Personvern på Helsenorge

Denne personvernerklæringa handlar om korleis Helsenorge behandlar personopplysningane til dei som besøker dei opne nettsidene.

Helsenorge er ein vegvisar til den offentlege helsetenesta og sjølvbeteningsløysingar på internett. Nettstaden presenterer også informasjon om førebygging, helse, trivnad/velvære, sjukdom, behandling og den enkelte sine rettar som pasient.

Personvernerklæringa inneheld informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar om deg. Informasjon om behandling av opplysningane dine når du brukar tenestene pålogga Helsenorge, finn du på ei eiga side.

Ansvar

Norsk helsenett er behandlingsansvarleg. Det betyr at vi er ansvarlege for behandlinga av personopplysningar på Helsenorge sine opne sider. Vi er også ansvarlege for drift og vedlikehald av nettstaden.

Lenker til eksterne nettsider

På Helsenorge har vi lenker til andre organisasjonar og verksemder. Ver merksam på at personvernerklæringa hos Helsenorge ikkje omfattar desse nettstadene. Når du er innom desse nettstadene, gjeld retningslinjene for den aktuelle nettstaden.

Kva personopplysningar behandlar vi på dei opne sidene?

Nettsidebesøk

Når du besøker Helsenorge, behandlar vi IP-adressa di. Dette er nødvendig for å kunne vise deg innhaldet på sidene. 

Kontaktskjema

Dersom du har spørsmål om tenester, sjølvbeteningsløysingar eller lurer på noko om informasjonen på Helsenorge, kan du ta kontakt med oss via eit kontaktskjema. Då vil meldinga di bli send til rettleiing Helsenorge (telefon 23 32 70 00).

Dersom du brukar kontaktskjema vil namn, e-postadresse og det du skriv i meldinga bli lagra. Meldinga blir sletta etter at rettleiingstenesta har svart på meldinga.

Vi ber om at du ikkje oppgir sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar eller fødselsnummer, då kontaktskjemaet ikkje er sikra (kryptert).

Nettstatistikk

Helsenorge samlar inn nettstatistikk. Føremålet med dette er å betre og vidareutvikle nettstaden.

Du kan lese meir om korleis Helsenorge samler inn statistikk her.

Søkeord

Helsenorge lagrar informasjon om kva søkeord dei besøkande brukar. Formålet med dette er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Vi kan blant anna finne ut kva søkeord som gir treff og kva søkeresultat dei besøkande vel. Berre søkeorda blir lagra. Dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om den besøkande.

Informasjonskapslar

Helsenorge brukar informasjonskapslar for å gjere brukaropplevinga di betre og samle inn statistikk.

Du kan lese meir om Informasjonskapslar her.

Dine rettar

Alle har rett til generell informasjon om Norsk helsenett sin behandling av personopplysningar. Dei vi har registrert personopplysningar om har rett til innsyn i eigne opplysningar. Du har også rett til å få informasjon om kvar personopplysningane er henta frå, kva som er formålet med bruken av opplysningane og om opplysningane blir gitt vidare til nokon andre.

Chatbot på Helsenorge

Chatboten som ligg på Helsenorge er levert av Helsedirektoratet. Helsedirektoratet er behandlingsansvarleg for behandlinga av personopplysningar som skjer i chatboten.

Norsk helsenett behandlar ikkje personopplysningar i samband med bruk av denne chatboten, men legg til rette for at chatboten er tilgjengeleg på Helsenorge. Kommunikasjonen går mellom deg og Helsedirektoratets leverandør.

Dersom du har fleire spørsmål om chatboten si behandling av personopplysningar, kan du ta kontakt med Helsedirektoratets personvernombod på e-post: personvernombud@helsedirektoratet.no.

Kontaktpunkt

Rettleiing Helsenorge
Ring 23 32 70 00
Måndag - fredag klokken 08:00-15:30

Personvernombod
Her finn du kontaktinformasjon til NHN sitt personvernombod.

Datatilsynet
Datatilsynet er tilsynsorgan og kontrollerer at lover og forskrifter som gjeld for behandling av personopplysningar blir følgde.
Telefonnummer: 22 39 69 00
E-post: postkasse@datatilsynet.no
Organisasjonsnummer: 974761467
datatilsynet.no

Sisdoalu lea almmuhan Norsk helsenett

Norsk helsenett. Personvern på Helsenorge. [Interneahtta]. Oslo: Dearvvašvuođadirektoráhta; ođasmahtton 2023 miessemánnu 31, gaskavahkku [vižžon 2024 cuoŋománnu 18, duorasdat]. Oažžumis dáppe: https://www.helsenorge.no/se/personvern-og-nettsikkerhet/personvern/

Maŋimusat ođastuvvon 2023 miessemánnu 31, gaskavahkku