Mjølkeallergi er ein allergisk reaksjon på protein i kumjølk. Symptoma er ofte magesmerter, diare og utslett. Mjølkeallergi rammar som oftast små barn. Personar med mjølkeallergi skal halde seg unna mjølk og meieriprodukt.
Illustrasjon: Cseh Ioan / Mostphotos
Kva er mjølkeallergi?
Symptom på mjølkeallergi
Utgreiing og diagnose
Sjølvhjelp og råd
Prognose
Kva er mjølkeallergi?
Mjølkeallergi er ein allergisk reaksjon mot eitt eller fleire av proteina i mjølk. Då må ein halde seg unna mjølk og meieriprodukt. Mjølkeallergi opptrer først og fremst hos spedbarn og i småbarnsalderen, og rammar rundt 2–3 prosent. Det er vanleg å vekse av seg mjølkeallergi før skulealder. Under 1 prosent av den vaksne befolkninga har mjølkeallergi.
Symptom på mjølkeallergi
Typiske symptom på mjølkeallergi er:
oppkast
diaré
magesmerter
hudutslett
pustevanskar
Diffuse symptom på mjølkeallergi er
laus avføring
mistrivsel
dårleg vektauke og vekst
Utgreiing og diagnose
Det er viktig å få riktig diagnose dersom du mistenkjer at du eller barnet ditt ikkje toler mjølk eller andre matvarer. Dette fordi du må utelukke at det ikkje er andre sjukdomar som kan gje plagene, og for å sleppe å kutte ut fleire matvarer enn nødvendig.
Lege eller klinisk ernæringsfysiolog vil rettleie deg i kva ein bør unngå, og eventuelt om barnet bør få mjølk under observasjon for å stadfeste eller avkrefte mjølkeallergi. Når barnet byrjar med kumjølk, til dømes i barnegraut eller i morsmjølkerstatning, kan det reagere med symptom på mjølkeallergi. Hos nokre barn kan sjølv ørsmå mengder mjølkeprotein utløyse alvorlege reaksjonar. Barnet har som regel fleire symptom. Ein sjeldan gong kan mjølkeallergi utvikle seg hos eldre barn og vaksne.
Sjølvhjelp og råd
Kosthald ved mjølkeallergi
Ved mjølkeallergi blir det tilrådd ein diett fri for mjølk. I samråd med lege eller klinisk ernæringsfysiolog finn de ut kor streng dietten må vere. Somme må unngå sjølv ørsmå mengder, medan andre kan tole mjølk i oppvarma form. I sjeldne tilfelle kan spedbarn som utelukkande får morsmjølk, også få symptom på mjølkeallergi. I desse tilfella bør mor unngå mjølk og mjølkeprodukt i ammeperioden.
Næringsrikt kosthald utan mjølk
Mjølk og andre meieriprodukt er ei viktig kjelde til energi, protein, jod, kalsium, riboflavin og vitamin B12. Dersom du ikkje drikk eller et meieriprodukt, må du få dekt behovet for desse næringsstoffa på andre måtar.
Det er mange gode kjelder til energi og protein i kosten, anten du inkluderer andre animalske matvarer (kjøt, fugl, fisk og egg) eller om du har eit vegansk kosthald (bønner, linser, erter, nøtter, frø og korn). Av plantedrikkane er det berre soyadrikk som har like mykje protein som kumjølk.
Det er kalsium i nokre matvarer som grøne grønsaker, nøtter og frø, men for dei fleste er det vanskeleg å få nok kalsium i kosten utan også å bruke plantedrikkar med kalsium. Dersom du ikkje bruker plantedrikkar med kalsium, bør du ta eit eige kalsiumtilskot. Det finst plantebaserte alternativ til ei rekkje meieriprodukt som yoghurt, kvarg, fløyte, rømme, iskrem og ost.
Innan fire–fem-årsalder har dei aller fleste vakse av seg mjølkeallergien sin. Nokre få beheld allergien opp i vaksen alder. Les meir om mjølkefritt kosthald, og mjølkefritt kosthald til spedbarn og barn her: Mat utan mjølk - Helsenorge.