Diabetes og førarkort

Kva reglar som gjeld for deg som har diabetes avheng både av korleis din diabetes blir behandla, og kva køyretøyklasse du treng. Alle personar med diabetes må levere helseattest for å få eller fornye førarkort.

Du kan kjøre bil ved diabetes, men du trenger legeattest.

Bilkøyring og diabetes

Lågt blodsukker (hypoglykemi) påverkar hjernen og gjer at du ikkje kan køyre bil. Viss du får lågt blodsukker under køyring, kan du ikkje fortsette køyringa før blodsukkeret er over 5 mmol/l. Lågt blodsukker kan nokon gonger oppstå fort og utan at du merkar det, og som bilførar har du eit særskilt ansvar for å unngå dette.

Brukar du insulin eller andre blodsukkersenkande legemiddel, skal du:

  • alltid ha sukkerholdig mat eller drikke i bilen
  • vite kva blodsukkeret ditt er når køyreturen startar
  • ta nok pausar for å måle blodsukkeret ditt på lange køyreturar
  • ha god kontroll på blodsukkeret ditt

Personar med langvarig diabetes, og dei som har svært godt kontrollert diabetes med lågt langtidsblodsukkar (HbA1c), kan ha redusert evne til å merke lågt blodsukker. I slike høve må du alltid måle blodsukkeret rett før køyring og kontrollere blodsukkeret regelmessig under køyring.

Viss du får alvorleg hypoglykemi og må ha hjelp av andre, kan du miste førarkortet for ein periode.

Personar med diabetes som brukar medisinar som senker blodsukkeret, må søke om nytt førarkort innan 1. januar 2023 viss førarkortet er gyldig i meir enn fem år. Du må ha helseattest for å få nytt førarkort.

Når du skal fornya førarkortet hos Statens vegvesen kan du gjera det på to ulike måtar:

  1. Sende helseattesten frå legen (og som regel ein synstest frå optikar eller augelege) til trafikkstasjonen der du bur. Du får da ein melding om når du skal gå inn på vegvesen.no for å bekrefte fornyinga. Deretter får du nytt førarkort i posten.
  2. Bestille ein time på trafikkstasjonen der du bur, og ta med helseattesten frå legen, som regel ein synstest frå optikar eller augelege, og gyldig ID. Da får du nytt førarkort medan du er der, men det er eit litt høgare gebyr.

Helseattest for førarkort ved diabetes

Ved diabetes treng du alltid helseattest når du skal få førarkort for fyrste gong eller når det skal fornyast. Vanleg varigheit på eit førarkort er 15 år for førarkortgruppe 1, og 5 år for førarkortgruppe 2 og 3. Viss du brukar blodsukkersenkande legemidlar blir varigheit på førarkortet redusert.

Helseattesten kan du vanlegvis få av fastlegen din. Du kan òg få han av lege på diabetespoliklinikken om legen har nok opplysningar om deg til å vurdere om helsekrava er oppfylte.

I helseattesten skal legen blant anna vurdere føljetilstander som:

  • diabetisk augebotnforandring (diabetes retinopati)
  • diabetisk nerveskade (diabetes nevropati)
  • diabetisk nyreskade (diabetes nefropati)
  • hjarte- og karsjukdomar

Legen vil òg vurdere andre relevante helsekrav, som kva medisinar du brukar.

I tillegg til helsevurderinga skal legen vurdere om det er risiko for at din medvitne tilstand kan bli påverka under køyring. Lågt blodsukker kan gi deg svekka merksemd, og svært høgt blodsukker kan påverke synet. Det kan auke risikoen for uhell i trafikken.

Kostregulert diabetes

Du kan få helseattest med anbefaling om vanleg varigheit på førarkortet om du kontrollerer diabetes med kosthaldet aleine, og ikkje brukar diabetesmedisin. Det gjeld berre om legen vurderer at:

  • det ikkje er fare for at du får nedsett medviten medan du køyrer
  • sjukdommen ikkje har ført til nedsett funksjon i delar av kroppen som gjer at du har økt risiko for ulykker i trafikken

For å få helseattest med anbefalt vanleg varigheit på førarkortet må du følgjes opp av lege etter behov. Dersom det ikkje skjer vesentlege endringar i helse eller sjukdom, trenger du ikkje ny helseattest før førarkortet skal fornyast etter 15 år (eller 5 år ved førarkortgruppe 2 og 3).

Diabetes som regulerast med blodsukkersenkande medisinar

Om du brukar medisin for diabetes som senkar blodsukkeret ditt kan du få helseattest med anbefaling om førarrett. I førarkortgruppe 1 kan du få førarkort med inntil 5 års varigheit. I førarkortgruppe 2 og 3 kan du få førarkort med inntil 3 års varigheit.

Dette gjeld om legen vurderer at:

  • det ikkje er fare for at du får nedsett medviten medan du køyrer
  • sjukdommen ikkje har ført til nedsett funksjon i deler av kroppen som gjer at du har økt risiko for ulykker i trafikken

Helsekrav ved bruk av medisinar som kan gi lågt blodsukker

Medisinar som kan gi lågt blodsukker er:

  • insulinar og insulinanalogar
  • sulfonylurea-preparatar (glibenklamid, glipizid og glimepirid).

Dette gjeld òg om du brukar insulinpumpesystem, sjølv om desse har insulinpumpe kopla til sensor.

Krava gjeld òg om du brukar insulin i ein kortare periode, til dømes ved svangerskapsdiabetes.

Om du brukar medisinar som kan gi lågt blodsukker er det forskjellige helsekrav for dei ulike førarkortgruppene.

Helsekrav for førarkortgruppe 1

  • du kan få helseattest med anbefaling om førarrett i inntil 5 år viss du ikkje har hatt eller berre har hatt eit anfall med alvorleg hypoglykemi det siste året
  • har du hatt eit anfall med alvorleg hypoglykemi det siste året skal det settast i gong tiltak for å forbyggje fleire anfall

Helsekrav for førarkortgruppe 2 og 3

  • du kan få helseattest med anbefaling om førarrett i inntil 3 år viss du ikkje har hatt anfall med alvorleg hypoglykemi det siste året
  • du må ha god forståing for utvikling av hypoglykemi
  • du må følge legens råd
  • du må kontrollere blodsukkeret ofte
  • du må vise fram ein logg over blodsukkeret dei siste tre månadene, som regel frå måling med sensor.

Ved bruk av medisinar som kan gi lågt blodsukker kan du ikkje køyre utrykningskøyretøy og ikkje få køyreseddel for persontransport med buss.

Oppfølging etter hendingar med alvorleg hypoglykemi

Førarkortgruppe 1

Om du opplever éit tilfelle med alvorleg hypoglykemi skal det settast i gong tiltak for å førebyggje fleire. Om det ikkje har vore fleire slike hendingar dei siste 12 månadene, og du allereie har eit førarkort med redusert varigheit, er det ikkje nødvendig med ny helseattest.

Du kan få "munnleg køyreforbod" frem til legen din meiner at helsekrava er oppfylt. Dersom du treng ny helseattest kan legen gi deg helseattest med anbefaling om førarrett i inntil 5 år.

Om du opplever alvorleg hypoglykemi fleire gonger på 12 månader vil du få køyreforbod i minst 3 månader. For å køyre bil igjen må du vurderast av ein spesialist i indremedisin eller endokrinologi (hormonsystemet). Spesialisten må bekrefte at risikoen for eit nytt anfall i våken tilstand er svært låg. 3 månader etter hendinga kan du få ny helseattest av spesialist, og spesialisten kan anbefale førerett i inntil 1 år.

Viss du ikkje opplever fleire hendingar med alvorleg hypoglykemi dei neste 12 månadene kan du deretter få helseattest som anbefaler førerett i inntil 5 år.

Krava for å ha førarrett etter anfall med alvorleg hypoglykemi er at:

  • det settast i gong tiltak for å forebygge nye anfall
  • du forstår korleis symptoma på lågt blodsukker (blodsukker under 4mmol/l) utviklar seg og farane det kan føre med seg
  • du veit at du ikkje kan køyre bil om blodsukkeret ditt kan vere lågt eller fallande, sjølv om du ikkje merkar teikn på lågt blodsukker
  • du følgjer legens anbefalingar. Det gjeld òg anbefalinga om eigenmåling av blodsukker før og medan du køyrer
  • du følgjes opp vidare av lege slik at legen kan vurdere om tiltaka som ble iverksett er nok og at helsekrava dermed er oppfylt

Tiltaka som skal settast i gong etter anfall med alvorleg hypoglykemi kjem an på årsaka til hendinga. Tiltak kan til dømes vere:

  • Opplæring i blodsukkerkontroll og om risikofaktorar for alvorleg hypoglykemi
  • Om anfallet skjedde i forbindelse med alkoholinntak kan du få nokre forsiktigheitsreglar knytt til det
  • Om du har svake varselsymptom på lågt blodsukker kan du ha nytte av å begynne med sensor
  • Om blodsukkeret ditt svingar mykje når du set insulin med penn, kan insulinpumpe med sensor vera til hjelp

Det gjeld eigne føringar om du berre har fått alvorleg hypoglykemi medan du søv. Meir info finn du i Helsedirektoratet sin førarkortrettleiar.

Førarkortgruppe 2 og 3

Om du har hatt eit anfall med alvorleg hypoglykemi ein gong i løpet av dei siste tolv månadene er ikkje helsekrava oppfylt. Du kan likevel få helseattest etter ein individuell vurdering hos spesialist. Då får du først ein helseattest med inntil eit års varigheit og seinare kan du få ein helseattest med inntil tre års varigheit.

Helseattesten må bli skrevet av ein spesialist i indremedisin eller endokrinologi (hormonsystemet). Først må du gjennom ein observasjonstid på minimum tre månader etter at endringar av behandling og kontroller er gjennomført . Kva endringane kan vere vart beskrive under Førarkortgruppe 1.

Det er òg eit krav at spesialisten bekreftar at endra behandlings- og kontrollopplegg har gjort at det er svært låg risiko for at du får eit nytt anfall med alvorleg hypoglykemi. I tillegg må du ha gjennomført ein kontinuerleg vevsglukosemåling i minst fem dagar, med eit tilfredsstillande resultat.

I tillegg gjeld at du:

  • veit om situasjonar kor du kan få lågt blodsukker og farane det fører med seg
  • veit korleis du regulerer blodsukkeret til et nivå som er foreinleg med køyring
  • følgjer legens råd og anbefalingar
  • kontrollerer blodsukkeret ditt minst to gonger dagleg, ikkje meir enn to timer før køyrestart og kvar andre time, eller oftare om det er nødvendig, inntil køyringa er avslutta
  • har årleg oppfølging av diabetes. Oppfølginga inkluderer ein logg med målinga av blodsukkeret ditt for dei siste tre månadene. Loggen skal som hovudregel gjennomførast med kontinuerleg vevsglukosemålar (sensor).

Om du har opplevd alvorleg hypoglykemi fleire gonger dei siste 12 månadene er ikkje helsekravet for førarkortgruppe 2 og 3 oppfylt. Du vil då miste førarkortet inntil vidare.

Førarkortrettleiaren til Helsedirektoratet. I rettleiaren er óg detaljene i krava godt greidd ut om.

Innholdet er levert av Helsedirektoratet

Sist oppdatert fredag 17. juni 2022