Flekkvis hårtap (alopecia areata)
Alopecia areata er ein hudsjukdom som gir flekkvis hårtap. Sjukdommen øydelegg ikkje hårsekkane, og håret veks som oftast ut igjen.
Kva er alopecia areata?
Alopecia areata er ein hudsjukdom, og betyr flekkvis hårtap. Sjukdommen gjer at du hovudsakleg mistar hår på hovudet, men kan også ramme resten av kroppen. Nokon mistar alt hår på hovudet (alopecia totalis) eller alt håret på kroppen (alopecia universalis).
Alopecia areata er ikkje uvanleg, og ein del menneske opplever flekkvis hårtap i løpet av livet.
Symptom på alopecia areata
Det er vanleg at flekkane med hårtap utviklar seg over nokre veker.
Vanlege symptom ved flekkvis hårtap er:
- Runde eller ovale flekkar, på storleik med ein mynt.
- Glatt og normal hud der du har mista håret.
- Nokre kan kjenne prikking eller svak irritasjon i det ramma området.
- Korte hår rundt kantane av dei hårlause flekkane.
Ved alopecia areata kan du også få håravfall i augebryna, augevippene, skjegget, armholene og rundt kjønnsorganet.
Nokre får groper i neglene.
Årsaker til alopecia areata
Det er ikkje fullt kjent kva som er årsaka til hårtapet, men mykje tyder på at det kjem av ein autoimmun reaksjon. Det betyr at immunsystemet ditt angrip cellene rundt hårsekkane. Dette gir ein betennelse som stoppar hårveksten, og håret fell av.
Alopecia areata kan oppstå i alle aldrar, men er vanlegast i alderen 15 til 30 år.
Arvelege forhold ser ut til å spele ei rolle i kven som utviklar alopecia areata. Sjukdommen er litt vanlegare hos personar som har nære familiemedlemmar med same sjukdom eller andre autoimmune sjukdommar.
Det er vanleg med meir enn éin episode med hårtap. Tilstanden påverkar ikkje den fysiske helsa di, men hårtapet kan opplevast psykisk belastande for nokon.
Behandling for alopecia areata
Fastlegen kan vurdere om du har alopecia areata eller ein annan tilstand, og om du bør få behandling eller tilvising til hudlege. Dei fleste behandlingane for alopecia areata er omfattande og langvarige (mange månadar).
Mange får tilbake håret utan behandling. Har du eit par små flekkar med hårtap er det gode sjansar for at håret veks ut igjen av seg sjølv.
Har du meir enn eit par flekkar, kan krem eller injeksjonar med kortison hjelpe. Kortison hemmar betennelsen og stimulerer hårveksten. Mange treng meir enn éi behandling.
Veks håret ut igjen?
Sjukdommen øydelegg ikkje hårsekkane. Det er derfor store sjansar for at håret veks ut igjen.
Har du eit mildt hårtap, kjem håret som oftast tilbake av seg sjølv. I starten kan håret vere tynt og lyst når det veks ut, før det får tilbake same fargen og tjukna som før.
Er hårtapet meir utbreidd kan håret kome tilbake, men det er mindre sannsynleg at du får tilbake full gjenvekst.
Sjukdommen varierer frå person til person. Mange får håret tilbake, men nokon får tilbakefall eller meir langvarig hårtap.
Råd og støtte
Det kan kjennast vanskeleg å miste håret. Snakk gjerne med fastlegen din dersom dette påverkar korleis du har det. For nokon kan det vere ein fint å prate med andre som har same sjukdom.
Nokon vel å bruke parykk eller hovudplagg for å skjule hårtapet sitt. Andre vel å barbere hovudet, til håret begynner å vekse ut igjen av seg sjølv.
Sminke og midlertidige tatoveringar kan skjule tap av augebryn.
Du kan søke om økonomisk støtte til parykk, ved hårtap på grunn av sjukdom (nav.no).
Alopeciaforeningen Norge
Alopeciaforeningen Norge er ei landsomfattande foreining for alle som har sjukdommen alopecia areata og deira pårørande.