Lån av spesialvogn

Du kan få låne spesialvogn til barn med hofteliding frå NAV hjelpemiddelsentral eller hjelpemiddellager. Helfo kan gi godkjenning til eit slikt utlån.

Dersom du har barn med medfødd hoftefeil (hofteluksasjon eller hoftedysplasi) som blir behandla med gips eller Freijkas pute, kan Helfo gi godkjenning til utlån av spesialvogn.

Små barn med erverva (ikkje-medfødde) hoftelidingar som blir behandla på same måte i ein kortare periode, kan òg få godkjent utlån.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om å få låne spesialvogn ved å bruke digitalt skjema. Legg ved ei legeerklæring som beskriv situasjonen til barnet

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut og sende inn legeerklæringa som beskriv situasjonen til barnet, til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Utlevering av vogn

Når søknaden er handsama, får du eit vedtak frå Helfo i posten. Helfo sender ein kopi av vedtaket til NAV hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i.

Når du har teke imot vedtaket, tek du det med deg til NAV hjelpemiddelsentral i det fylket barnet er busett i, så får du utlevert vogna.

Spesialvogna må leverast tilbake til hjelpemiddelsentralen når du er ferdig med henne.

Sakshandsamingstid for spesialvogn

Sakshandsamingstida er inntil éi veke.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:

  • Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Helfo. Lån av spesialvogn. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 23. februar 2021 [henta søndag 14. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/refusjon-og-stotteordninger/tvillingvogn-og-spesialvogn/

Sist oppdatert tysdag 23. februar 2021