Kursopphald på Montebellosenteret for kreftpasientar og pårørande

Dersom du er kreftpasient eller pårørande til ein kreftpasient, kan Helfo dekkje utgifter til opphald ved Montebellosenteret i Ringsaker i Innlandet.

Kva er Montebellosenteret?

Montebellosenteret er ein helseinstitusjon som leverer spesialiserte tenester for kreftpasientar, pårørande og andre som står pasienten nær.

Les meir om dei ulike tilboda på nettstaden til Montebellosenteret.

Kva kursopphald dekker Helfo?

Helfo dekker både kursopphald for pasientar, familie og nære pårørande.

Helfo dekker kursopphald

  • for deg som har kreft eller seinskadar etter kreft, pårørande og andre som står deg som pasient nær. Vilkåret for at din pårørande skal få dekka kursopphaldet er at hen har behov for opplæringa. 

Helfo dekker familiekurs for familiar som har

  • barn med kreftsjukdom. Helfo kan gi bidrag til opphald for to føresette og alle søsken under 15 år.
  • kreftsjuke foreldre. Helfo kan gi bidrag til opphald for den kreftsjuke, éin nær pårørande og alle barn under 15 år.
  • mor eller far som er døde av kreft. Helfo kan gi bidrag til alle barn under 15 år samt attlevande forelder/føresett.

Helfo kan òg gi bidrag til

  • barn mellom 15 og 18 år, dersom desse får tilbod om å delta på kurs ved Montebellosenteret.

Kva utgifter til opphaldet dekker Helfo?

Det er Montebellosenteret som behandlar søknaden din om kursopphald og gir deg et kurstilbod.

Helfo betaler opphaldskostnadene direkte til Montebellosenteret.

Eigenbetalinga for kursopphald er

  • 188 kroner per opphaldsdøgn for deg som pasient.
  • 127 kroner per opphaldsdøgn for pårørande eller ein person som står deg nær
  • 122 kroner per opphaldsdøgn for barn mellom 15 og 18 år

Barn under 15 år skal ikkje betale.

Du eller dine pårørande betaler eigenbetalinga direkte til Montebellosenteret.

Eigenbetalinga tel ikkje med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Har du dårlig råd, kan du søke NAV om støtte til kursopphald (etter sosialtjenesteloven).

Du kan få dekka delar av reiseutgiftene til Montebellosenteret

Helfo dekkjer òg reiseutgiftene til og frå Montebellosenteret.

Du må sende inn søknad om å få dekt reiseutgifter seinast 30. juni året etter opphaldet.

Dersom du veit kva dokumentasjon du skal sende inn til Helfo kan du gå direkte til søknad om refusjon:

Logg inn på Helfos digitale skjema og søk om å få refusjon

 

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du i staden fylle ut

​og sende det inn saman med dokumentasjonen og kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Dersom du treng meir informasjon om kva utgifter som kan dekkast i samband med reisa, og kva dokumentasjon du må legge ved søknaden, må du gå til sida «Reiseutgifter til ridefysioterapi, elektrolyse og enkelte kursopphald».

 

Korleis søkjer du om opphald ved Montebellosenteret?

Du søkjer om opphald direkte til Montebellosenteret.

Når du søkjer om opphald på Montebellosenteret, må du bruke eit digitalt søknadsskjema som du finn på nettstaden til Montebellosenteret. Søknadsfristen er seinast fem veker før kurset startar.

Hugs å sende ei legeerklæring om at kursopphald er nødvendig for pasienten, pårørande eller annan person som står pasienten nær. Du må sende erklæringa i posten til Montebellosenteret på følgande adresse:

Montebellosenteret
Kurstedvegen 5
2610 Mesnali

Du vil få svar på din søknad direkte frå Montebellosenteret omlag fem veker før kurset startar.

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Kursopphald på Montebellosenteret for kreftpasientar og pårørande. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 31. januar 2023 [henta torsdag 18. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/kursopphold-og-rehabilitering/Kursopphald-paa-Montebellosenteret-for-kreftpasientar-og-paarorande/

Sist oppdatert tysdag 31. januar 2023