Frosen skulder

Frosen skulder (frozen shoulder) er ein tilstand som gir langvarige smerter og nedsett rørsle i skuldra. Smertene kjem ofte snikande, og kan vare i eit år. Stivleiken kan vare lenger. Sjølv om tilstanden er smertefull, går den nesten alltid over av seg sjølv.

Kva er frosen skulder?

Frosen skulder startar som ein betennelse i leddhinna som ligg rundt skulderleddet. Leddhinna klistrar seg etter kvart saman med leddhovudet. Dette fører til betydeleg nedsett rørsle i skuldra. Frosen skulder kallar vi også frozen shoulder eller skulderkapsulitt. 

Frosen skulder er ein svært smertefull tilstand som også gir stivleik i skulderleddet. Smerta går over for dei fleste etter seks til tolv månader, mens stivleiken vanlegvis varer eitt til to år. Enkelte kan ha symptom lengre, men dette er sjeldan. Sjukdomen er smertefull, men ikkje farleg.

Symptom på frosen skulder

Smerta i skuldra utviklar seg som regel sakte, ofte utan ei spesiell utløysande årsak. Nokre gonger begynner smerta raskt, i løpet av nokre dagar. Stivleiken i skuldra kjem vanlegvis snikande og kan vere vanskeleg å merke i starten fordi skuldra er så smertefull.  

Vanlege symptom ved frosen skulder: 

  • smerter i skulder som ofte kjennest ned i overarmen 
  • sterkt nedsett rørsle i skuldra 
  • vanskar med å løfte arma over skulderhøgd 
  • strålesmerter heilt ned i underarmen 
  • smerter også ved kvile og om natta 

Nokre få kan nesten bli ute av stand til å bevege skuldra i det heile. 

Etter ei tid går smertene over av seg sjølv, og rørsla kjem gradvis tilbake. For nokon veldig få kan forløpet til sjukdomen, og særleg stivleiken, vare over to år. 

Årsaker til frosen skulder

Dei fleste som får frosen skulder, er i alderen mellom 45 og 60 år. Sjukdomen råkar flest kvinner. Omtrent 20 prosent kan utvikle frosen skulder i den andre skuldra òg, men sjukdomen kjem aldri tilbake i same skulder.  

Frosen skulder utan openberr årsak 

Hos dei fleste er årsaka til frosen skulder uforklarleg. Det vil seie at plagene har oppstått utan at det har vore skadar eller spesielle påkjenningar på førehand. Denne varianten kallar vi primær frosen skulder. 

Frosen skulder grunna skade 

Frosen skulder kan også finne stad etter ein skade, ofte etter eit fall rett på skuldra, etter brot i overarmen, eller som konsekvens av eit uheldig drag på skuldra. Denne varianten kallar vi sekundær frosen skulder. Plagene går ofte over raskare enn ved primær frosen skulder. Smertene forsvinn gjerne etter 3-9 månader og stivleiken innan 1–1,5 år.  

Disponerande faktorar 

Frosen skulder er vanlegare i nokre familiar så tilstanden er til ein viss grad arveleg. Hos dei som har diabetes eller sjukdom i skjoldbruskkjertelen (thyroideasjukdom), er sjukdomen om lag fire gonger så vanleg som hos dei som ikkje har slik sjukdom. 

Personar med hjerneslag og lamming i ein arm er disponert for frosen skulder. Operative inngrep i skulder, bryst, brystkasse eller nakke kan også starte sjukdomen. 

Kva kan du gjere sjølv?

Du bør fortsetje å halde skuldra i rørsle og bruke den som normalt om du begynner å kjenne på skuldersmerter. Det er ikkje kjent at andre tiltak kan hindre utvikling av frosen skulder. 

Utgreiing og diagnose ved frosen skulder

Som regel held det med ei klinisk undersøking for å fastslå diagnosen. Røntgen og MR er som regel normalt sjølv om MR kan vise betennelse tidleg i forløpet.  

Behandling for frosen skulder

Heldigvis forsvinn smertene og stivleiken av seg sjølv over tid. For nokre kan det vere nok berre å vite dette. Tilstanden kan vere svært smertefull i starten. Smertebehandling kan vere aktuelt for mange. Dette kan vere kortisoninjeksjonar og behandling med medisin. 

Ein kortisoninjeksjon minskar ofte smertene godt og mange søv betre etter dette. Effekten kan vere varig. Nokre gonger kan injeksjonen gjentakast ein gong.

Nokre behandlarar brukar ultralydbilete for å visualisere kor sprøytene skal setjast. Dette er ikkje nødvendig. Forskningsstudier viser at effekten på smertene er like god utan rettleiing av ultralyd. Injeksjonen verkar ikkje på stivleiken.

Sterke smertestillande eller sovetablett kan betre søvnen om natta, men verkar som oftast ikkje så godt som ein kortisoninjeksjon. 

Fysioterapeutisk behandling med øvingar og leddmobilisering er ikkje tilrådd tidleg i sjukdomsforløpet. Effekten er liten og skuldra kan bli meir smertefull. Fysioterapi kan hjelpe når smertene stabiliserer seg, men vanleg bruk av arma held for dei fleste. Kjenner du at du treng hjelp med å få i gang rørsla, kan det vere aktuelt med rettleia trening frå fysioterapeut. 

Kirurgisk behandling trengst sjeldan fordi dei fleste blir fri frå smerter på nokre månader og har full rørsle etter eit par år. Nokre veldig få har eit alvorleg forløp kor stivheta er stor. Om betring av stivleiken ikkje skjer etter 1 – 1,5 år kan du visast til skulderortoped for vurdering. 

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted vil du sjå at ventetidene kan variere.

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Frosen skulder. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 16. april 2024 [henta laurdag 20. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/frossen-skulder/

Sist oppdatert tysdag 16. april 2024