Amøbedysenteri

Amøbedysenteri, eller amøbiasis, er ein parasittinfeksjon i tarmen. Sjansen for å bli sjuk er størst for dei som bur eller er på reise i eit utviklingsland. Det finst effektiv behandling mot infeksjonen.

Kva er amøbedysenteri?

Amøbedysenteri er forårsaka av ein parasitt som blir kalla ein amøbe. Parasitten lever i tarmen og kan mellom anna føre til diaré. Utan behandling kan du bli alvorleg sjuk, og i sjeldne tilfelle miste livet.

Symptom på amøbedysenteri

Det viktigaste symptomet på amøbedysenteri er diaré. Dersom du er plaga med diaré etter å ha vore på reise, er det viktig å informere legen om kvar du har vore. Legen kan ta prøve av avføringa for å teste ho for amøbar, og ved behov kan det òg bli teke blodprøve.

Andre symptom:

  • diaré med blod (dysenteri) eller slim
  • bløding frå endetarmen
  • magesmerter
  • smerter ved avføring
  • feber

Du kan òg miste appetitten og gå ned i vekt.

Enkelte gonger kan amøbedysenteri føre til alvorleg tjukktarmsbetennelse (fulminant kolitt). Fulminant kolitt er sjeldan, men kan vere livstruande.

Oppsøk lege så raskt som mogleg dersom du får nokon av desse symptoma:

  • smerter i heile magen
  • kraftig diaré
  • feber

Smitte og inkubasjonstid

Du må passe på å vaske hendene etter toalettbesøk og før matlaging for å unngå å smitte andre menneske. Dersom du arbeider med mat, eller dersom du er helsearbeidar, bør du halde deg borte frå arbeidet til legen seier det er trygt for deg å arbeide att.

Behov for helsehjelp

Det er viktig å oppsøke lege dersom du mistenker at du har amøbedysenteri. Sjølv om du er symptomfri eller symptoma har blitt borte av seg sjølv, vil du framleis ha parasitten i kroppen utan behandling. Det inneber at du kan smitte andre. Du kan òg oppleve at diareen kjem tilbake.

Risikofaktorar og førebygging

Dei vanlegaste årsaka til infeksjonen er å ha fått i seg forureina mat eller drikke. Amøbedysenteri er meir vanleg i land der folk ikkje har reint vatn eller kan ha problem med å halde kjøkken og toalett reine. Sjansen for å bli sjuk er derfor størst for dei som bur eller er på reise i eit utviklingsland i Sør- og Mellom-Amerika, Afrika eller Asia. I praksis blir ein ikkje smitta i Noreg.

Amøbedysenteri kan òg smitte direkte mellom menneske i desse områda. Du kan mellom anna bli smitta dersom du handhelsar på ein person som ikkje har vaska seg etter eit toalettbesøk. Ikkje alle opplever symptom sjølv om dei har infeksjonen i tarmen, men det er likevel mogleg å overføre smitten til andre. Derfor er det viktig at alle som har fått påvist amøbar i tarmen, får behandling.

Andre risikofaktorar for smitte i amøbeområde:

  • det å bu trongt
  • det å ha svakt immunsystem (gjeld for eksempel HIV-smitta eller kreftpasientar)
  • det å ha oral- eller analsex

Førebyggjande tiltak på reise i amøbeområde

Vasshygiene

  • Ikkje drikk vatn frå springen. Kokt vatn er trygt. Alternativt kan du bruke vassreinsingstablettar/-pulver og eit filter som gjer vatnet trygt å drikke. Dette kan du kjøpe på apotek og spesialbutikkar.
  • Drikk flaskevatn (med forsegling som ikkje er broten), brus eller varm kaffi eller te.
  • Ikkje drikk drinkar serverte med isbitar. Isen er vanlegvis laga av vatn frå springen.
  • Ikkje bruk vatn frå springen til tannpuss, med mindre du er sikker på at det er trygt.
  • Ikkje svelg vatn når du badar eller dusjar.
  • Ikkje bad i vatn som kan vere forureina.

Mathygiene

  • Unngå å drikke upasteurisert mjølk eller ete mjølkeprodukt laga av upasteurisert mjølk.
  • Unngå å ete rå frukt og grønsaker, med mindre du kan skrelle dei sjølv.
  • Ikkje et mat som ikkje er rykande varm.
  • Ikkje et mat frå gateseljarar.
  • Vask hendene etter toalettbesøk og før du et.

Behandling ved amøbedysenteri

Diaré kan gjere at du mistar mykje væske, og du kan bli dehydrert. Sørg derfor for å få i deg rikeleg med væske.

Dersom du blir så dehydrert at du må på sjukehus, blir du behandla med rehydreringsvæske. Er du for dårleg til å få i deg væske på eiga hand, kan du få væska intravenøst.

I sjeldne tilfelle kan infeksjonen bryte gjennom tarmveggen og påverke andre delar av kroppen, for eksempel levra. Derfor blir også magen undersøkt. Dersom amøbane har spreidd seg til levra, kan det hende du må ta fleire testar og få fleire behandlingar.

Behandling med antibiotika

Amøbedysenteri blir behandla med antibiotika. Du blir truleg behandla med legemidla tinidazol eller metronidazol. Det vanlegaste er å ta dei i tablettform i fire–fem dagar. Kastar du opp mykje eller har problem med å svelgje tablettane, kan antibiotika bli gitt intravenøst.

Du blir truleg etterbehandla med eit legemiddel kalla diloksanidfuroat i cirka ti dagar etter antibiotikabehandlinga for å vere heilt sikker på at infeksjonen er borte. Legemiddelet kan ha biverknader, men dei er ofte milde. Vanlege biverknader av diloksanidfuroat:

  • kvalme og oppkast
  • magesmerter og diaré
  • ein metallisk smak i munnen
  • belegg på tunga
  • slappheit eller svimmelheit
  • mørk urin
  • smerter ved urinering
  • tap av matlyst
  • utslett
  • søvnproblem
  • tåkesyn eller hovudverk

Blir eg frisk?

Prognosen er god når du får rett diagnose og behandling. I sjeldne tilfelle kan du få alvorleg tjukktarmsbetennelse eller abscess i lever eller hjerne. Då er det viktig å få avansert behandling på sjukehus.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Sist oppdatert fredag 25. mars 2022