Demens – risiko og førebygging

Alder er den viktigaste risikofaktoren for å utvikle demens: Jo eldre du blir, desto større er risikoen for å få ein demenssjukdom.

Forsking har vist at arvematerialet vårt til ein viss grad er knytt til risikoen for å få Alzheimers sjukdom, som gir den vanlegaste forma for demens. Likevel har under to prosent av alle som får Alzheimers sjukdom, eit gen som gir sjukdomen dominant arveleg liding. Dei andre tilfella har òg ein arveleg komponent. Dette er knytt til fleire forskjellige gen, som truleg gir litt auka sårbarheit for å få Alzheimers sjukdom.


Det er viktig å vere klar over at det blir forska mykje på demens, men at det enno ikkje er sikkert kva som er årsaka til dei fleste demenssjukdomane.

Faktorar som kan påverke utvikling av demens

Helsemessige risikofaktorar

Nokre helsemessige faktorar er knytte til auka risiko for demens, blant anna

  • høgt blodtrykk
  • fedme
  • diabetes

Dette gjeld særleg midt i livet. Når du blir eldre, er det mykje som tyder på at det er motsett, til dømes at lavt blodtrykk og lav vekt aukar risikoen for demens. Dette kan vere fordi ein byrjande demenssjukdom senkar blodtrykket og reduserer vekta di. Høgt blodtrykk, fedme og diabetes aukar òg risikoen for hjarte- og karsjukdomar. Det som er skadeleg for hjartet, ser òg ut til å vere skadeleg for hjernen.

Utdanning og mental aktivitet

Lav utdanning er ein risikofaktor for demens, og undersøkingar tyder på at lav mental aktivitet seinare i livet òg bidrar til risiko. Det er viktig å stimulere hjernen med nye utfordringar i kvardagen.

Depresjon

Gjentekne moderate eller tunge depresjonar i løpet av livet er knytte til litt auka risiko for demens.

Fysisk aktivitet

Regelmessig fysisk aktivitet reduserer risikoen for demens. Moderat fysisk aktivitet, til dømes tre gongar 40 minutts gonge i raskt tempo kvar veke, kan vere nok til å senke risikoen.

Røyking

Røyking gir auka risiko for demens når du blir eldre. Undersøkingar viser at dei som har røykt i mange år, har større risiko for å utvikle Alzheimers sjukdom. Dersom du sluttar å røyke, går risikoen ned med tida.

Kosthald

Eit kosthald med høgt inntak av grønsaker, frukt, fullkornsprodukt, belgfrukter, fisk og planteoljar kan redusere risikoen for demens.

Alkohol

Eit høgt forbruk av alkohol er skadeleg for hjernen og kan i nokre tilfelle føre til demens.

Gjentekne hovudskadar

Gjentekne hovudskadar eller hyppige slag mot hovudet ser ut til å auke risikoen for nokre typar demens.

Nedsette sansar

Med alderen blir sansane våre svekka. Det er blant anna påvist ein samanheng mellom nedsett høyrsle og auka risiko for demens. Dette seier noko om kor viktig det er å bruke hjelpemiddel for å betre høyrsla.

Dette kan du gjere for å førebygge demens

Det er ting du kan gjere for å redusere risikoen for å utvikle demens. Viktige førebyggande tiltak er å

  • leve og ete sunt
  • vere sosial
  • ha eit aktivt liv, både fysisk og mentalt

Sjølv om du følger råda, har du dessverre ingen garanti mot å utvikle demens. Dersom du har symptom på høgt blodtrykk, fedme, diabetes eller depresjon, er det viktig at du blir utreidd og behandla for dette.

Sykepleier snakker med eldre mann på gamlehjem.

Hva er demens?

Det viktigste kjennetegnet på demenssykdom er hukommelsessvikt. Alzheimers sykdom den vanligste formen for demens.

Illustrasjon: Gabby Baldrocco / Mostphotos

Nasjonalforeningen for folkehelsen

Frivillig organisasjon som arbeider for å bekjempe hjerte- og karsykdommer og demens.

Demenslinjen

23 12 00 40

Demenslinjen er en tjeneste for deg som trenger råd og informasjon om demens.

Nasjonalt senter for aldring og helse

Temaside om demens der du finner nyttig informasjon om demens og gode tjenestetilbud for personer med demens.

Folkehelseinstituttet

Du kan lese mer om demens på FHI sine sider.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Demens – risiko og førebygging. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 10. oktober 2022 [henta laurdag 14. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/demens/risiko-og-forebygging/

Sist oppdatert mandag 10. oktober 2022