Aktivitetshåndboken (PDF)
Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.
Betennelse i bukspyttkjertelen kan forårsake sterke smerter i øvre del av magen med utstråling til ryggen. Tilstanden kan ein sjeldan gong vere livstruande, men dei fleste blir heilt friske med behandling.
Bukspyttkjertelen er ein lang, flat kjertel som ligg rett bak og under magesekken. Han har to hovudoppgåver:
Hovudsymptomet på betennelse i bukspyttkjertelen er sterke smerter i øvre del av magen. Smerta kjem vanlegvis raskt og kan stråle ut i ryggen. Det blir truleg verre når du rører deg eller trykkjer på magen.
Andre symptom er:
Om det er mistanke om betennelse i bukspyttkjertelen, blir du innlagd på sjukehus for utgreiing. Testane kan omfatte blodprøvar og røntgenundersøkingar, for eksempel ei CT-undersøking.
Dei to vanlegaste årsakene til betennelse i bukspyttkjertelen er eit langvarig høgt alkoholforbruk eller gallesteinar. Gallesteinar er små steinar som kan danne seg i galleblæra. Dersom gallesteinane blokkerer gallekanalen, kan dette òg hindre fordøyingsenzym i å forlate bukspyttkjertelen. Dette kan føre til betennelse i bukspyttkjertelen.
Andre årsaker kan være enkelte typar legemiddel, infeksjonar eller høgt nivå av feitt (triglyserid) i blodet. Men nokre gonger finn ikkje legen årsaka til betennelsen.
Føremålet med behandlinga er å lindre symptoma og lækje bukspyttkjertelen.
Behandlingane omfattar vanlegvis:
Oksygenbehandling. Betennelse i bukspyttkjertelen kan redusere oksygennivået i blodet, og nokon treng å få tilført oksygen.
Ernæring. Pasientar som klarer å få i seg næring sjølve, vil truleg etter nokre dagar begynne å ete små måltid med lite feitt og relativt mykje karbohydrat og protein. Deretter skal porsjonane gradvis aukast. Dersom betennelsen i bukspyttkjertelen er alvorleg, eller legen ser manglande betring, kan det bli sett inn ein mellombels sonde i tarmen, slik at du får i deg nok næring.
Avhengig av kor alvorleg pankreatitten er, og kva slags problem han gir, kan du trenge anna behandling, for eksempel ekstra magnesium eller kalsium. Nokon har òg behov for insulinbehandling. Insulin er eit hormon som bukspyttkjertelen dannar for at cellene i kroppen skal ta opp sukker frå maten. Desse behandlingane blir vanlegvis gitt som intravenøst drypp eller som injeksjonar.
Når betennelsen er under kontroll, kan du trenge behandling for det som forårsaka betennelsen i bukspyttkjertelen. Eksempel på årsaker:
Dei fleste som blir behandla for betennelse i bukspyttkjertelen, føler seg betre innan ei veke og blir heilt friske. Det er likevel viktig å få behandling så snart som mogleg, sidan tilstanden kan gi alvorlege helseproblem, for eksempel lungeskade og nyresvikt. Desse tilstandane kan vere livstruande. Det er òg viktig å behandle den underliggjande årsaka til betennelsen for å unngå å få tilbakefall. Gjentekne anfall kan skade bukspyttkjertelen og føre til at tilstanden blir langvarig (kronisk).
Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.
Betennelse i bukspyttkjertelen/akutt pankreatitt. Helsebiblioteket, 2020.
Pancreatitis, acute (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021.