Flass

Alle flassar frå tid til anna, men nokon er meir plaga enn andre. Flass kan ein i dei fleste tilfella behandle med enkle middel.

Kva er flass?

Flass er hudskjel som har losna frå hovudbotnen. Litt flass er heilt normalt fordi det ytste laget i huda stadig blir skala av. Meir uttalt flass ser ut til å komme frå gjærsopp som veks dersom du har tettveksande hår i hovudbotnen.

Av og til kan derimot flass komme av seboreisk eksem som ein må behandle.

Teikn på flass

​Flass gir kløe og flassande hovudbotn. Ved seboreisk eksem blir hudflaka ofte feittete med kvit eller gulaktig farge, og huda kan bli raud og irritert.

Kva verkar mot flass?

Det finst fleire sjampoar mot flass. Flass-sjampo inneheld kjemikaliar som går til angrep på gjærsoppen og verkar betennelsesdempande på hovudbotnen. Unngå å få sjampo i auga, og skyl godt dersom det skjer.

Sjampo d​​​u sjølv kan kjøpe

Dei fleste prøvar først reseptfrie flass-sjampoar frå frisøren, butikken eller apoteket, for eksempel med innhaldsstoffet sinkpyriton. Andre vanlege sjampoar inneheld tjære. Likar du ikkje lukta av tjæreprodukt, kan du velje ei parfymert utgåve.

Behandling mot meir alvorleg flass

Dersom du er meir alvorleg plaga, kan du prøve ein sjampo som inneheld ketokonazol. Ketokonazol er eit soppdrepande middel og gir ifølgje forsking mindre flass og betent hud. Du brukar sjampoen to gonger i veka for å få bort flasset, deretter ein gong i veka for å halde det borte. Av og til opplever folk at sjampoen i seg sjølv irriterer huda. Dette er meir vanleg når dei nettopp har brukt kortisonliniment (sjå under).

Eit anna alternativ er spritoppløysingar i hovudbotnen 2-3 gongar dagleg, for eksempel antibac. Det drep både sopp og bakteriar, men det kan gi litt svie.

Ei tredje behandling mot meir alvorleg flass er selensulfid. Dette er òg eit stoff som går til angrep på sopp. Selensulfid gir sjeldan biverknader, men nokon kan få hudreaksjonar eller oppleve at håret blir bleika. Les om sjampo med selensulfid hos Felleskatalogen.

Har du eit tjukkare lag med tørr eller skjelande hud i hovudbotnen, kan det løne seg å få vekk desse laga før du byrjar med anna behandling. Ofte tilrår ein lunken olivenolje eller sjampo med salisylsyre i hovudbotnen for å få bort desse laga. Salisylsyre losnar hard eller skjelete hud.

Kortison

Dersom du er plaga av flass frå alvorleg eksem i hovudbotnen og anna behandling ikkje hjelper, kan du prøve kortisonliniment. Kortisonliniment får du på resept frå legen. Eit eksempel er betametason. Desse produkta inneheld òg ofte eit soppdrepande eller flassløysande legemiddel.

Det finst likevel inga god forsking som viser at kortisonsjampoar og kortisonliniment har effekt på flass, men det kan vere verdt å prøve. Kortison kan gi biverknader, men med kort behandlingstid er dei sjeldan alvorlege. Tynnare hud og forandringar i hudfarge er moglege biverknader.

Kva skjer vidare?

Behandling kan hjelpe mot flass, men plagene kjem ofte tilbake. Derfor må du vanlegvis bruke flass-sjampo regelmessig. Følg råda på pakningsvedlegget.

Flass. Helsebiblioteket.no, 2022.
Dandruff (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

 

 

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Flass. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 10. oktober 2022 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/hud-og-har/flass/

Sist oppdatert måndag 10. oktober 2022