Karpaltunnelsyndrom

Karpaltunnelsyndrom blir kjenneteikna av nomenheit eller smerter i handleddet og i tre fingrar. Det finst behandlingar som kan hjelpe og som forhindrar kronisk skade.

Kva er karpaltunnelsyndrom?

Karpaltunnelen er ein smal kanal mellom knoklane inne i handleddet. Nerven som ligg i denne kanalen kan kome i klem og gi nomenheit, svakheit og smerter i bla tommel, peikefinger og langefinger. Dette blir kalla karpaltunnelsyndrom eller canalis carpi-syndrom.

Symptombilete

Karpaltunnelsyndrom kan gi desse symptoma:

  • smerter
  • prikking eller nummenheit frå handleddet og ut i tommel, peikefinger og langfinger
  • smerter og strammingar i muskulaturen i heile armen
  • svekt pinsettgrep
  • lett for å glippe ting du held i handa

Smertene kan bli verre når du repeterer ei rørsle mange gongar, eller når handa blir halden i éi spesiell stilling. Å riste handa kan hjelpe.

Karpaltunnelsyndrom kan ramme begge hendene, men den handa du brukar mest blir ofte ramma hardast.

Risikofaktorar

Nokre medisinske tilstandar, som til dømes leddgikt (revmatoid artritt) kan føre til karpaltunnelsyndrom. 

Andre risikofaktorar for å utvikle karpaltunnelsyndrom er:

  • Kjønn. Sjukdomen rammar oftare kvinner.
  • Graviditet. Nokre kvinner får karpaltunnelsyndrom i svangerskapet, men blir ofte heilt friske etter fødselen.
  • Alder. Sjukdomsrisikoen aukar etter fylte 30 år.
  • Overvekt.
  • Arbeid. Risikoen aukar dersom du har ein jobb som inneber mykje bøying og vriding av handleddet, eller bruk av vibrerande verktøy.

Utgreiing og diagnose

For å kunne diagnostisere karpaltunnelsyndrom vil legen spørje deg om symptoma, og undersøke handleddet og handa di. 

Det vil sannsynlegvis blir utført ein test (elektromyografi) som måler den elektriske aktiviteten til nervar og musklar. Ved hjelp av undersøkinga kan legen bekrefte om du har karpaltunnelsyndrom og alvorsgrada.

Behandling av karpaltunnelsyndrom

Det er viktig å få behandling for karpaltunnelsyndrom så tidleg som mogleg for å unngå varig skade.

Skinnebehandling

Forskning viser at 7 av 10 personar opplever betring når dei brukar ei skinne om natta (handleddsortose). Skinna hindrar at du bøyer handleddet.

Det er ingen undersøkingar som har vist at bruk av skinne heile døgnet vil fungere betre, enn berre bruk om natta. Vanlegvis kan du slutte med skinna etter to månadar, men du kan ha henne på lengre ved behov.

Medisinar

Dersom bruken av skjene om natta ikkje hjelper, kan ein kortisoninjeksjon i handleddet truleg redusere smertene i handa og handleddet i løpet av nokre veker. Verknaden varer ofte i nokre månadar. Forsking viser at 7 av 10 personar opplever betring i opptil seks månadar. Det er ein liten risiko for at nåla kan skade sener eller nervar i handleddet.

Det finst symptomlindrande legemiddel som du kan bruke i tillegg til skjene og kortisoninjeksjon. Betennelsesdempande legemiddel, som til dømes er ibuprofen og naproxen, kan hjelpe mot betennelse og smertar. Vassdrivande legemiddel som du tar i nokre veker kan hjelpe mot hevelsar i handleddet forårsaka av væskesamling.

Operasjon

Kirurgi kan redusere presset på nervane i handleddet. Omtrent 9 av 10 personar som går gjennom kirurgi, er betre eitt år seinare. Du er vaken under inngrepet og får lokalbedøving før inngrepet.

Det finst to typar operasjonar. Kirurgen kan operere gjennom eit snitt på ca. fem centimeter ved handleddet. Ved kikhòlskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt og brukar eit lite kamera. Begge operasjonane gir like godt resultat, men med kikhòlskirurgi kan du kanskje gå tilbake til arbeid noko tidlegare.

Vanlegvis kan du reise heim same dag som du blir operert. Moglege komplikasjonar av inngrepet kan vere nerveskade, nomenheit, svakheit i handa og smerter i arret. Komplikasjonane er vanlegvis ikkje alvorlege og forsvinn etter ei stund.

Du blir ikkje raskare betre av å bruke skinne etter operasjonen. Tvert imot kan det føre til meir smerte.

Prognose

Mange med karpaltunnelsyndrom opplever at symptoma blir sakte verre, ofte over år.

Du bør likevel ikkje oversjå karpaltunnelsyndrom. I somme tilfelle kan tilstanden gi alvorlege nerveskadar.

Har du symptom som nomenheit, prikking, smerter eller svakheit i handa eller i handleddet bør du oppsøke lege. Dei fleste blir bra med behandling.

Rettar

Du har rett til å velje behandlingsstad for alle undersøkingar og behandlingar du blir tilvist for. På Velg behandlingssted kan du sjå at ventetidene kan variere.

Karpaltunnelsyndrom. Helsebiblioteket.no, 2024.

Carpal tunnel syndrome (pdf). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2023.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Karpaltunnelsyndrom. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. august 2024 [henta torsdag 12. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/muskel-og-skjelett/karpaltunnelsyndrom/

Sist oppdatert fredag 9. august 2024