktet, kan få delvis dekt utgiftene til elektrolysebehandling. Det er eit vilkår at du har ein patologisk hårvekst (hirsutisme) i ansiktet, og at du har psykiske plager av hårveksten.
For å få refusjon treng du legeerklæring frå spesialist som stadfestar at du treng behandlingane. Dersom du bur langt frå spesialist, kan Helfo godta ei erklæring frå allmennlege.
Dersom du har avslutta behandlinga og vil starte på nytt, må du sende Helfo ei ny legeerklæring før du kan få refusjon for utgifter til fleire behandlingar.
Dersom du har sjenerande hårvekst som biverknad av medikament med verkestoffet Cyclosporin A (brukt etter organtransplantasjon), kan du få delvis dekt utgifter til voksbehandling både i ansiktet og andre stader på kroppen. Hårfjerninga må skje innan 12 månader etter transplantasjonen.
Dersom det er nødvendig med ei relativt høg dosering av medikamentet med verkestoffet Cyclosporin A utover 12 månader etter transplantasjonen, kan du også få delvis dekt utgifter til vidare voksbehandling.
For å få refusjon treng du legeerklæring frå lege som stadfestar at du treng behandlingane. Du må få ny legeerklæring kvart kalenderår.
Beløpet du betaler til behandlar for voksbehandling dannar grunnlaget for utrekning av refusjon frå Helfo. Refusjon per behandling er ikkje avgrensa til ein fast sats.
Du får dekt utgiftene til elektrolysebehandling etter eit utrekningsgrunnlag på maksimalt 104 kroner per behandling (2023). Ei behandling varer i 15 minutt. Talet på behandlingar per dag er ikkje avgrensa. Du får ikkje dekning for meir enn 100 behandlingar elektrolyse per kalenderår.
Her er eit døme på korleis Helfo reknar ut dekninga for elektrolyse. Det er teke utgangspunkt i 40 behandlingar:
(104 kroner x 40 behandlingar) - 2070 (eigenbetaling) = 2090 kroner
Du får dekt 90 prosent av utgiftene:
2090 kroner x 90 prosent = 1881 kroner
Både for elektrolyse og voksbehandling er det ei eigenbetaling per kalenderår, som i 2023 er 2 070 kroner. Du kan få dekt 90 prosent av utgiftene som er høgare enn denne summen.
Dersom du vil vite om du får dekt delar av utgiftene til behandling for elektrolyse- og/eller voksbehandling, kan du søke Helfo om førehandsgodkjenning.
Du søker ved å sende inn legeerklæring. Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det finst ikkje eit eige skjema du kan bruke til dette.
Får du ei førehandsgodkjenning, gjeld ho frå datoen på legeerklæringa. Du får ikkje refusjon for behandlingar du har hatt før legen stadfesta behovet ditt for behandling i erklæringa.
Dersom du ikkje søker om førehandsgodkjenning, må du hugse å skaffe legeerklæring før du startar med behandlingane.
Du kan søke om få refundert utgifter til elektrolyse- og/eller voksbehandling ved å bruke digitalt skjema.
Første gong du sender inn kvitteringar skal du legge ved legeerklæring dersom du ikkje har fått førehandsgodkjenning frå Helfo. For seinare innsendingar er det nok med kvitteringar. Kvitteringane må innehalde namn på behandlar, talet på behandlingar, datoane dei er utførte og kva du betalte.
Du må sende søknaden til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.
Nyttig informasjon om å sende digitalt skjema, finner du her.
Papirskjema
Dersom du ikkje har høve til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut
og legge ved originale, spesifiserte kvitteringar. Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Saksbehandlingstida for søknader om dekning av utgifter ved sjenerande hårvekst er inntil åtte veker.
Helfo dekker også reiseutgiftene til og frå elektrolyse- og voksbehandlinga. Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet.
Du finn søknadsskjema og meir informasjon om kva slags utgifter som kan dekkast i samband med reisa på sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte rehabiliteringsopphald».
Du kan sende inn eitt digitalt skjema for utgifter til elektrolyse- eller voksbehandling og reise.
Hverdager kl. 08:00 - 15:30
Innholdet er levert av Helfo
Sist oppdatert torsdag 17. februar 2022