Giardia – parasittinfeksjon i magen

Giardia er ein tarminfeksjon som er forårsaka av parasitten Giardia lamblia. Parasitten gir diaré og magesmerter. Mange blir bra utan behandling, men nokon treng medisinar for å bli friske.

Oppsummering

Både menneske og enkelte dyreartar kan vere berarar av parasitten Giardia duodenalis (også kjend som Giardia lamblia eller Giardia intestinalis).

Menneske blir ofte smitta gjennom forureina drikkevatn og matvarer. Ein kan òg bli smitta direkte eller indirekte av andre personar. Parasitten kan òg bli overført seksuelt, og kan førekomme spesielt hos homofile menn.

Å vere berar over lengre tid er svært vanleg i mange utviklingsland, men gir vanlegvis ikkje symptom hos befolkninga i desse områda. I industrialiserte land kan parasitten derimot ofte gi diaré. Parasitten er ei vanleg årsak til turistdiaré.

Symptom på Giardia

Du kan vere berar av Giardia lenge utan å merke nokon symptom. Ved akutt sjukdom får du gjerne eitt eller fleire av desse symptoma:

  • diaré, ofte vasstynn
  • magesmerter
  • oppkast
  • luftplager
  • feittete og illeluktande avføring
  • luftoppstøyt med roten lukt
  • slappheit
  • vekttap
  • feber

Nokon kan ha diaré som kjem og går.

Risikofaktorar og førebygging

Parasittane blir drepne ved koking.

Ved utanlandsreiser til område med dårlege hygieniske forhold bør du ta nokre forholdsreglar:

  • Bruk berre kokt vatn eller vatn som blir seld på flaske, til drikke, tannpuss og liknande.
  • Unngå ukokte grønsaker og uvaska salat og frukt.
  • Vask alltid hender godt med vatn og såpe etter toalettbesøk og før matlaging og måltid.

Behandling av Giardia-infeksjon

Ved akutt Giardia-infeksjon er antibiotikabehandling tilrådd. Av dei som blir behandla, kan fem til ti prosent av dei smitta framleis ha plager etter behandling, sjølv om ein ikkje kan påvise Giardia ved avføringsprøve.

Giardiasis er ikkje definert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom i smittevernlova, og du må derfor dekkje utgifter til behandling sjølv.

Smitte og inkubasjonstid

Giardia smittar når parasitten blir overført frå tarmen til munnen, gjerne via hendene, og under uhygieniske forhold. Det er derfor viktig med god handhygiene for å unngå smitte.

Parasitten kan òg smitte gjennom vatn, grønsaker eller frukt og bær som er forureina med avføring frå smitteberarar, både menneske og dyr. Parasitten kan òg bli overført ved at du svelgjer vatn i forureina svømmebasseng eller badar i ferskvatn.

Pasientane er smitteførande så lenge det er cystar i avføringa. Cystar kan finnast i avføringa i opptil seks månader. Tida frå du blir smitta til symptom eventuelt oppstår er 5–25 dagar, vanlegvis 7–10 dagar.

Tiltak ved enkelttilfelle eller utbrot

Etter at du har gjennomført behandling, er det vanlegvis ikkje nødvendig med vidare undersøkingar.

Ved fleire tilfelle med mistanke om felles kjelde i eit utbrot innanlands, blir oppklaring av utbrotet utført i samarbeid med det lokale Mattilsynet. Folkehelseinstituttet har ei rådgivarrolle ved lokale utbrot og samordnar tiltak ved nasjonale utbrot.

Barn i førskulealder som er i barnehage eller annan institusjon, kan vende tilbake til barnehagen eller institusjonen etter oppstarta behandling og to døgn etter symptomfridom. Kontrollprøve er ikkje nødvendig.

Ekstra forholdsreglar

Har du fått påvist Giardia, bør du ta ekstra forholdsreglar dersom noko av dette gjeld for deg:

  • Du jobbar i ei næringsmiddelverksemd (til dømes ein serveringsstad) med direkte eller indirekte kontakt med næringsmiddel som skal etast råe eller utan ytterlegare oppvarming.
  • Du er helsepersonell som har direkte kontakt (inkl. servering av mat) med pasientar som er særleg utsette for infeksjonssjukdomar, eller med personar der infeksjonar kan få særleg alvorlege konsekvensar, for eksempel for tidleg fødde barn, pasientar ved intensivavdeling og liknande.

Du bør ikkje utføre det ordinære arbeidet ditt mens du har symptom, og ikkje før du har vore symptomfri i 48 timar.

Dersom ikkje noko av dette gjeld for deg, kan du vende tilbake til arbeidet når symptoma er borte. Kontrollprøve er vanlegvis ikkje nødvendig, men dersom du ønskjer å vere sikker på at du ikkje lenger er smitta, kan lege vurdere å ta ein kontrollprøve to veker etter avslutta behandling.

​Folkehelseinstituttet. Giardiasis - veileder for helsepersonell. [Internett]. 2023 [hentet 2023- 11.04]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/giardiasis---veileder-for-helsepers/

Innhaldet er levert av Folkehelseinstituttet

Folkehelseinstituttet. Giardia – parasittinfeksjon i magen. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 29. mars 2023 [henta fredag 19. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/giardia/

Sist oppdatert onsdag 29. mars 2023