Når du søkjer om å få refundert utgifter etter at reisa er utført, må du sende inn ein søknad der du legg ved spesifiserte kvitteringar for dei utlegga du har hatt. Dersom du ikkje har søkt om forskot tidlegare, må du i tillegg leggje ved ei utsegn frå legen til barnet og utsegn frå regionalt helseføretak.
Skal du søkje om forskot eller berre om førehandsgodkjenning, må du ha ei utsegn frå legen til barnet i tillegg til ei utsegn frå det regionale helseføretaket som du legg ved søknaden. Når du søkjer om forskot, må du òg leggje ved dokumentasjon på forventa nødvendige utgifter.
Digitalt skjema
Når søknaden er handsama av Helfo, får du tilsendt eit vedtak.
Papirskjema
Dersom du skal søkje om refusjon og ikkje kan bruke digitalt skjema, kan du søkje ved å sende inn
saman med nødvendig dokumentasjon til: Helfo, postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.
Skal du søkje om forskot eller berre førehandsgodkjenning, sender du utsegnene til Helfo. Det finst ikkje noko eige skjema du kan bruke til dette.
Eksempel
Foreldra til Rasmus vel å søkje om forskot. Dei sender inn digitalt skjema saman med nødvendig dokumentasjon.