Kva er fremre korsbandskade? 

Korsbandskade er heil eller delvis avriving av fremre korsband. Denne type skade skjer oftast når kneet blir utsatt for ein vriding. 

Kneleddet haldast stabilt av leddband på utsida og innsida av kneet. Leddbanda inne i kneet blir kalla korsband og bidrar med å stabilisere kneet og hindre uønskt glidning og rotasjon. Vi har eit fremre og eit bakre korsband.  

Dei aller fleste skader på korsbanda skjer på det fremre korsbandet. Ofte høres et knepp i det skaden oppstår. Det er òg vanleg at andre delar av kneet blir skadde samtidig, til dømes menisk eller andre leddbånd.

Årsaker til korsbandskade 

Avriving av fremre korsband er vanleg i idrettar som inneber raske vendingar, vridingar eller hopping. 

Symptom på korsbandskadar

Fremre korsbandskade fører ofte til: 

  • sterke smerter i kneet
  • hevelse i kneleddet
  • redusert rørsle og kjensle av ustabilt ledd
  • vanskar med å stå på beinet

Når bør du kontakte lege? 

Du bør kontakte fastlege eller legevakt dersom: 

  • du har sterke smerter frå kneet
  • kneet hovnar raskt opp etter ein skade 
  • kneet kjennest ustabilt eller gir etter 
  • du ikkje klarer å støtte på beinet
  • du har redusert evne til å bøye eller rette ut kneet 

Du bør få kneet vurdert av lege i løpet av få dagar etter skaden.  

Behandling av korsbandskadar

Diagnosen blir vanlegvis stilt ved undersøking av kneet, og i en del tilfelle med MR-undersøking.  

Behandlinga blir tilpassa deg og behovet ditt. Val av behandling avheng av: 

  • kor ustabilt kneet er 
  • om du har andre skadar i kneet 
  • kva aktivitetsnivå du ønskjer å komme tilbake til 

Målet med behandlinga er å gjenoppretta funksjon og stabilitet i leddet. Det er vanleg å bli tilvist vidare til spesialist for vurdering. Mange klarer seg godt med opptrening utan operasjon, medan andre kan ha nytte av kirurgi.  

Med en gang etter skaden 

Førstehjelp ved fremre korsbandskade 

Like etter skaden kan du gjere tiltak for å redusere smerte og hevelse:  

  • Kvile: Hald kneet mest mogleg i ro dei første dagane, men unngå å vere heilt i ro over tid 
  • Kjøling: Kneet bør kjølast ned så raskt som mogleg etter skaden. Kjøl ned i 10–20 minutt om gongen. Bruk til dømes ein pose med is eller frosne erter pakka inn i eit handkle 
  • Kompresjon: Bruk elastisk bandasje for å redusere hevelse 
  • Elevasjon: Hald beinet heva når du kviler 

Når smertene tillèt det, er det anbefalt å starte med forsiktig rørsle og gradvis belastning. 

Andre tiltak i akuttfasen 

Smertestillande legemiddel som paracetamol og ibuprofen kan redusere smerte og hevelse. Snakk med lege eller apotek før bruk av slike legemiddel, spesielt dersom du har andre sjukdommar, brukar andre medisinar eller er gravid. 

Du kan få råd om å bruke krykker eller ei kneskinne for å avlaste kneet. 

Bruk av krykker kort tid etter skaden avlaster kneet og kan bidra til å redusere smerter, hevelse og stivheit.  

Etter den første fasen kan skånsam tilrettelagt aktivitet vere nyttig, til dømes sykkel eller i symjebasseng. Dette gjer at du får rørt kneet utan for stor belastning. Snakk med fysioterapeuten eller legen om korleis du bør starte og kor raskt du kan auke aktiviteten.  

Fysioterapi og opptrening utan kirurgi 

Pasientar med fremre korsbandskade bør starte med opptrening hos fysioterapeut så snart som mogleg. 

Treninga tek sikte på å: 

  • styrkje musklane rundt kneet.  
  • Betre stabiliteten 
  • Redusere risiko for nye skadar  

Fysioterapi kan òg lære deg å bruke kneet på ein trygg måte i kvardagen som reduserer risikoen for nye skadar. I periodar kan det vere nødvendig å redusere eller unngå enkelte aktivitetar til kneet blir betre. 

Oppfølginga hos fysioterapeut varar ofte i fleire månadar og kan vere nødvendig i opptil eitt år.

Kirurgi 

Om ikkje opptreninga gir gode resultat, kan det vere aktuelt med operasjon.  

Operasjonen gjerast vanlegvis med kikholskirurgi.  

Dersom du skal opererast, skjer dette vanlegvis først når hevelsen har gått tilbake og rørsla i kneet er betra.  

Etter operasjonen er det viktig med strukturert opptrening hos fysioterapeut. Rehabiliteringa tek tid, og du vil trenge oppfølging i fleire månader.

Prognose

Personar som har hatt skade på korsbandet har auka risiko for: 

  • å pådra seg ein ny skade 
  • instabilitet i kneet 
  • utvikling av artrose (slitasjegikt)  

God styrke, balanse og teknikk er viktig for å førebyggja ny skade.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Korsbåndskade - fremre. Oslo universitetssykehus HF, 2024

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Korsbandskade (fremre). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 17. august 2026 [henta fredag 11. september 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/korsbandskade/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?