Kva vil du vite meir om?
Det er spesielt viktig at barn og unge under 18 år, gravide og ammande tek jodtablettar dersom det skjer eit atomuhell. Dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen om dei blir utsette for radioaktiv jod.
Du skal ikkje ta jodtablettar førebyggande. Du skal berre ta jodtablettar etter råd frå styresmaktene. Dersom det skjer ei atomulykke, vil du få informasjon om kva du skal gjere gjennom media, relevante styresmakter og www.dsa.no.
Styresmaktene rår vaksne mellom 18 og 40 år til å kjøpe jodtablettar på apoteket for å ha heime til heilt spesielle tilfelle. Du blir i så fall varsla.
Nei. Føremålet er å ha tablettane i beredskap på skule / i barnehage / på institusjon.
Ja. Du skal få i deg store mengder kosttilskot med jod for at det skal ha same effekt som jodtablettar.
Det finst ikkje noko intravenøst alternativ til jodtablettar. Nokre barn eller vaksne som ikkje har tilstrekkeleg opptak av næring frå tarmen, kan likevel ta opp noko jod. Det kan vere eit alternativ å ta jodtablettar, men ein slik bruk må vere avtalt med legen som kjenner barnet eller ungdomen (eller den vaksne) på førehand.
Du kan lese meir om korleis det er mogleg å gi jodtablettar i sonde/PEG her (pdf).