Pust Deg Bedre - eit digitalt verktøy for lungesjuke

«Pust Deg Bedre» er ein app som hjelper lungesjuke. Gjennom visualiserte pusteteknikkar hjelper han deg med å handtere slim og andenaud. Appen erstattar ikkje behandlinga hos fysioterapeuten, men er eit nyttig supplement.

Kven kan få hjelp av denne appen?

«Pust Deg Bedre» lærer deg nyttige pusteteknikkar dersom du har ein sjukdom der slim og andenaud er framståande symptom. Her er nokre døme:

Snakk med fysioterapeuten din

Fysioterapeuten din kan hjelpe deg å setje opp ein behandlingsplan i appen dersom det er relevant for deg. Den er eit nyttig supplement som både strukturerer og stør deg som er lungesjuk i di eiga behandling av sjukdomen. Spør gjerne fysioterapeuten din om appen er aktuell for deg, dersom du er usikker.

Sjølv om du ikkje har nokon av sjukdomane i lista over, kan du ha nytte av appen. Det gjeld til dømes dersom du har symptom som kan lindrast av pusteteknikkane du lærer å bruke i appen.

Det er viktig at behandlingsplanen blir sett opp av kvalifisert helsepersonell. Rettleiing i lungefysioterapi og opplæring i bruk av appen er ein føresetnad for å kunne ha dette verktøyet. Anna helsepersonell kan stø deg i oppfølginga dersom du treng det.

"Pust Deg Bedre" gjev deg hjelp til betre helse

Med «Pust Deg Bedre» har du alltid tilrådd behandling lett tilgjengeleg på telefonen. Det gjer det lettare for deg å følgje opp behandlinga du har fått, i samråd med fysioterapeut. Ved at du klarer å handtere plagsame symptom på eiga hand, kan du oppleve auka meistring. Opphoping av slim i luftvegane er nært forbunde med lungeinfeksjonar og forverringar. Ved å fjerne slim jamleg, vil ein redusere risikoen for infeksjonar og forverringar, noko som kan gje deg betre helse.

Slik lastar du ned appen

Appen er tilgjengeleg i Google Play og Apple App Store, og kan lastast ned herfrå:

 

For å kunne bruke appen må du:

  • ha ein smarttelefon frå 2016 eller nyare, med nokre unntak
  • kjenne til og kunne bruke vanleg funksjonalitet på ein smarttelefon
  • kunne lese og forstå norsk

Appen «Pust Deg Bedre» samlar ikkje inn personopplysningar. Appen er utvikla av Helse Førde i samarbeid med Haptiq AS. Helse Førde eig, er fagansvarleg for og står for innhaldsproduksjon av Pust Deg Bedre. Helse Vest IKT har systemansvaret for appen.

Slik brukar du appen

Appen viser pusteteknikkar som blir presenterte ved hjelp av 3D-animasjonar. Teknikkane er internasjonale og forankra i kunnskapsbasert praksis. Du og fysioterapeuten din kan saman velje ut dei mest skånsame og effektive pusteteknikkane for deg. Det kan gjere eigenbehandlinga di meir strukturert og motiverande.

I appen vil du finne ei brukarside som inneheld den spesialtilpassa behandlinga og pusteteknikkane som er tilrådde for deg.

min side i appen kan du registrere kva nytteverdi du sjølv synest du har av dei ulike teknikkane.

Appen har ein innebygd brukarmanual som du finn under spørsmålsteiknet. Her finn du forklaringar på ikon, innhald og funksjonaliteten i applikasjonen.

Nyttig for pårørende

«Pust Deg Bedre» skal hjelpe kronisk lungesjuke med å meistre kvardagen sin. Også du som er pårørande, kan ha nytte av verktøyet. Ved å lære meir om behandlinga kan du vere ein støttespelar for dei som opplever desse symptoma.

Gjennom å ta del i eigenbehandlinga ved hjelp av appen kan du motivere til sjølvhjelp og dele kunnskap med dei du bryr deg om, og også auke forståinga for kva dei går gjennom.

LHL

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Innhaldet er levert av Helse Førde HF

Helse Førde HF. Pust Deg Bedre - eit digitalt verktøy for lungesjuke. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 13. mars 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/lunger-og-luftveier/pust-deg-bedre/

Sist oppdatert måndag 13. mars 2023