Heteslag og råd ved hetebølgjer

Overoppheting med auka kroppstemperatur kan oppstå ved høge temperaturar. Dette kan føre til heteslag, også kalla solstikk. Eldre og personar med kroniske sjukdomar er spesielt utsett. Heteslag kan også oppstå ved hard fysisk anstrenging.

Det er særleg to typar helseskadar ved hetebølgjer; overoppheting som kan gi heteslag, og dehydrering. Heteslag er ein livstruande sjukdom med kroppstemperatur over 40 grader C. Oppheting er mindre alvorleg enn heteslag, men har mange av dei same symptoma.

Symptom på heteslag (overoppheting) og dehydrering

Vanlege teikn og symptom er:

  • hovudverk
  • tørste
  • svimmelheit og auka tendens til å falle
  • kvalme og oppkast
  • muskelsvakheit
  • at du et og drikk mindre enn vanleg
  • gradvis redusert urinproduksjon, pustevanskar og tørr hud
  • akutt forvirring, krampar og koma ved alvorlege former

Dersom symptom på heteslag oppstår, ta kontakt med legevakt, lege, eller anna helsepersonell. Ved alvorlege tilfelle, ring 113.  

Kva er ei hetebølgje?

Norsk hetebølgje er definert som ein periode på fem eller fleire samanhengande dagar der makstemperaturen er 27 grader eller høgare.

Råd for å unngå oppheting og dehydrering

Dei viktigaste råda for å takle hetebølgje er:

  • drikk rikeleg med vatn eller anna alkoholfri drikke
  • bruk lette, luftige og lyse klede
  • dusj eller bad i kjølig vatn, eventuelt legg våte handklede på huda
  • opphald deg i kjølige rom
  • reduser fysisk aktivitet

Desse er spesielt utsette for heteslag

Enkelte grupper er særleg utsette for skade og død ved hetebølgjer. Det gjeld:

  • eldre som er skrøpelege
  • personar med demens
  • personar med alvorlege kroniske sjukdomar, til dømes hjarte- og karsjukdomar
  • personar som bur under dårlege sosiale forhold, for eksempel personar utan høve til avkjøling

Ver merksam på personar med auka risiko

Kjenner du nokon som er i faresona for oppheting og dehydrering? Da er det fint å  besøke eller ringje dei ofte om det er ekstra varmt.

Helse- og omsorgstenestene kan evakuere utsette personar og sørgje for å dekke dei grunnleggjande behova, som riktig temperatur, mat og drikke. Medisinsk behandling blir gjeven av lege- eller helsepersonell.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet

Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet. Heteslag og råd ved hetebølgjer . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 20. juni 2025 [henta onsdag 2. juli 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/heteslag-og-rad-ved-hetebolger/

Sist oppdatert fredag 20. juni 2025