Amfetaminmisbruk

Amfetamin er stoff som blir brukte i fleire legemiddel, men nokon misbrukar amfetamin som rusmiddel. Misbruk av amfetamin er farleg. Er du bekymra for din eigen eller andre sin amfetaminbruk, bør du snakke med legen din.

Kva er amfetaminmisbruk?

Rusmisbruk har mange årsaker, mellom anna psykiske problem og sosialt press. Regelmessig bruk av amfetamin kan gjere deg avhengig, og det kan vere vanskeleg å slutte.

Amfetamin er kjemiske stoff som har fleire medisinske bruksområde i låge dosar. Dei kan for eksempel brukast i behandling av

  • ADHD
  • narkolepsi
  • depresjon
  • langvarige smerter

Amfetamin skal ikkje brukast til anna enn medisinsk bruk skriven ut av lege. Det er alltid ein viss fare for at nokon vil misbruke stoffet i høgare dosar på grunn av den gode kjensla det ofte gir (kjensla av å vere «høg»). Personar som brukar høge dosar, kan ofte ha eit høgt aktivitetsnivå med mindre behov for søvn og mat.

Mange brukar amfetamin som rusmiddel iblant utan å ta openberr skade av det, men effektane av desse stoffa er uføreseielege. Dei kan føre til alvorlege helseproblem, særleg når dei blir brukte regelmessig eller i store dosar. Det er dessutan ulovleg å bruke amfetamin som ikkje er skriven ut av lege til deg personleg.

Eksempel på helseproblem amfetamin i høge dosar kan gi:

  • hjarteinfarkt
  • krampar
  • plutseleg død
  • hjerneblødingar
  • koma
  • sjølvmordsforsøk
  • hallusinasjonar
  • depresjon
  • risikabel seksuell oppførsel

Som med mange narkotiske stoff, kjem farane ved amfetamin ikkje berre frå stoffa sjølve. Personar som produserer ulovlege stoff, kan blande produktet med andre stoff for å auke volumet for å tene meir pengar, eller for å intensivere effekten.

Metamfetamin blir for eksempel ofte blanda med ekstremt farlege stoff, for eksempel:

  • litium
  • saltsyre
  • svovelsyre
  • jod

Sjølv om blandingsstoffet ikkje skulle vere farleg, kan det framleis føre til problem. Det kan for eksempel vere vanskeleg å vurdere kor høg dose du toler. Dersom du er van med ei viss mengde av stoffet og tar noko frå ein annan leveranse som er sterkare (mindre utblanda), kan det føre til ein overdose.

Amfetamin som du får kjøpt på gata, kjem i ulike former som inneheld litt ulike blandingar av stoff.

  • Amfetaminsulfat er vanlegvis kjent som "speed".
  • 3,4-metylendioksymetamfetamin er kjent som "ecstasy" eller MDMA.
  • Metamfetamin er kjent som blant anna 'meth', 'crystal meth', 'ice' eller 'crack'.

I dei ulike formene kan ein ta desse stoffa som tablettar, injeksjon, ein kan røykje dei eller puste dei inn gjennom nasen («snorte» dei) som eit pulver. Injisert amfetamin kan føre til infeksjonar som HIV og hepatitt, mens snorting kan føre til permanent skade på vevet i nasen og lungene.

Langsiktig bruk kan føre til ikkje-medisinske problem, som domfelling og problem med jobb, økonomi, relasjonar og familien.

Symptom på amfetaminbruk

Effektene av kortvarig amfetaminbruk likner effektene av mange andre rusmidler. Det er en kortvarig energisk 'høy', etterfulgt av en 'krasj' eller 'nedtur', som kan omfatte utmattelse, depresjon, forvirring og intens sult.

Dei fysiske symptoma på langvarig amfetaminbruk kan omfatte:

  • depresjon
  • ekstrem utmatting
  • forvirring
  • paranoia
  • hallusinasjonar
  • paranoid psykose (mistar kontakt med den verkelege verda)
  • minnetap
  • svakheit og avmagring av kroppen (kalla kakeksi)
  • tidleg aldring (ser mykje eldre ut enn du eigentleg er)
  • øydelagd hud
  • ei kjensle av insekt som kryp over deg (kalla maur, eller «meth bugs»)
  • hudinfeksjonar frå bruk av sprøyter
  • høgt blodtrykk
  • øydelagde eller nedslitne tenner (frå å skjere tenner)

 

Dersom du får akutte brystsmerter eller pustevanskar etter inntak av amfetamin, er det viktig å ringje 113 for akutt hjelp.

Å oppdage amfetaminmisbruk er ofte enkelt for legar og sjukepleiarar. Mange pasientar blir diagnostiserte på sjukehus etter å ta tatt ein overdose eller treng medisinsk hjelp for skadeverknadene av stoffa.

Behandling av amfetaminmisbruk

Behandling for amfetaminmisbruk startar ofte i desse situasjonane:

  • Etter ein overdose. Dersom du har tatt ein overdose med amfetamin, må du vere på sjukehus mens du blir behandla.
  • Etter at langsiktig amfetaminbruk har skadd helsa så mykje at ein treng medisinsk behandling.
  • Etter ei akuttmedisinsk behandling. Ein person kan ha blitt forgifta av både alkohol og amfetamin og treng akuttbehandling, eller kan ha blitt skadd på grunn av effektane av narkotika eller alkohol.

Akuttbehandling

Dersom du har svelgt amfetamin, kan akuttbehandling innebere å svelgje aktivt kol, enten som tablettar eller som pulver oppløyst i vatn. Kol verkar ved at det fangar opp giftige stoff, slik at kroppen ikkje kan absorbere dei. Dersom kol skal fungere bra, må du ta det innan ein time etter at amfetaminane blei tatte.

Akuttbehandling kan òg omfatte dette:

  • Behandling for å hindre problem med hjartet og blodårer. Amfetaminbruk kan føre til innsnevring av blodårene, noko som kan føre til angina eller hjarteinfarkt.
  • Respiratorbehandling (ventilatorbehandling) for å hjelpe deg med å puste.
  • Behandling for hyperaktivitet (agitasjon) og farleg høgt blodtrykk. Pasienten får gjerne antipsykotiske legemiddel eller legemiddel som roar han ned.

Når tilstanden er stabil, kan du teste deg for smittsame sjukdommar knytte til amfetaminbruk, for eksempel HIV og hepatitt. Nokre av tilstandane treng du behandling for.

Langsiktig behandling

Når du ikkje lenger er i direkte fysisk fare, bør målet for behandlinga vere å slutte med amfetamin. Du kan få hjelp på eigne ruspoliklinikkar. Fastlegen kan tilvise deg dit.

Ei god oppfølging inneber å få hjelp med:

  • Sosiale problem. Dette kan omfatte hjelp til å unngå situasjonar og personar som aukar risikoen for at du rusar deg. Det kan òg vere opplæring i korleis du dannar gode vennskap og fyller dagen med aktivitetar som ikkje dreiar seg om rus.
  • Psykologiske problem. Du kan for eksempel trenge behandling for depresjon. Samanhengen mellom depresjon og rusmisbruk kan fungere begge vegar. Dette inneber at depresjon kan føre til rusmisbruk, og at rusmisbruk kan føre til depresjon. Du kan òg få tilbod om terapi og antidepressive legemiddel. Du kan òg trenge behandling for andre psykiske helseproblem knytte til rusmisbruken.

Som ein del av ei langsiktig behandling kan du òg få tilbod om legemiddel for å redusere trongen til amfetamin. Nokon blir med i kontrollprogram med regelmessig testing av urinprøvar.

Prognose

Eit godt rusbehandlingsprogram som gir hjelp både til psykiske og sosiale problem, ser ut til å vere mest effektivt mot misbruk av amfetamin og andre stoff.

Dersom du får plass på ein rusklinikk, vil resultatet avhenge mykje av kor motivert du er til å slutte med amfetamin, og om du faktisk tar imot den hjelpa du får.

Amfetaminmisbruk. Helsebiblioteket, 2022.

Amphetamine-use disorder (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2022.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Amfetaminmisbruk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 25. oktober 2022 [henta søndag 3. mars 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/rus-og-avhengighet/amfetaminmisbruk/

Sist oppdatert tysdag 25. oktober 2022