Seinskadar av diabetes

God kontroll av blodsukkeret reduserer risiko for komplikasjonar og seinskadar som hjarte- og karsjukdom og skadar på auge, nyrer og føter.

Diabetes kan gi senskader på blodårene i øynene.

Illustrasjon: Colourbox

Oppsummering

Diabetes kan over tid føre til skadar på dei små blodårene i augene (retinopati), i nyrene (nefropati) og i nervane (nevropati).

Diabetes kan også føre til arteriosklerose eller åreforkalking i dei store blodårene som forsyner hjertet, hjernen og føtene med blod.

Ereksjonsproblem

Både problemer med nervesystemet og problemer med blodtilførselen kan føre til ereksjonsvikt, og menn med diabetes har derfor økt risiko for dette.

I tillegg kan noen blodtrykksmedisiner medvirke til ereksjonsproblemer. De fleste kan få ereksjonen tilbake igjen ved behandling.

Risikofaktorer og forebygging

Risiko for seinskadar er redusert dersom du har god blodsukkerkontroll, det vil seie at du stort sett ligg under den HbA1c-verdien som du og legen din har sett som mål for behandlinga. I tillegg heng risikograd for skadar på blodårer og nervar saman med høgt blodtrykk og/eller for høgt innhald av feittstoff (kolesterol) i blodet.

Les meir om kolesterol og høgt blodtrykk og kva du kan gjere for å redusere risikoen.

Det viktigaste du kan gjere for å redusere risiko for å utvikle alvorlege seinskadar, i tillegg til god blodsukkerregulering:

Behandling

Behandling av seinskadar og eventuelle tilleggssjukdomar, dersom slike skulle oppstå, blir heile tida betre.

Laserbehandling i rett tid kan hindre alvorlege augekomplikasjonar og at du blir blind. Utvikling av nyresjukdom kan førebyggast ved god blodsukker- og blodtrykkbehandling.

Fotpleie og god eigenbehandling av føter ved nerveskade (nevropati) i føtene kan hindre fotsår og amputasjon. Les meir om diabetes og føter.

Du kan også få god hjelp ved andre former for nerveskade (potensproblem/ereksjonssvikt og mage- og tarmproblem).

Behandling for ulike typar hjarte- og karsjukdom kan hindre hjarte- og hjerneinfarkt.