Madrass- og puteovertrekk kan delvis dekkes av HELFO for barn og unge under 16 år med middallergi.

 

Kva blir dekt av utgifter til madrass- og puteovertrekk?

Helfo dekkjer utgifter til madrass- og puteovertrekk med

  • inntil 1793 kroner (inklusive meirverdiavgift) for madrassovertrekk og med
  • inntil 366 kroner (inklusive meirverdiavgift) for puteovertrekk.

Utgiftene blir berre dekte éin gong.

Overtrekka må vere tilrådde av Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF).

For at Helfo skal dekke deler av utgiftene til madrass- og puteovertrekk, må behovet vere stafesta gjennom utsegn eller epikrise av ein av følgande helsepersonell:

  • Spesialist i barnesjukdommar, lungesjukdommar , øyre-nase-halssjukdommar, indremedisin eller hudsjukdommar.
  • Spesialist i allmennmedisin med godkjenning i allergologi.

Du må sjølv betale for madrass- og puteovertrekket, og deretter krevje å få utgiftene refundert frå Helfo.

Når søknaden er saksbehandla, får barnet eit vedtak frå Helfo i posten.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk ved å bruke eit digitalt skjema.

Saman med søknaden om refusjon må du leggje ved

  • legeerklæring og
  • spesifiserte kvitteringar som inneheld produktnamn, pris, kjøpsdato og namn på forhandlar.

Du må sende kravet til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene.

Papirskjema

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn

saman med originale, spesifiserte kvitteringar og legeerklæring til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg. Det kan vere lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei inn.

Dersom du fyller ut skjema på vegner av barn under 16 år, er det barnet sine personopplysningar du skal fylle inn. Det er derimot foreldre/føresette som skal skrive under på skjemaet.

Saksbehandlingstid for madrass- og puteovertrekk og svar på søknad

Saksbehandlingstida i Helfo for søknad om madrass- og puteovertrekk er normalt inntil åtte veker.

Helfo sender deg vedtak som gjelder saken din til innboksen din på Helsenorge (eller i din digitale postkasse, om du heller bruker Digipost eller e-Boks). Om du ikke bruker digitale løsninger, sender vi post til den folkeregistrerte adressen din. 

​Fullmakt ved Helfo-henvendelser

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Du må legge ved alle nødvendige opplysningar når du sender inn søknaden. Då behandlar Helfo saka di så raskt vi kan. 

  • Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har gløymt å sende oss viktige opplysningar? Send kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande via lenka under. 
  • Det er svært viktig at du fyller inn i Altinn saksnummeret til di eksisterande sak. Då kan vi behandle saka di raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000». 

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Dekning av utgifter til madrass- og puteovertrekk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 2. mars 2026 [henta torsdag 5. mars 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/madrass-og-puteovertrekk/

Sist oppdatert 2. mars 2026