Kursopphald for blinde og svaksynte

Dersom du er blind eller svaksynt, kan du få dekt utgifter til kursopphald ved tre ulike kursstader. Helfo dekkjer òg utgiftene til nødvendig følgjeperson.

Kvinne med ledsagerhund

Kor kan du delta på slike kursopphald?

Helfo dekkjer utgifter til opphald ved desse kursstadene:

Kurssentera blir drivne av Norges Blindeforbund.

Kva kan du/de få dekt?

Du kan få dekt utgifter til opphald på inntil fire veker.

Helfo dekkjer opphald etter desse døgnsatsane:

  • Evenes, Hurdalssenteret og Solvik: 1883 kroner frå 1. januar 2023

Helfo betaler utgiftene dine til sjølve opphaldet – utrekna etter døgnsatsane – direkte til kurssentera. Du slepp dermed å leggje ut for desse utgiftene sjølv.

Du kan få dekt nytt opphald sjølv om Helfo tidlegare har dekt eit opphald for deg og ein eventuell følgjeperson.

Korleis søkjer blinde og svaksynte om rekreasjonsopphald?

Du søker sjølv direkte til kurssenteret du ønsker opphald hos.

Kurssenteret behandlar søknaden og gir deg eventuelt eit tilbod om kursopphald.

Meir informasjon om kursopphalda og kontaktinformasjon til kursstadane.

Du kan få dekka reiseutgifter til syns- og mestringssentera

Helfo dekkjer reiseutgiftene til og frå kurssentera for blinde og svaksynte.

  • Frå 1. desember 2022 er det kurssentera som organiserer reisa for den enkelte kursdeltakar. Ta kontakt med kurssenteret dersom du har behov for transport.

Kurssenteret forskotterer reiseutgiftene, og sender krav videre til Helfo.

Innholdet er levert av Helfo

Sist oppdatert tirsdag 31. januar 2023