Graves' sjukdom

Graves' sjukdom er ein autoimmun sjukdom og den vanlegaste årsaka til høgt stoffskifte blant yngre personar. Sjukdomen kan gi uforklarleg vekttap, hjartebank, nervøsitet, rastløyse, varmeintoleranse og augeproblem. Det finst fleire behandlingar som kan hjelpe.

Oppsummering

Graves' sjukdom er ein autoimmun sjukdom. Immunforsvaret vernar oss vanlegvis mot farlege bakteriar og virus. Har du Graves' sjukdom, dannar immunforsvaret antistoff som stimulerer skjoldbruskkjertelen til å produsere meir av hormonet tyroksin.

Kvinner blir ramma oftare av Graves' sjukdom enn menn. Ein annan risikofaktor er røyking. Augeproblem som ofte følgjer med sjukdomen, blir forverra av røyking.

Symptombilete

Du kan få desse symptoma ved Graves' sjukdom:

  • uforklarleg vektnedgang
  • hjartebank og nervøsitet
  • skjelvingar
  • irritabilitet
  • trøyttheit
  • søvnvanskar
  • varmeintoleranse, varme kjennest ubehageleg
  • hevelse på halsen (struma)
  • raude, utståande eller rennande auge

Graves' sjukdom kan vere farleg om han ikkje blir behandla, spesielt hos eldre menneske. Eksempel på dette kan vere uregelmessig hjarterytme og muskelsvakheit.

I sjeldne tilfelle kan ein overaktiv skjoldbruskkjertel føre til ein alvorleg tilstand som blir kalla ei tyreotoksisk krise. Dette fører til svært rask hjarterytme, feber, dehydrering, gulskjær i huda (gulsott), forvirring og hallusinasjonar.

Behandling

Det finst fleire gode behandlingar for Graves' sjukdom, og i samarbeid med lege kan du finne ut kva behandling som passar best for deg.

Målet med behandlinga er å regulere stoffskiftet til eit normalt nivå. Det finst fleire måtar å gjere dette på. I første omgang vil legen tilrå betablokkarar eller kalsiumblokkarar for å dempe symptoma. Deretter vurderer legen måtar å nedregulere aktiviteten i sjølve skjoldbruskkjertelen på. Dette kan gjerast med radioaktivt jod, legemiddel eller kirurgi.

Behandling med radioaktivt jod

Dette er ei eingongsbehandling som du tek som drikke eller svelgjer i form av ein kapsel. Mengda stråling er svært lita, men denne behandlinga er ikkje eigna for kvinner som er gravide eller ammar.

Skjoldbruskkjertelen absorberer radioaktivt jod, slik at strålinga øydelegg delar av kjertelen. Då fell produksjonen av stoffskiftehormon. Hovudproblemet med denne behandlinga er at ho ofte krympar skjoldbruskkjertelen for mykje. Då blir hormonproduksjonen for låg. I dei tilfella dette skjer, må pasienten ta legemiddel resten av livet for å halde hormonproduksjonen på eit normalt nivå. Behandlinga kan gi forbigåande biverknader som irriterte auge, sår hals eller utslett.

Legemiddel

Legemiddel (tyreostatika) hemmar produksjonen av hormon i skjoldbruskkjertelen.

Legemiddelet som ofte blir brukt til denne behandlinga, er karbimazol. Gravide kvinner i tidleg fase av svangerskapet eller personar som av andre grunnar ikkje kan ta legemiddelet, kan bruke propyltiouracil. Du må ta tablettane dagleg i mellom 12 og 18 månader. Dosen kan bli redusert etter dei første vekene av behandlinga.

Tyreostatika kan ha biverknader som utslett og redusert immunforsvar. Det er viktig å informere legen dersom du får infeksjonar, spesielt sår hals eller feber.

Om du får sjenerande augeproblem på grunn av Graves' sjukdom, kan du få behandling med kortison.

Enkelte med Graves' sjukdom får òg unormal hjarterytme, kalla atrieflimmer. Dette er meir vanleg hos eldre menneske. Atrieflimmer blir behandla med legemiddel som skal forhindre blodpropp og beskytte mot hjarteinfarkt eller hjerneslag.

Kirurgi

Eit tredje alternativ er operasjon. Behandlinga blir gjerne tilrådd til kvinner i andre trimester av svangerskapet, barn og personar med struma (ein hevelse på halsen). Dersom du får kirurgisk behandling, må du ta legemiddel i cirka ei veke i forkant for å førebu skjoldbruskkjertelen.

Kirurgen vil truleg fjerne mesteparten eller heile skjoldbruskkjertelen. Det gjer at du må ta hormontilskot i tablettform (Levaxin) resten av livet.

Under operasjonen er det ein liten risiko for skade på nervane som styrer stemmebanda. Omtrent 1 av 100 kan oppleve dette. Stemma blir då forandra, men du vil få hjelp med talen av ein logoped.

Det er òg ein sjanse for å skade biskjoldbruskkjertlane, som bidreg til å regulere kalsiumnivået i kroppen. Dersom dette skjer, må du ta kalsiumtilskot resten av livet. Det er heldigvis sjeldan denne typen komplikasjonar skjer (omtrent 2 av 100 med erfaren kirurg).

Kirurgi aukar òg faren for bløding eller infeksjon.

Prognose

Dei fleste får god hjelp av behandling, men enkelte treng ny behandling etter ei tid.

Dersom du vel radioaktivt jod eller kirurgi, vil skjoldbruskkjertelen truleg bli slått ut. Då må du ta tilskot med skjoldbruskkjertelhormon (Levaxin) livet ut.

Vel du behandling med tyreostatika, er det gode sjansar for at skjoldbruskkjertelen normaliserer seg i løpet av eitt eller to år. Men omtrent halvparten vil framleis ha ein overaktiv skjoldbruskkjertel og må ofte velje ei anna form for behandling.

Rundt åtte av ti personar som får augeproblem som følgje av Graves' sjukdom, opplever at problema forsvinn etter behandling. Men hos enkelte kan det bli meir alvorleg, og desse treng tettare oppfølging av augelege på sjukehus.

Ta del i valg om egen behandling

Du har rett til å være med og bestemme hva slags behandling du skal få. Her får du informasjon om de ulike mulighetene du har, så du kan vurdere hva som passer best for deg og ditt liv.

Graves' sykdom. Helsebiblioteket.no, 2023.

Graves' disease (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Graves' sjukdom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 26. mai 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hormoner/graves-sykdom/

Sist oppdatert fredag 26. mai 2023