Akutt lungesviktsyndrom (ARDS)

Akutt lungesviktsyndrom (ARDS) er en alvorlig tilstand som rammer lungene. Tilstanden gjør det vanskelig å puste og hindrer kroppen i å få nok oksygen.

Kva er akutt lungesviktsyndrom (ARDS)?

Akutt lungesviktsyndrom oppstår når lungevev blir svært betent, noko som gjer det vanskeleg å få nok oksygen. Lungene kan òg bli delvis fylte med væske, og det blir vanskeleg å puste normalt.

ARDS oppstår vanlegvis som ein komplikasjon til ein annan tilstand, for eksempel ein alvorleg infeksjon. Dette tyder at dei fleste som får tilstanden, allereie er på sjukehus.

Ei av dei vanlegaste årsakene til ARDS er blodforgifting (sepsis), som oppstår når immunsystemet reagerer på ein infeksjon ved å skade kroppen i staden for å beskytte han. Andre årsaker:

  • framandlekam som sit fast i luftvegane
  • ein infeksjon i bukspyttkjertelen (pankreatitt)
  • fysisk skade på lungene, for eksempel etter ei trafikkulykke
  • store brannskadar
  • problem knytte til blodoverføring
  • overdose av narkotika eller legemiddel
  • blodpropp i lungene

Alvorleg sjukdom, røyking eller alkoholmisbruk aukar òg risikoen for ARDS.

Nokon døyr av sjukdomen, men behandling hjelper mange med å puste normalt att.

Akutt lungesviktsyndrom blir kalla acute respiratory distress syndrome (ARDS) på engelsk.

Symptom

Det viktigaste symptomet på ARDS er pusteproblem. Du kan for eksempel føle at du må puste veldig raskt for å få nok luft. Eit anna symptom er å hoste opp skummande spytt.

ARDS er vanlegvis forårsaka av ein annan tilstand. Du må ta blod- og spyttprøvar og eit røntgenbilete av lungene for å finne årsaka.

Behandling

Den beste måten å behandle ARDS på er ved å kurere tilstanden som forårsaka det. Ein av dei vanlegaste årsakene er ein bakteriell infeksjon, og han blir vanlegvis behandla med antibiotika. Det er òg viktig å halde lungene frie for væske og sørgje for at du får nok oksygen. Du kan òg få hjelp til å få nok oksygen av ei maske du pustar gjennom. Maska er kopla til ein respirator. Dersom respiratoren ikkje har god nok effekt, kan legen setje eit røyr ned i halsen (intubering) for å få meir luft direkte til lungene.

Nokon treng ekstra hjelp til å klare å puste, sjølv når dei er kopla til ein respirator. Dei kan for eksempel trenge roande legemiddel for å roe musklar og nervar eller hjelp til å sovne når maskina er på, sjølv når dei er kopla til ein respirator. Dei kan for eksempel trenge roande legemiddel for å roe musklar og nervar, eller hjelp til å sovne når maskina er på.

Prognose

Mellom ein tredjedel og halvparten av dei som utviklar ARDS, kjem til å døy. Dei fleste med ARDS er derimot alvorleg sjuke frå før av, og dødsårsaka er ofte organsvikt forårsaka av den underliggjande sjukdomen, ikkje pustevanskane.

Yngre menneske har ein mykje betre sjanse til å overleve ARDS enn eldre.

Personar som er behandla for ARDS, får ofte dårlegare lungekapasitet, men dette gir ikkje alltid symptom. Det er òg vanleg å ha andre problem som muskelsvakheit eller langvarig smerte.

Dersom du har hatt ein episode med ARDS og er uroa for langvarige verknader, kan du snakke med legen din.

LHL

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Akutt lungesviktsyndrom (ARDS). Helsebiblioteket, 2021.

Acute respiratory distress syndrome. Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Akutt lungesviktsyndrom (ARDS). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 8. oktober 2021 [henta laurdag 27. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/lunger-og-luftveier/akutt-lungesviktsyndrom-ards/

Sist oppdatert fredag 8. oktober 2021