Hallux valgus (skeiv stortå)

Hallux valgus er ei skeivstilling i stortåa, og blir ofte kalla skeiv stortå. Stortåa er vridd mot vesletåa og kan også liggje over tå nummer to. Tilstanden er svært vanleg, og operasjon er oftast ikkje nødvendig. For nokon kan tilstanden føre til smerter og redusert livsutfalding.

Føtter med skjev stortå, hvor stortåen er vridd mot lilletåen og ligger over tå nummer to.

Kva er hallux valgus?

Hallux valgus er svært vanleg. Opp mot 50 prosent av befolkninga kan ha tilstanden i vaksen alder, og han er meir vanleg hos kvinner enn menn. Årsaka er varierande.

Symptom på hallux valgus

Hallux valgus er ei skeivstilling i stortåa, og blir ofte kalla skeiv stortå. Stortåa er vridd mot vesletåa og kan også liggje over tå nummer to.

Etter kvart som tilstanden utviklar seg, vil det oppstå ein ubalanse i musklar og sener som er festa til stortåa. Dette kan bidra til ytterlegare forverring.
Sidan tåa blir vinkla utover, vil knoken ved grunnleddet på stortåa stikke ut. Dette ser ut som ein kul på sida av foten, og den kan trykkje mot sida av skotøy. I verste fall kan ein få sår. Mange vil difor oppleve problem med å finne gode sko.

For nokon kan tilstanden føre til smerter og redusert livsutfalding. Dei fleste har likevel ingen eller få plagar av tilstanden.

Behandling for hallux valgus

Avlastande behandling

Har du problem med hallux valgus, må du i første omgang oppsøkje fastlege for vidare råd. Mange kan også få god hjelp og råd hos fotterapeut.

Tøyingar av tærne kan verke positivt fordi du opprettheld rørsle i leddet. Ein fotterapeut kan også hjelpe deg med dette.

I periodar med smerter i tåa kan du ha nytte av smertestillande tablettar som paracetamol. Ikkje-steroide betennelsesdempande legemiddel (NSAIDS) kan også brukast.

Fastlegen kan tilvise deg til ortopediingeniør som kan vurdere om du har behov for innleggsolar, fotseng eller spesialsko.

Operasjon som behandling av hallux valgus

Det er få pasientar med hallux valgus som går gjennom kirurgisk behandling. Resultatet av kirurgi er ikkje alltid som forventa, og det kan oppstå uønskte komplikasjonar.

Om du opplever store smerter og redusert livsutfalding, og du ikkje har fått hjelp gjennom avlastande behandling, kan operasjon vere aktuelt. Du må då bli tilvist til utgreiing hos ortoped.

Det er viktig å vere klar over at det kan vere lang rekonvalesenstid etter operasjonen, ofte opp mot eit halvt år.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. Under vil du sjå at ventetidene kan variere.

Innhaldet er levert av Akershus universitetssykehus HF

Akershus universitetssykehus HF. Hallux valgus (skeiv stortå). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert torsdag 16. mars 2023 [henta fredag 13. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/halluxvalgus/

Sist oppdatert torsdag 16. mars 2023