Binyrebarksvikt – Addisons sjukdom

Addisons sjukdom er ein sjeldan tilstand som skuldast mangel på visse hormon. Det forårsakar ekstrem trøyttheit og kan vere livstruande utan behandling. Dei fleste lever eit normalt liv ved hjelp av legemiddel.

Oppsummering

Binyrene produserer hormon, blant anna kortisol og aldosteron. Ved Addisons sjukdom er binyrebarken skadd og produserer ikkje nok av desse hormona. Dette gir symptom som ekstrem trøyttheit. Ubehandla kan denne tilstanden vere livstruande.

Symptombilete

Dei viktigaste tidlege symptoma på Addisons sjukdom:

  • utmatting (trøyttheit)
  • tap av appetitt, som etter ei stund fører til vekttap
  • muskelsvakheit

Etter kvart som tilstanden utviklar seg, kan huda bli brunare (hyperpigmentering), spesielt på

  • område der huda rynkar seg, som handflater og knoklar
  • hud utsett for sol
  • hudområde som hyppig blir utsette for friksjon

Andre, mindre vanlege symptom:

  • muskelsmerter
  • kvalme, oppkast og magekramper
  • salthunger
  • svimmelheit på grunn av lågt blodtrykk

Addisons sjukdom kan vere vanskeleg å diagnostisere, spesielt i tidlege stadium. Dette kjem av at symptom som trøyttheit og svakheit er vanlege symptom på mange tilstandar, og mange blir derfor ikkje diagnostiserte før dei får det vi kallar ei addisonkrise.

Under ei addisonkrise har nivåa av hormona som binyrene vanlegvis produserer, blitt farleg låge, og du er alvorleg sjuk. Ei addisonkrise kan vere livstruande.

Årsaker

Det finst fleire årsaker til Addisons sjukdom. Det er viktig å finne årsaka hos kvar enkelt person for å kunne gi best mogleg behandling.

I dei fleste tilfella er Addisons sjukdom ein autoimmun tilstand. Dette inneber at kroppen sitt immunsystem, som vanlegvis beskyttar mot infeksjon, angrip delar av vevet i kroppen i staden. I dette tilfellet angrip antistoffa til immunsystemet binyrebarken.

Risikofaktorar

Mindre vanlege årsaker til Addisons sjukdom:

  • tuberkulose, HIV og enkelte andre infeksjonar
  • kreft
  • enkelte legemiddel
  • blødingar i og rundt binyrene

Personar med autoimmune sjukdomar som diabetes type 1, revmatoid artritt eller lågt stoffskifte (hypotyreose) kan utvikle antistoff mot binyrene, men dei gir vanlegvis ikkje symptom.

Utgreiing og diagnose

Har du Addisons sjukdom, vil ein blodprøve vise låge kortisolverdiar, men dersom legen mistenkjer at du har ei addisonkrise, må du behandlast før resultata av blodprøvane er klare.

Behandling

Føremålet med behandlinga av Addisons sjukdom er å erstatte hormona som binyrene ikkje produserer nok av.

Behandlinga består av kortisontablettar og eit legemiddel som hjelper til med salt- og vassbalansen. Enkelte kvinner tek òg tilskot av DHEA, eit tredje hormon som blir produsert i binyrebarken. Det kan ta litt tid å finne ut av rett dosering.

I periodar må du auke dosen med kortison, for eksempel dersom

  • du har ein infeksjon
  • du har trent mykje
  • du treng ein operasjon

Kvinner kan òg trenge høgare dose kortison mens dei er gravide. Dersom du er i tvil eller har spørsmål om dosering, kan legen gi deg råd.

Blir du diagnostisert med Addisons sjukdom under ei addisonkrise, får du kortison gjennom injeksjon til du er stabil og kan byte til tablettar.

Prognose

Dersom du har Addisons sjukdom, må du ta legemiddel resten av livet. Legen gir deg opplæring i legemiddelbruk og informerer deg om når du bør auke dosen (for eksempel ved sjukdom og store belastingar).

Dersom du sluttar med behandlinga, kjem symptoma tilbake, og du kan få ei addisonkrise. Derfor er det viktig at du alltid har nok legemiddel heime.

Å leve med

Når tilstanden er stabil, går du til kontroll gjerne ein gong i året for å sjekke at alt er bra, og kor godt legemidla fungerer.

Alle med Addisons sjukdom bør skrive dette inn i kjernejournalen og eventuelt ha eit medisinsk varselkort på seg. Dersom du kjem ut for ei ulykke eller mistar bevisstheita av ein eller annan grunn, får legen då informasjon om at du treng ekstra dosar med kortison.

Du bør òg ha nødinjeksjonar med kortison heime i tilfelle noko skulle skje. Familiemedlemer bør lære korleis dei skal setje injeksjonane, i tilfelle du ikkje sjølv er i stand til å setje dei.

Pass godt på når nødinjeksjonar går ut på dato, slik at du får erstatta dei i god tid.

Hypofyse- og binyreforeningen (HYBI)

940 83 450

Tirsdag kl. 11:00 - 13:00

Torsdag kl. 11:00 - 13:00

Foreningen har fokus på sykdommene Addison, CAH, Akromegali, Cushing og Hypofysesvikt. Du og dine pårørende kan ta kontakt for råd og støtte.

Binyrebarksvikt – Addisons sykdom. Helsebiblioteket.no, 2021.

Addison's disease: what is it? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Addison's disease: what treatments work? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Binyrebarksvikt – Addisons sjukdom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 23. juni 2021 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hormoner/binyrebarksvikt-addisons-sykdom/

Sist oppdatert onsdag 23. juni 2021