Pårørande
Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.
Livet etter eit hjerneslag kan gi fleire utfordringar for deg og dei pårørande.
Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB
Hjerneslag er den hyppigaste årsaka til funksjonshemming. Dei synlege følgene av eit hjerneslag er ofte lammingar eller redusert styring på ein arm eller ein fot.
Dei usynlege følgene blir likevel ofte opplevde som vanskelegare. Eit hjerneslag kan snu livet på hovudet for både deg og dei pårørande.
Kjem du raskt til behandling, kan du vere heldig og ikkje få nokre skadar i det heile tatt. Fleire vil derimot kunne få eitt eller fleire symptom, for eksempel
Det er viktig å komme raskt i gang med rehabilitering for å trene opp att funksjonar. Både for å kunne meistre kvardagen og komme tilbake i arbeid.
Pårørande har mange roller i tida etter eit hjerneslag, både som kunnskapskjelde og omsorgsgivar.
Dersom du har behov for helsetenester eller praktisk hjelp etter utskriving frå sjukehus, melder sjukehuset frå om dette behovet til kommunen.
Kommunen kartlegg behovet for tenester, tilrettelegging av bustad og tildeling av hjelpemiddel. Eksempel på slike tenester
Fastlegen har ansvaret for at du får rett medisinsk oppfølging i kommunen. Dersom du har behov for fleire tenester over ei viss tid, har du rett på å få ein individuell plan og skal få tilbod om koordinator.
Pårørande treng av og til å få hjelp sjølv, slik at dei ikkje slit seg ut eller blir sjuke sjølv.
Du kan lære mykje av andre som har opplevd dette før. Derfor synast mange som har hatt hjerneslag, og dei pårørande, at det er viktig og godt å få kontakt med andre i same situasjon.
Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.
Mandag kl. 10:00 - 14:00
Tirsdag kl. 10:00 - 14:00
Onsdag kl. 10:00 - 14:00
Torsdag kl. 10:00 - 14:00
NFS ønskjer å vere til hjelp for alle dei som har fått slag og deira familie.
LFS er ein landsomfattande interesseorganisasjon for dei som har hatt slag, deira pårørande, helsepersonell og andre interesserte.
Organisasjon for dei som har hatt slag og pårørande
Afasiforbundet arbeider for deltakelse og likestilling i samfunnet for dei som har språkvanskar etter hjerneskade.
Nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering ved hjerneslag.
Innholdet er levert av Helsedirektoratet
Sist oppdatert fredag 31. januar 2020