Pasient- og brukarombodet

Er du ikkje nøgd med helsetenestene, eller har spørsmål om rettane dine, kan du få hjelp og råd frå pasient- og brukarombodet. Kven som helst kan ta kontakt.

Kva er pasient- og brukarombodet?

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ivareta pasientens og brukarens behov, interesser og rettssikkerheit. I tillegg skal dei bidra til å betre kvaliteten i tenestene.

Om du er misnøgd med helsetenestene du har motteke eller ikkje fekk den helsehjelpa du trong, kan du kontakte pasient- og brukarombodet.

Pasient- og brukarombodet jobbar med saker innafor offentlege helse- og omsorgstenester. Dette gjeld òg tannhelse.

Kva kan du få hjelp med?

Pasient- og brukarombodet kan gje råd og informasjon om rettar du har i helsetenesta.

Pasient- og brukarombodet kan blant anna hjelpe deg med:

  • Informasjon om rettar du som pasient har
  • Tydeleggjere ting som er vanskeleg å forstå
  • Finne ut av kva som er lurt å ta tak i først
  • Finne ut kven det er lurt å kontakte
  • Formulere og formidle spørsmål, tilbakemeldingar og klagar
  • Korleis du klagar på behandling eller avgjerder om din rett til helse -og omsorgshjelp
  • Å delta i møte med tenesta
  • Korleis du søker om erstatning

Kven kan få hjelp?

Alle kan kontakte pasient og brukarombodet og tenesta er gratis. Du treng ikkje tilvising for å ta kontakt. Pasient- og brukarombodet har teieplikt og du er anonym om du ønskjer det.

Om du er usikker på om du kan få hjelp av pasient- og brukarombodet, kan du uansett ta kontakt for å diskutere saken din.

Finn ditt lokale ombodskontor

Pasient- og brukarombodet har kontor 15 ulike stader i Noreg. Kvart kontor leiast av eit lokalt ombod. Ring 40 50 16 00, eller sjå liste over dei ulike kontora og korleis du kan kontakte dei på ombodet sine nettsider.

 

Kontakt Pasient- og brukarombodet

40 50 16 00

Kontakt oss om du har erfaringar eller spørsmål du ønskjer å ta opp.

pasientogbrukerombudet.no

Sjå nettsidane til Pasient- og brukarombodet for meir informasjon, eller for å finne ditt lokale kontor.

Helse- og omsorgsdepartementet (lovdata.no)

Pasient- og brukarrettigheitsloven innehalder rettsreglar om rettar pasientar og brukarar har overfor helse- og omsorgstenesten.

Innhaldet er levert av Pasient- og brukarombodet

Pasient- og brukarombodet. Pasient- og brukarombodet. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 6. juli 2022 [henta søndag 15. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rettigheter/pasient--og-brukarombodet/

Sist oppdatert onsdag 6. juli 2022