Pneumothorax (punktert lunge)

Ein pneumothorax oppstår når luft kjem inn i spalta mellom brystveggen og ei av lungene. Dette kan føre til at éi av eller begge lungene klappar saman. Tilstanden kan vere farleg, men prognosen er vanlegvis god med rask behandling.

Oppsummering

Dersom luft kjem inn i spalta mellom lungene og brystveggen (pleurahola), kan ein del av eller heile lunga kollapse. Dette blir kalla samanklappa eller punktert lunge (pneumothorax). Tilstanden gjer det vanskeleg å puste skikkeleg og få nok oksygen.

Faregraden ved pneumothorax avheng av kor mykje luft som kjem inn i brysthola. Ein liten pneumothorax kan bli bra av seg sjølv, men dei fleste treng behandling. Sjølv om det er ein medisinsk akuttsituasjon, er dødsfall som følgje av pneumothorax sjeldan.

Ulike typar pneumothorax

Spontan pneumothorax (ein plutseleg lekkasje av luft inn i brysthola) kan oppstå utan noka openberr årsak hos personar som ikkje har lungeproblem frå før.

Sjølv om vi ikkje veit sikkert kva som forårsakar spontan pneumothorax, er det vanlegare hos personar som røykjer. Pneumothorax ser òg ut til å vere meir vanleg hos menn og gutar som er høge og slanke.

Det er litt annleis dersom det er snakk om ein såkalla sekundær spontan pneumothorax. Dette er noko som oppstår plutseleg hos personar som har ein eksisterande lungesjukdom, slik at luft lek inn i brysthola.

Ein trykkpneumothorax er ein sjeldan type pneumothorax. Dette er ein tilstand der mengda luft i brysthola aukar kvar gong du trekkjer pusten, som om holet i lunga fungerer som ein einvegsventil. Denne typen pneumothorax krev rask behandling.

Symptombilete

Dei viktigaste symptoma på pneumothorax er desse:

  • pusteavhengige smerter på den eine sida av brystkassen
  • kjensle av å vere kortpusta

Dersom du har desse symptoma samtidig, må du søkje akutt medisinsk hjelp. Oppsøk alltid medisinsk hjelp dersom du har alvorlege brystsmerter.

Årsaker

Ei vanleg årsak til pneumothorax er lungesjukdom, spesielt kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols). Kols er ein tilstand der lungene blir skadde, noko som gir pusteproblem. Den hyppigaste årsaka til kols er røyking.

Andre årsaker til pneumothorax:

  • Lungebetennelse, tuberkulose og cystisk fibrose.
  • Ein skade i brystkassen, til dømes eit brekt ribbein, som stikk hol på ei lunge.
  • Dersom du har éin eller fleire nære familiemedlemer med sjukdomen. Enkelte lungeproblem, inkludert pneumothorax, ser ut til å vere arvelege.

Utredning og diagnose

Dersom legen din mistenkjer at du har pneumothorax, kan du bli tilvist til ei røntgenundersøking. Du kan òg trenge andre testar eller skanningar, for eksempel CT (computer-tomografi).

Behandling

Føremålet med behandlinga er å fjerne lufta frå brysthola og forhindre at problemet oppstår på nytt. For dei fleste typar pneumothorax er du innlagd på sjukehus i minst éin eller to dagar, men nokre gonger ei veke eller meir. 

Ein veldig liten pneumothorax kan ofte bli bra av seg sjølv. Er du ung og utan andre helseproblem, kan du kanskje bli utskriven etter nokre timar. 

Er pneumothoraxen stor, du er eldre eller har andre helseproblem, blir du lagd inn for overvaking. Oksygentilførsel gjennom ei maske vil hjelpe mot kjensla av å vere kortpusta. 

Ved ein større pneumothorax treng du truleg éi eller fleire av desse behandlingane. 

Akuttbehandling med kanyle (pleurapunksjon)

Behandlinga går ut på at ein kanyle blir sett inn i brystveggen for å sleppe ut lufta som har samla seg. Nåla kan koplast til ei sprøyte, slik at legen lettare kan trekkje ut lufta.

Pleuradrenasje

Ved ein større pneumothorax, eller når pleurapunksjon ikkje fungerer godt nok, må du kanskje få sett inn eit dren kopla til ei vakuumpumpe gjennom eit lite kutt i brystveggen. Prosedyren fungerer på ein liknande måte som pleurapunksjon for å sleppe ut lufta.

Pleurodese (festing av lungen til brystveggen)

Dersom sjansen er stor for ein ny pneumothorax, kan du bli tilrådd ein prosedyre som festar lunga til brystveggen. Dette blir kalla for pleurodese og inneber å sprøyte inn eit legemiddel i brysthola som får lunge- og brystveggen til å klistre seg til kvarandre, nesten som om dei hadde blitt limt saman.

Dersom pleurodese er aktuelt for deg, kan du forhøyre deg om dette:

  • kor sannsynleg det er at behandlinga fungerer
  • kva som er moglege fordelar og ulemper ved behandlinga
  • kva sannsynet er for å få ny pneumothorax dersom du vel å ikkje gjennomføre prosedyren

Prognose

Opptil halvparten av dei som har ein første spontan pneumothorax, får ein ny pneumothorax på eit seinare tidspunkt. Røyking aukar risikoen for dette.

Personar som opplever ein sekundær spontan pneumothorax, har større risiko for at det skjer på nytt. Ver derfor merksam på symptoma og oppsøk medisinsk hjelp dersom dette skjer igjen.

Pleurodese kan bidra til å forhindre ein ny pneumothorax, men inngrepet er ikkje hundre prosent effektivt.

Endringar i miljøbelasting kan òg forårsake ein ny pneumothorax. Dette kan skje anten med:

  • redusert lufttrykk ved stor høgd
  • auka trykk ved dykking

Dersom du driv med dykking, vil du truleg bli tilrådd å slutte, med mindre du har gjennomgått ein vellykka pleurodese. Du bør òg unngå flyreiser ei stund etter at du har blitt behandla for pneumothorax.

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

Medlemsorganisasjon for hjerte- og lungesyke og deres pårørende.

Innholdet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Sist oppdatert mandag 14. desember 2020