Frosen skulder
Frosen skulder (frozen shoulder) er ein betennelse som gjev langvarige smerter og nedsett rørsle i skuldra. Smertene kjem ofte snikande.

Illustrasjon: Colourbox
- Kva er frosen skulder?
- Symptom på frosen skulder
- Årsaker
- Kva kan du gjere sjølv?
- Utgreiing og diagnose
- Behandling
- Rettar
Kva er frosen skulder?
Frosen skulder er ein betennelse i leddhinna som omgjev skulderleddet, og ofte også i det omgjevande blautvevet. Leddhinna klistrar seg etter kvart saman med leddhovudet. Dette fører til langvarige smerter og betydeleg nedsett rørsle i skuldra. Frosen skulder kallar vi også skulderkapsulitt.
Frosen skulder er ein svært invalidiserande tilstand, som vanlegvis varar i eitt til tre år. Enkelte kan ha symptom i opptil ti år, men dette er sjeldan.
Symptom på frosen skulder
Betennelsen i skuldra utviklar seg sakte og kjem snikande. Ofte kjem smertene utan ei spesiell utløysande årsak.
Vanlege symptom ved frosen skulder:
- smerter i skulder og ofte arm
- sterkt nedsett rørsle i skuldra
- vanskar med å løfte arma over skulderhøgde
- strålesmerter heilt ned i underarmen
- smerter også ved kvile og om natta
Nokon kan vere ute av stand til å bevege skuldra i det heile.
Etter ei tid går smertene over av seg sjølv, og rørsla kjem gradvis tilbake. For nokon kan sjukdomsforløpet strekkje seg over fleire år.
Årsaker
Dei fleste som får frosen skulder er i alderen mellom 40 og 70 år. Nokon kan utvikle frosen skulder i både høgre og venstre skulder.
Frosen skulder utan openberr årsak
Hos dei fleste er årsaka til frosen skulder uforklarleg. Det vil seie at plagene har oppstått utan at det har vore skadar eller spesielle påkjenningar på førehand. Denne varianten kallar vi primær kapsulitt eller idiopatisk variant. Plagene kan vare i opptil tre år.
Frosen skulder grunna skade
Frosen skulder kan også finne stad etter ein skade, ofte etter eit fall rett på skuldra eller som konsekvens av eit uheldig drag på skuldra. Denne varianten kallar vi sekundær kapsulitt eller traumatisk variant. Plagene går ofte over innan 1–1,5 år.
Frosen skulder grunna langvarig mangel på aktivitet
Tilstanden kan også kome på grunn av langvarig mangel på aktivitet i skuldra, for eksempel ved diabetes, hjerneslag med lamming, etter brot, eller ved leddgikt. Større operative inngrep i skulder, brystkasse eller nakke kan også vere årsak til diagnosen.
Kva kan du gjere sjølv?
Du bør fortsetje å halde skuldra i rørsle om du byrjar å kjenne på skuldersmerter. Dette kan hindre at smertene utviklar seg til frosen skulder.
Utgreiing og diagnose
Som regel held det med ei klinisk undersøking for å fastslå diagnosen. Likevel kan det vere nødvendig med ein artrografi (radiologisk undersøking av skulderleddet etter at det først er sprøyta inn kontrastvæske) eller MR for å stadfeste diagnosen.
Behandling
Behandling ved frosen skulder kan vere:
- kortisoninjeksjonar og medikamentell behandling
- ergoterapi
- kirurgi
Treningsøvelser er ikkje tilrådd i fasen skuldra er i tilfrysing. Det kan gjere tilstanden verre. Fysioterapi kan ha god effekt når smertene stabiliserer seg. Ein tommelfingerregel er at når du kan sove på den sida du har vondt, kan det vere aktuelt med rettleia trening frå fysioterapeut.
Rettar
Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.