Sexolog

Seksualiteten påverkar den fysiske, psykiske og sosiale helsa vår. Ein sexolog kan hjelpe deg med å løyse eller meistre seksuelle problem.

Kva er ein sexolog?

Tittelen "sexolog" er ikkje beskytta. Det vil seie at alle som arbeider med seksuelle problemstillingar, kan bruke tittelen. Sexologar som bruker bokstavane NACS etter tittelen, er derimot godkjende (autoriserte) av den nordiske foreininga for klinisk sexologi (Nordic Association for Clinical Sexology). Forkortinga NACS etter tittelen tyder at sexologen oppfyller sexologiforeininga sine krav til grunnutdanning, sexologisk utdanning og sexologisk praksis. NACS er ei privat ordning og skal ikkje forvekslast med autorisasjonsordninga styresmaktene har for helsepersonell.

Det finst to typar NACS-autorisering for sexologar som driv klinisk praksis i Noreg:

Spesialist i sexologisk rådgjeving NACS

Disse sexologene har minimum tre års helse- eller sosialfaglig bakgrunn med en godkjent videreutdanning i sexologi og erfaring fra sexologisk rådgivning.

Spesialist i klinisk sexologi NACS

Desse sexologane har ofte fem års grunnutdanning som lege eller terapeut med ei godkjend vidareutdanning i sexologi og erfaring frå sexologisk terapi/rettleiing.

NACS-godkjende sexologar som også er helsepersonell, har teieplikt på lik linje med anna helsepersonell. Tilhøyrer sexologen ei anna yrkesgruppe, vil teiepliktreglane for grunnprofesjonen gjelde. NACS-autoriserte sexologar skal følgje Norsk forening for Klinisk Sexologi sine etiske retningslinjer uavhengig av grunnutdanning.

Kva kan sexologen hjelpe med?

Ein sexolog kan gje råd, førebyggje helseplager og hjelpe deg med å løyse eller meistre seksuelle problem.

Ein spesialist i sexologisk rådgjeving kan blant anna hjelpe enkeltpersonar eller par med:

  • seksuelle funksjonsvanskar
  • problem med lyst, ereksjon eller lubrikasjon (tørr skjede)
  • identitetsutfordringar knytte til kjønn og seksualitet
  • variasjonar av seksuelle tenningsmønster som blir opplevde problematisk
  • traumereaksjonar etter seksuelle overgrep

Ein klinisk sexolog kan i tillegg, avhengig av grunnutdanninga, drive psykoterapi eller medisinsk diagnostikk og behandling.

Korleis går eg fram for å få hjelp frå ein NACS-godkjend sexolog?

Dei fleste sexologar jobbar i privat praksis. Du treng ikkje tilvising frå fastlegen din, men kontaktar dei direkte.

Nokre sjukehus og helsestasjonar har NACS-godkjende sexologar tilsett, og enkelte fastlegar har NACS-godkjend sexologisk kompetanse. Får du behandling på sjukehus og ønskjer samtale med ein sexolog, kan du spørje legen eller sjukepleiaren om korleis du kan få ein time.

Ventetid og betaling

Ventetid vil variere, og er blant anna avhengig av om du søkjer hjelp hos ein privatpraktiserande sexolog eller frå det offentlege helsevesenet.

Dei fleste behandlingar hos NACS-godkjend sexolog blir ikkje dekt av det offentlege. Pris for konsultasjon og ventetid vil variere mellom dei ulike sexologane. 

Får du hjelp frå ein NACS-godkjend sexolog på helsestasjon, betaler du vanlegvis ikkje for konsultasjonen. Får du hjelp i regi av den offentlege helsetenesta, betaler du eigendel på vanleg måte.

Innholdet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert mandag 3. mai 2021