
Reseptfrie smertestillende medisiner
Når kan du bruke reseptfrie smertestillende, hvilke smertestillende bør du bruke og hvilke bør du være forsiktig med?
Illustrasjon: Scanstock Photo
Feberkrampar er relativt vanleg hos barn under fem år. Anfallet går som regel raskt over, og det er sjeldan grunn til bekymring.
Feberkrampar skjer hos opptil 5 av 100 barn under 5 år. Barn kan få feberkrampar frå dei er nokre få månader gamle. Krampane startar ved stigande feber, og krampane er vanlegvis kortvarige og ufarlege. Dei vanlegaste tilstandane som forårsakar feberkrampar, er luftvegsinfeksjonar.
Denne artikkelen handlar om enkle feberkrampar.
Symptoma på feberkrampar kan vere skremmande.
Dei fleste barn som har enkle feberkrampar, skjelv eller ristar like mykje på begge sider av kroppen. Dei kan òg bli heilt stive i kroppen. Anfallet går vanlegvis over i løpet av eit par minutt.
Dersom barnet ristar meir på den eine enn på den andre sida av kroppen eller anfallet varar i meir enn fem minutt, kan barnet vere råka av komplekse feberkrampar. Desse er meir alvorlege og forbunde med høgare risiko for å få epilepsi. Dersom barnet har slike symptom, bør du ringje 113. Barn fell ofte i djup søvn etter eit slikt anfall.
Ta alltid kontakt med lege dersom du er bekymra, eller dersom barnet ditt har hatt eit krampeanfall og får eit nytt i løpet av dei neste 24 timane.
Dersom barnet ditt har hatt feberkrampar tidlegare, er det kanskje ikkje nødvendig å kontakte lege.
Ta alltid kontakt med lege dersom du er bekymra, eller dersom barnet ditt har hatt eit krampeanfall og får eit nytt i løpet av dei neste 24 timane.
Mange tilstandar kan forårsake feber. Dei vanlegaste tilstandane som forårsakar feberkrampar, er øyre- eller halsbetennelse.
Det finst ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon på at febernedsetjande legemiddel kan førebyggje feberkrampar.
Det er derimot viktig at barnet følgjer vaksinasjonsprogrammet som blir tilbydd på helsestasjonane. Enkelte vel i tillegg å vaksinere barna sine mot influensa og vasskoppar.
Legen vil undersøkje barnet med tanke på årsak til feberen. Barnet kan kanskje trenge behandling for ein infeksjon. Eit ledd i ei utgreiing vil kanskje vere å ta ein blod- eller urinprøve. Dess yngre barnet er, dess meir sannsynleg er det at legen tilviser dykk til sjukehus.
Barnet blir òg tilvist til sjukehus dersom legen mistenkjer ein hjernehinnebetennelse (meningitt). Hjernehinnebetennelse kan nokre gonger forårsake krampar. Det er ein alvorleg infeksjon, men er sjeldan direkte årsak til feberkrampar.
Dei fleste feberkrampar går raskt over og treng inga ytterlegare behandling. Dei fleste tilstandane som kan utløyse feberkrampe, kjem av virus, ikkje bakteriar. Antibiotika har ikkje effekt på virus og er derfor sjeldan brukt i behandling av feberkrampar.
Smertestillande som paracetamol og ibuprofen kan redusere feber og såleis redusere sjukdomskjensla. Desse kan ein få reseptfritt på apoteket. Paracetamol kan brukast til barn frå 3 månaders alder, og er førstevalet ved behov for smertestillande eller febernedsetjande legemiddel hos barn. Ibuprofen kan brukast til barn over 6 månader.
Paracetamol har få biverknader, men kan ved for høge dosar gi leverskade. Dette kan i verste fall vere dødeleg. Det er derfor viktig ikkje å overskride tilrådd dose. Ibuprofen kan av og til gi mageknip.
Norske legar skriv ut midazolam munnvatn etter første gongs feberkrampe dersom barnet er over 6 månader gammalt. Det kan brukast dersom barnet skulle få eit nytt feberkrampeanfall som varar over tre til fem minutt. Munnvatnet skal sprøytast inn mellom tannkjøt og kinn når barnet ligg på sida under krampeanfallet.
Når kan du bruke reseptfrie smertestillende, hvilke smertestillende bør du bruke og hvilke bør du være forsiktig med?
Illustrasjon: Scanstock Photo
Barn blir heilt bra etter eit enkelt feberkrampeanfall. Eitt av tre barn som har hatt eitt tilfelle av feberkrampar, kan få eit nytt anfall når dei får nye episodar med feber.
Feberkrampar har ikkje noko å seie for barnet si utvikling eller læringsevne. Barn som har hatt feberkrampeanfall, gjer det like bra på skulen som andre barn, og dei fleste veks det vanlegvis av seg ved fem eller seks års alder.
Barn som har hatt feberkrampar, har likevel ein lett forhøga risiko for å utvikle epilepsi seinare i livet. Ca. 1 av 100 friske barn som har hatt feberkrampar som små, utviklar epilepsi når dei blir eldre. Epilepsi er ein tilstand der barnet får gjentatte krampeanfall.
Feberkramper hos barn.Helsebiblioteket, 2022.
Febrile seizures (PDF). Originalbrosjyrer fra BMJ Best Practice. 2022.
Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ
Sist oppdatert tysdag 13. september 2022