Kva er magesår?

Magesår er skadar i slimhinna i magesekken eller tolvfingertarmen. Magesår fører til at magesyre kjem i kontakt med djupare vev, noko som kan vere smertefullt.

Dei fleste blir friske etter behandling. Dersom årsaka blir behandla, er risikoen for nye magesår liten.

Symptom på magesår

Det vanlegaste symptomet på magesår er smerter øvst i magen. Du kan oppleve at smertene er verre når magen er tom. Mange merker lindring når dei et mat.

Du kan også få halsbrann, luftplager og oppblåsenheit, kvalme, oppkast og brystsmerter.

Alvorlege symptom kan vere svart eller tjæreaktig avføring, blodig oppkast eller oppkast som liknar kaffigrut. Dette kan vere teikn på bløding frå magen, og krev rask helsehjelp (ring 113).

Årsaker til magesår

Dei vanlegaste årsakene er

  • infeksjon med bakterien Helicobacter pylori
  • bruk av NSAIDs som er medisinar mot smerte og betennelse
  • bruk av acetylsalisylsyre

NSAIDs kan skade slimhinna i magesekken og auke risikoen for magesår, særleg ved langvarig bruk. Mange av desse medisinane kan kjøpast reseptfritt.

Sjeldnare årsaker kan vere

  • magekreft
  • syreproduserande svulstar i mage eller tarm
  • Crohns sjukdom
  • alvorleg sjukdom eller andre medisinar 

Undersøking og diagnose

Det finst fleire ulike prøver og undersøkingar for å stille diagnosen.

Gastroskopi

Ved gastroskopi fører legen ein slange med eit lite kamera ned i magen og tolvfingertarmen. Legen kan også ta prøver av magesekken og sjølve såra.

Blod-, avførings- og pusteprøver

Prøver av blod, avføring og pust kan påvise infeksjon med Helicobacter pylori-bakterien. Pusteprøve og avføringsprøve blir ofte brukt for å påvise aktiv infeksjon.

Behandling av magesår

Behandling av magesår er retta mot årsaka til såret og sjølve såra.

Alvorleg magesår

Om du har eit blødande magesår, blir du lagd inn på sjukehus. Dette er ein akutt tilstand. Operasjon kan vere aktuelt dersom anna behandling ikkje stoppar blødinga.

Behandling ved Helicobacter pylori

Dersom magesåret kjem av Helicobacter pylori blir du behandla med syrehemmande behandling (protonpumpehemmere) og to typar antibiotika. Denne behandlinga varer vanlegvis i rundt 10 dagar, og kallast ofte trippelbehandling.

Behandling ved bruk av NSAIDs

Dersom magesåret kjem av medisinar, vil behandlinga bestå av

  • endring eller stopp i medisinen
  • syrehemmande behandling (protonpumpehemmere)

Behandling med syrehemmande medisinar varer ofte i fleire veker.

Laster inn

Sjølvhjelp og råd

Du bør unngå å ete og drikke ting som kan gjere symptoma og magesåret verre.

Kjende faktorar som kan forverre magesår er

  • røyking
  • alkohol
  • sterkt krydra mat
  • fruktjus (spesielt appelsinjuice)
  • kaffi og te

Syrenøytraliserande medisinar kan lindre symptoma.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Magesår. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert lørdag 22. august 2026 [henta torsdag 12. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/mage-og-tarm/magesar/

Sist oppdatert 22. august 2026

Fann du det du lette etter?