Hiv og aids
Les om hiv og aids, symptomer, forløp og hvordan det er å leve med diagnosen.
Du kan sjekke deg gratis for hiv og andre seksuelt overførbare infeksjonar. Her får du informasjon om testen, og kvar du kan ta hurtigtest for hiv og enkelte andre seksuelt overførbare infeksjonar.
Har du vore i ein situasjon med mogleg risiko for smitte for mindre enn 48 timar sidan, er det mogleg å oppsøkje legevakta og be om ein medisinkur som kan hindre at hiv-viruset etablerer seg i kroppen. Denne kuren heiter PEP (posteksponeringsprofylaktisk behandling). Seksuelt aktive menn som har sex med menn, har større risiko for å bli smitta med hiv.
Har du eit aktivt seksualliv med fleire partnarar, er det tilrådd at du testar deg rutinemessig minst éin gong i året. Du bør teste deg oftare dersom du har usikker sex eller har opplevd kondomsprekk.
Dersom du er usikker, er det best å få vite kva hiv-status du har. Testar du negativt, slepp du å uroe deg for di eiga helse. Testar du positivt, får du nødvendig oppfølging for å førebyggje alvorleg sjukdom knyta til hiv-infeksjonen. Ubehandla hiv-infeksjon kan føre til at immunforsvaret ditt blir alvorleg svekt, og til alvorlege helseplager som aldri forsvinn.
I tillegg har hiv-positive som får rett medisinsk behandling, minimal risiko for å smitte andre. Ikkje alle som blir smitta med hiv får sterke symptom, så du kan vere smitta utan å vite om det sjølv. Det er derfor risikabelt å vente for lenge med å bli testa.
Hurtigtesten blir gjort ved at du får eit stikk i fingeren. Bloddropen blir blanda med kjemikaliar, og det tek berre nokre sekund før svaret er klart. Testresultatet ved hurtigtest blir rekna som svært påliteleg, men ved positivt svar blir det alltid teke ein vanleg blodprøve som blir sendt til laboratorium for analyse.
I ein innleiande samtale får du vite at ein hiv-test gir omtrent 80 prosent sikkert svar to til tre veker etter eventuelt smittetidspunkt. Først etter tre månader kan testen gi 100 prosent sikkert svar. Du får òg svar på eventuelle spørsmål du måtte ha om testen.
Helsepersonell har teieplikt, og du har krav på konfidensiell behandling. I samband med testen kan du få svar på spørsmål om sikrare sex og informasjon om korleis hiv smittar.
Du har òg høve til å ta opp andre spørsmål om seksuelle utfordringar, seksuell identitet, samliv og relasjonar.
Dei aller fleste testar negativt. Ein negativ test er ein god indikasjon på at du ikkje er smitta med hiv. Ein hiv-test gir omtrent 80 prosent sikkert svar to til tre veker etter eventuelt smittetidspunkt. Først etter tre månader kan testen gi 100 prosent sikkert svar. Har det gått mindre enn tre månader, kan du avtale ein ny time for å få teke ein test som er 100 prosent sikker.
Ein negativ test vernar deg ikkje mot framtidig smitte, og det er viktig at du held fram med å ta forholdsreglar for å unngå smitte. Då unngår du å øydeleggje gode seksuelle erfaringar med uro og anger.
Eit positivt prøvesvar tyder at du er smitta med hiv, og det kan vere ein tung beskjed å få for dei aller fleste. Men du er i gode hender.
Du får tilbod om å halde fram med samtalar der du testa deg. Du får hjelp til å kontakte ein venn, partnar eller eit familiemedlem dersom du treng nokon å vere saman med etter å ha teke imot testresultatet. Teststaden tilviser deg til ei infeksjonsmedisinsk avdeling, der du får oppfølging og behandling.
Ein positiv hiv-test er ingen «dødsdom». Med rett medisinsk oppfølging kan ein leve eit langt og godt liv som hiv-positiv. I tillegg har hiv-positive som får rett medisinsk behandling, minimal risiko for å smitte andre.
Les om hiv og aids, symptomer, forløp og hvordan det er å leve med diagnosen.
Alle kan be om å få teke ein test for hiv eller annan seksuelt overførbar infeksjon hos fastlegen. Både test og behandling av seksuelt overførbare infeksjonar er gratis i Noreg. For nokon kan eitt av dei etter kvart mange stadene som tilbyr hurtigtest for hiv, vere eit alternativ eller supplement til regelmessige helsesjekkar hos fastlegen.
Ein hurtigtest gir deg svaret på staden og kan gjennomførast anonymt. Alle som har hatt sex utan kondom med éin eller fleire dei ikkje kjenner hiv-statusen til, bør vurdere å sjekke seg for hiv.
På stadene nedanfor kan du ta ein hurtigtest for hiv. Dei fleste stadene kan du òg teste deg for andre seksuelt overførbare infeksjonar. Gå inn på lenkene for å finne informasjon om tilbodet og opningstider.
Tilbodet Minuttest.no viser hurtigtesttilbod som er særleg retta mot innvandrarar i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Haugesund.
Aksept – senter for alle som hiv er aktuelt for – tilbyr hurtigtest for hiv.
Helsesenteret for papirløse migranter – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Sjekkpunkt – anonymt hurtigtesttilbod til menn som har sex med menn (msm) – blir drive av frivillige likepersonar. Dei tilbyr hurtigtest for både hiv og syfilis samt testar òg for gonoré, klamydia og mycoplasma. Tilbodet er gratis og anonymt.
Olafiaklinikken – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Sex og samfunn – senter for ung seksualitet – tilbyr gratis drop-inn med tilbod om test for alle seksuelt overførbare infeksjonar for alle under 25 år.
Sex og samfunn – helsetilbod til personar som kjøper sex – tilbyr hurtigtest for hiv til personar som kjøper sex, og personar som går på PEP (posteksponeringsprofylaktisk behandling).
Nadheim – tilbod for personar som sel eller har selt seksuelle tenester – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Haukeland Universitetssykehus – poliklinikken for seksuelt overførbare infeksjonar – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Kirkens Bymisjon Bergen – Leve med Hiv – tilbyr hurtigtest for hiv.
Stavanger Universitetssjukehus – poliklinikk for seksuelt overførbare infeksjonar – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Nadheim – tilbod til menneske som sel eller har selt seksuelle tenester – tilbyr hurtigtest for hiv.
St. Olavs hospital – poliklinikk for hud- og kjønnssjukdommar – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Aksept og Mestring – Kirkens bymisjon – tilbyr hurtigtest for hiv.
Sosialmedisinsk senter – tilbyr hurtigtest for hiv og testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Sørlandet sykehus Kristiansand – lågterskeltilbod for testing av seksuelt overførbare sjukdomar
Sentrum legesenter – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
Testivest.no – tilbyr testar for alle seksuelt overførbare infeksjonar (men ikkje hurtigtest for hiv).
Kirkenes legesenter – tilbyr testing for alle seksuelt overførbare infeksjonar.
HivNorge er ein partipolitisk og religiøst uavhengig nasjonal interesseorganisasjon for mennesker som lev med hiv, pårørande og andre det har følgjer for eller som er opptatt av hiv.
Eit ope hus og ressurssenter for dei som har HIV eller er pårørande.
Senter for rådgiving, undersøking og behandling av seksuelt overførte infeksjonar ved Oslo universitetssjukehus.
Rask, anonym og gratis hurtigtest av hiv