Allergi mot fisk

Fiskeallergi startar ofte tidleg i barndomen, men kan også oppstå i vaksen alder. Det er mogleg å reagere på éin type fisk, men tole andre typar. Alvorlege reaksjonar er sjeldan.

Kva er fiskeallergi?

Allergi mot fisk er ein vanleg matallergi.  

Fiskeallergi inneber reaksjon mot proteina frå éin eller fleire fiskesortar. Mange reagerer på eit protein som finst i mange fisketypar, men det er også vanleg å sjå spesifikk allergi mot eitt fiskeslag. Eksempelvis kan ein reagere på torsk, men tole laks, eller omvendt. 

Varmebehandling forandrar ikkje proteina som gjev fiskeallergi, og vil derfor ikkje endre kva du toler. Dersom du toler varmebehandla laks, vil du normalt sett også tole sushi av laks. 

Det er ikkje ein spesiell samanheng mellom allergi mot fisk og skaldyr eller blautdyr.

Symptom på fiskeallergi

Matallergi kan gi plager i magen og tarmen, i huda, auga eller luftvegane.  

Vanlege symptom på fiskeallergi er: 

  • kløe i munn og svelg 
  • magesmerter, kvalme/oppkast og diaré/løs avføring 
  • utslett 
  • rennande auge og nase 
  • pustevanskar 

I sjeldne tilfelle kan du få ein alvorleg allergisk reaksjon, såkalla anafylaktisk sjokk. Eit anafylaktisk sjokk er ein svært kraftig allergisk reaksjon som kan vere livstruande. 

Personar med  fiskeallergi får som oftast ein reaksjon etter kort tid. Vanlegvis kjem reaksjonen frå nokre minutt opptil ein time etter at du har ete. 

Hos nokon kan sjølv små mengder fiskeprotein gi ein reaksjon. Er du svært følsam for fisk, kan steikeos eller damp frå matlaging  med fisk gi deg symptom. 

Dei som arbeider innan fiskeforedling, kan i enkelte tilfelle oppleve allergisk kontakteksem eller astma ved eksponering for fisk.

Utgreiing

Dersom du trur at du er allergisk mot fisk, kan du be om ei utgreiing hos fastlegen din. Den viktigaste delen av utgreiinga er at de går nøye gjennom kva du har ete og kva symptom du har opplevd. 

Legen vil vurdere om det er behov for å gå vidare med allergitestar. Somme vil trenge ei tilvising til spesialist.

Behandling og tiltak

Den viktigaste behandlinga ved fiskeallergi er å unngå å ete den eller dei fiskeartane du ikkje toler. Dette gjeld både rein fisk og produkt som inneheld fisk som ingrediens.  

Fisk kan førekome i rettar av skaldyr, crabsticks, rekechips, leverpostei, salatdressingar, tapenade, buljong, gelatin, marinade, østerssaus og Worchestersaus. Tran er godt reinsa fiskeolje og inneheld ikkje fiskeprotein. 

Det er tilrådd å kjøle ned bestikk og servise med kaldt vatn, då fiskeproteina kan feste seg når dei blir utsette for varme. Det kan til dømes vere nødvendig å bruke eiga steikepanne som ikkje har vore brukt til matlaging med fisk. 

Medikamentell behandling 

Det er viktig å vite korleis du skal behandle eventuelle allergiske reaksjonar, og få utskrive nødvendige medisinar frå lege. 

Sjekk ingredienslista 

Merking av allergen i mat blir regulert gjennom matinformasjonsforskrifta (lovdata.no), som er felles for alle land i EØS-området. Forskrifta stiller krav til merking av fisk.

Det skal vere tydeleg framheva i ingredienslista om det inneheld fisk, uansett kor lita mengd som er tilsett i produktet. Dette gjeld også på serveringsstader. Det er ikkje eit krav å oppgi kva type fisk som er brukt. 

Kosttilpassing ved fiskeallergi

Fisk er hovudkjelda vår til langkjeda omega-3 feittsyrer, vitamin D og jod i kosthaldet. Er du allergisk mot fisk, anbefalast det derfor utgreiing om du kan ete andre fiskesortar. Du må elles være ekstra oppmerksam på å erstatte desse næringsstoffa ved hjelp av annan mat eller tilskot. 

Andre kjelder til jod er brunost, mjølk, yoghurt og egg. Det er tilsett lite jod i salt i Noreg. Ved kosthald utan fisk anbefalast dagleg tilskot av omega-3 og vitamin D. Tran inneheld begge delar.

Prognose

Fiskeallergi startar ofte tidleg i barndomen, men kan også oppstå i vaksen alder. Det er ofte ein allergi som kan vare livet ut. Alvorleg fiskeallergi kan føre til livstruande allergiske reaksjonar. Heldigvis er denne typen fiskeallergi sjeldan.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Hverdager kl. 09:00 - 14:30

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsamheitssjukdommar.

LHL Astma og allergi

22 79 90 00

Hverdager kl. 08:30 - 12:00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO)

Helsedirektoratet, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO). Allergi mot fisk. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 2. mai 2024 [henta søndag 26. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/matallergi/allergi-mot-fisk/

Sist oppdatert torsdag 2. mai 2024