Nettryggleik

Med enkle grep kan du som nettbrukar sjølv hindre at uvedkommande får tak i passord og personopplysningar.

Med enkle grep kan du som nettbruker selv hindre at uvedkommende får tak i passord og personopplysninger.

​​​Råd om tryggleik når du brukar tenestene på helsenorge.no

Ver varsam med lenker du tar imot frå andre

Klikk aldri på lenker til helsenorge.no som du tek imot i ein e-post eller SMS. Skriv alltid adressa til helsenorge.no direkte inn i nettlesaren. Du kan også bruke ein snarveg du har oppretta sjølv.

Kontroller at du er på ID-porten hos DIFI når du loggar på helsenorge.no.
Les meir om pålogging i helsenorge.no.

Ver forsiktig når du brukar andre datamaskiner eller mobile einingar som ikkje er dine. Ikkje bruk offentlege datamaskiner eller einingar på internettkaféar når du skal sjå på helseopplysningane dine.

Bruk passord

Sørg for at opplysningane dine er passordbeskytta. Dersom du lagrar helseopplysningar frå Helsenorge lokalt på eininga di (til dømes journaldokument frå tenesta Pasientjournal), må du sørge for at desse opplysningane er passordbeskytta. Den enklaste måten er å passordbeskytte sjølve eininga der opplysningane er lagra, anten det er PC-en, nettbrettet eller mobiltelefonen.

Logg av når du er ferdig

Logg alltid av helsenorge.no når du er ferdig. Når du loggar av kan ingen finne spor etter opplysningane dine. Slik kan du hindre at uvedkommande misbrukar personopplysningane dine. Dersom du ikkje loggar av, men berre lukkar nettlesaren, kan det ta litt tid før informasjonskapslane (cookies) i nettlesaren blir sletta. Då er det mogleg at andre som brukar maskina etter deg får tilgang til opplysningane dine.

Du kan også forsikre deg om at informasjonskapslane blir sletta når nettlesaren er lukka, ved å endre på innstillingane i nettlesaren din. Vi tilrår at du frå tid til anna kontrollerer at desse innstillingane ikkje er endra.

Tryggleik på nett

  • Slå på automatisk oppdatering av operativsystem, nettlesar og anna programvare. Kontroller om oppdateringane blir gjennomførte, spesielt etter at maskina har vore avslegen over lengre tid.
  • Installer tryggleiksprogramvare som beskyttar mot skadeleg programvare (virus, trojanar) og inneheld brannmur. Kontroller om tryggleiksprogramvara er oppdatert og du har gyldig lisens.
  • Still inn nettlesaren slik at du får ei åtvaring før noko blir lasta ned på PC-en. Gratisprogramvare og fildelingstenester smittar ofte med virus, eller anna skadeleg programvare. Ver kritisk til nedlasting frå ukjende kjelder.
  • Når du vel passord, sørg for at passordet er vanskeleg å gjette og hald det hemmeleg. Bruk gjerne ein frase eller ei setning du veit at du kjem til å hugse.
  • Oppgi aldri PIN-kodar, eingongskodar eller passord etter førespurnad frå nokon, verken på e-post, telefon eller som direkte førespurnad.
  • Ikkje send sensitiv informasjon med e-post, for eksempel fødselsnummer, PIN-kodar, eingongskodar, passord, bank- og kredittkortnummer eller helseopplysningar.
  • Unngå å sende personopplysningar over ukrypterte koplingar på internett. Du kjenner att ei kryptert kopling ved at det står «https://» framfor nettadressa. Står det berre «http://» er koplinga ukryptert, og du skal helst ikkje sende personopplysningar over koplinga. «https://» viser berre at forbindelsen er kryptert, kontroller difor om du er på rett nettstad og ikkje berre ein som liknar.

På nettvett.no finn du informasjon, råd og rettleiing for sikrare bruk av internett

Svindelforsøk på SMS eller e-post

Teikn på at datamaskina di kan vere infisert av skadevare

  • Nye ikon eller ny verktøylinje.
    Visuelle element eller andre ting du ikkje har lagt til på datamaskina sjølv.
  • Popup-annonsar.
    Annonsar som sprett opp også når du ikkje er tilkopla internett.
  • Filer bli sletta automatisk.
    Filer som forsvinn sjølv når dei ikkje er mellombelse systemfiler.
  • Startsida er endra.
    Du får ei anna startside enn du har bedt om når du startar nettlesaren.
  • Ukjende bokmerke.
    Ukjende bokmerke har plutseleg dukka opp i lista di.
  • Tryggleiksprogramvara blir stoppa.
    Du får ikkje installere, køyre, oppdatere eller halde ved like tryggleiksprogramvara di.
  • Du får ikkje avinstallere eit program.
    Skadeleg programvare vil ofte hindre deg i å avinstallere det aktuelle programmet.
  • Du får opp andre nettsider enn dei du ber om.
    Sjølv om du skriv inn adressa direkte, blir du send vidare til andre adresser.
  • Brannmuren ber deg tillate ukjend trafikk.
    Skadeleg programvare kan prøve å få inn fleire og meir skadelege varer ved å be deg opne opp for dei.
  • Datamaskina di sender ut e-postar av seg sjølv.
    Datamaskiner kan bli kapra og settast til å sende ut tusenvis av søppelpostar til kjende og ukjende.
  • Postar på Facebook utan at du ber om det.
    Facebook-virus kan føre til at kontoen din sender meldingar og postar uten at du har bedt om det, eller veit om det.
  • Kontaktane dine tek imot meldingar frå deg som du ikkje har sendt.
    Nokre skadelege programvarer kan kopiere kontaktlista di og sende meldingar til dei utan at du veit om det.

Kva er personopplysningar?

Personopplysningar er vurderingar eller opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson, for eksempel namn, adresse, telefonnummer, bilnummer, fingeravtrykk, bilete og fødselsnummer.

Opplysningar om åtferdsmønsteret ditt er også personopplysningar, for eksempel kva du handlar, kvar du handlar det, kva du ser på TV og kva du søker etter på nettet.

Sensitive personopplysningar er opplysningar som identifiserer for eksempel politisk ståstad, etnisk bakgrunn, religiøs eller filosofisk overtyding, rulleblad, medlemskap i foreiningar, eller seksuelle forhold. Helsetilstanden og -historikken din blir også rekna som sensitive personopplysningar

Du kan lese meir om personvernprinsippa hos Datatilsynet

Elektronisk ID

Elektronisk ID blir brukt til å bekrefte at du er personen du gir deg ut for å vere, og er nødvendig for at du skal få utført tenester frå stat og kommune på nett. Det finst fleire forskjellige former for elektronisk ID, med forskjellige tryggleiksnivå:

BankID

BankID gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om BankID

For å sperre BankID, må du kontakte banken din.

Buypass

Buypass gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Buypass-ID

Du kan sperre Buypass-ID-en på Buypass.no

Commfides

Commfides gir tilgang til offentlege tenester på høgt tryggleiksnivå (nivå 4). Meir informasjon om Commfides

Du kan sperre Commfides-ID-en ved å ringe sperretelefonen på (+47) 21 55 62 80, eller sende ein e-post til sperring@commfides.com. Fyll deretter ut e-posten som skildra på commfides.com og du vil bli kontakta for verifisering av sperringa. Du kan også sperre Commfides-ID-en ved å møte opp i Commfides sine lokale på Lysaker i Oslo.

MinID gir ikkje tilgang til tenestene på Helsenorge

MinID gir tilgang til offentlege tenester på mellomhøgt tryggleiksnivå (nivå 3). Meir informasjon om MinID

Du kan ikkje bruke MinID til å logge på helsenorge.no. Det er fordi MinID er ein elektronisk ID som ikkje har høgt nok tryggleiksnivå. Norske styresmakter har vurdert at ein treng elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå for å få tilgang til tenester som inneheld helseopplysningar.

Rettleiing Helsenorge

23 32 70 00

Måndag–fredag kl. 08:00–15:30

Sisdoalu lea almmuhan Norsk helsenett

Norsk helsenett. Nettryggleik. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2021 cuoŋománnu 12, vuossárga [vižžon 2024 cuoŋománnu 24, gaskavahkku]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/personvern-og-nettsikkerhet/nettsikkerhet/

Maŋimusat ođastuvvon 2021 cuoŋománnu 12, vuossárga