Om Dokument

Du kan velje å lagre dokument frå helsetenesta på Helsenorge. Ingen andre enn deg sjølv og dei du gir fullmakt vil kunne sjå dokumenta du har lagra.

Denne tenesta viser dokumenta dine som er lagra på Helsenorge.

Dette kan til dømes vere dokument du har kopiert frå pasientjournalen din.

Meldingar til og frå helsetenesta blir ikkje viste her. Desse blir berre viste som vedlegg i sjølve meldinga.

Dokument som ligg lagra på Helsenorge vil ikkje bli oppdaterte dersom helsepersonell oppdaterer dei i sine system. Hugs derfor på at eit dokument du har valt å lagre på Helsenorge ikkje nødvendigvis er den sist oppdaterte versjonen.

Tilgang

Det er berre du og dei du gir fullmakt til som har tilgang til dokument som er lagra på Helsenorge. Du må også vere logga inn for å kunne hente dei fram og sjå dei.

Sletting

Du kan slette dokument frå denne tenesta, men då blir berre versjonen som ligg på Helsenorge sletta. Behandlaren din kan framleis ha lagra ein versjon av dokumentet hos seg.

Les meir om personvern for tenestene på Helsenorge.

Veiledning Helsenorge

23 32 70 00

Árgabeivviid d. 08:00 - 15:30

Sisdoalu lea almmuhan Norsk helsenett

Norsk helsenett. Om Dokument. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 ođđajagemánnu 20, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 19, bearjadat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/tjeneste-dokumenter/om/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 ođđajagemánnu 20, gaskavahkku