Vitamin B12-mangel
Vitamin B12 er viktig for fleire funksjonar i kroppen, mellom anna for blodcellene og nervesystemet. Symptoma på B12-mangel kan vere diffuse og innebere auka trøyttleik.
Kva er vitamin B12-mangel?
Vitamin B12 er viktig når kroppen lagar nye celler. Blodceller er spesielt sårbare, og B12-mangel kan gi lav blodprosent (anemi). Kroppen treng også vitamin B12 for at nervesystemet ditt skal fungere normalt. For foster og spedbarn er vitamin B12 nødvendig for utvikling av hjerne og nervesystem.
Du kan få vitamin B12-mangel viss:
- du får i deg for lite vitamin B12 gjennom maten
- kroppen ikkje klarer å ta opp nok vitamin B12 frå tarmen
Symptom på vitamin B12-mangel
Symptom på vitamin B12-mangel kan kome gradvis. Nokre har få eller uklare symptom.
Dersom vitamin B12-mangel har ført til blodmangel, kan du:
- bli trøytt og slapp
- bli lettare andpusten
- bli svimmel
Du kan også få raud og sår tunge.
Vitamin B12-mangel kan også gi symptom frå hjernen og nervesystemet. Du kan få:
- prikking eller nummenheit i fingrar og føter
- dårlegare balanse og vanskar med å gå
- psykiske symptom
- hukommelses- eller konsentrasjonsvanskar
Førebygging av vitamin B12-mangel
Eit balansert og variert kosthald er viktig for å få i seg nødvendige næringsstoff. Kjøtt, fisk, sjømat, egg og melkeprodukt er dei viktigaste kjeldene i kostholdet for vitamin B12. Vitamin B12 er ofte tilsett i plantedrikker og andre veganske produkt, som vegansk ost.
Dersom du et lite eller ingen mat frå dyr, kan du ha auka risiko for vitamin B12-mangel. Er du vegetarianar eller veganar, bør du sikre at du får i deg nok vitamin B12 gjennom berika matvarer eller vitamin B12-tilskot. Særleg personar med vegansk kosthald kan ha behov for vitamin B12-tilskot.
Risikofaktorar for B12-mangel:
Du kan ha auka risiko for mangel viss du:
- et lite eller ingen mat frå dyr
- er gravid eller ammar
- spedbarn som blir fullamma etter at dei er 4 månadar gamal.
- er over 60 år gamal og et lite eller einsidig
- har operert bort delar av magesekken eller tarmen
- bruker medisinar som hindrar kroppen i å absorbere vitamin B12, som til dømes syrehemmande medisinar eller metformin (diabetesmedisin)
- har eit høgt alkoholforbruk
- har høgt stoffskifte
Betennelse i magesekken kan hindre at kroppen din tar opp nok næring frå maten. Sjukdommar som gir betennelse i tarmen, slik som Crohns sjukdom eller cøliaki kan også påverke opptaket av B12.
Undersøking av vitamin B12-mangel
Det er viktig å oppdage vitamin B12-mangel tidleg, før du får alvorlege symptom. Lege vil vurdere behovet for å ta blodprøve for å sjekke om du kan ha lavt nivå av vitamin-B12.
Behandling av vitamin B12-mangel
Vitamin B12-mangel blir behandla med vitamin B12-tilskot. Du kan få behandling som tablettar eller sprøyter.
Kva behandling du treng, kjem an på:
- kor alvorleg mangelen er
- om du har symptom frå nervesystemet
- om kroppen din klarer å ta opp vitamin B12 frå tarmen
- kva som er årsaka til mangelen
Nokre treng behandling i ein periode. Andre treng behandling livet ut.
Legen kan ta nye blodprøver for å sjå om behandlinga verkar.