Anoreksi – råd til pårørande

Det kan vere utfordrande å vere pårørande til eller ha ein venn med anoreksi. Det er lett å bli bekymra og kjenne seg hjelpelaus når den ein er glad i, svelter seg sjuk. Men med rett behandling er det gode sjansar for å bli frisk.

Kva er anoreksi?

Anoreksi er kjenneteikna av ein intens frykt for å gå opp i vekt. Mange trur dei er overvektige, sjølv når dei er undervektige. Anoreksi handlar òg om sjølvkjensle. Mange kjenner på skam og dårleg samvit. Å svelte seg kan gi ei kjensle av å ha kontroll over vanskelege kjensler og stress.

Anoreksi kan gi medisinske komplikasjonar som

  • beinskjørheit
  • tap av menstruasjon
  • fertilitetsproblem (problem med å bli gravid / auka risiko for spontanabort)
  • hovudverk
  • synsvanskar

Dersom sjukdommen varer over tid, kan underernæringa gi alvorlege hjarteproblem i form av unormal hjarterytme og hjartesvikt, i verste fall død.

Symptom du bør sjå etter

Personar som slit med ei eteforstyrring, prøver ofte å skjule sjukdommen. Her er nokre teikn som kan tyde på anoreksi eller ei anna eteforstyrring:

  • Et små porsjonar mat og hoppar over måltid
  • Unngår kaloririk mat som kjøt og sukkerhaldig mat
  • Oppfører seg annleis ved måltid Skjer kanskje maten opp i små bitar, smuldrar han opp og bruker lang tid på å ete
  • Ønskjer å ete åleine
  • Lagar store måltid for familie og venner, men et ikkje sjølv, eller et berre ein liten porsjon med kalorifattig mat
  • Seier at ein er mett etter å ha ete berre ein liten porsjon mat
  • Er irritabel og stressa, særleg rundt måltida
  • Går frå bordet under eller like etter eit måltid, ofte for å gå på toalettet
  • Lyg om mat og er hemmelegheitsfull Fortel gjerne at dei har ete, for å unngå eit måltid
  • Hamstrar mat eller samlar mengder av oppskrifter
  • Snakkar stadig om mat
  • Seier dei kjenner seg veldig tjukke, mens dei eigentleg er veldig tynne
  • Klagar over at dei hatar delar av kroppen sin
  • Brukar mykje tid på trening
  • Har fine dunhår i ansiktet
  • Frys ofte og brukar masse klede for å halde seg varm og skjule avmagring
  • Drikk mykje vatn eller kolsyrehaldig, kalorifattig drikke
  • Har høgt skule- eller jobbfråvær

Mange barn og tenåringar er kresne til tider. Å vere kresen treng ikkje å vere eit teikn på eteforstyrring. Men dersom barnet ditt har ei eteforstyrring, er det viktig å hugse at dette er ein sjukdom som barnet ikkje kan hjelpe for. Barnet ditt kan vere redd eller skamfullt og treng støtte frå deg.

Korleis kan du støtte?

Å snakke med nokon om at du har ei eteforstyrring, kan vere vanskeleg. Du kan bli møtt med sinne, tårer eller skuldingar. Sjukdommen kan gi eit bestemt åtferdsmønster med nekting og manipulasjon.

Som pårørande er det viktig å:

  • vere roleg og lytte med empati og respekt
  • vere open om at du er bekymra
  • ikkje avvise eller oversjå han eller ho
  • ikkje prøve å lage enkle løysingar
  • tilby å bestille legetime og vere med som støtte

Er du overtydd om at barnet ditt har ei eteforstyrring eller er i faresona for å utvikle ei eteforstyrring, må du forvente motstand mot å oppsøkje hjelp. Då er det viktig at du held fast på at han/ho treng profesjonell behandling.

Svelting gir ei rekkje plager, nedsett muskelkraft og redusert overskot. Dersom barnet ditt klagar over dette, er det viktig å knyte desse plagene til lågt næringsinntak. Dersom barnet sjølv erkjenner at han eller ho har eit problem, er det lettare å bli motivert for behandling og ønskje å bli betre.

Behandling for anoreksi

Det er viktig å få profesjonell hjelp for å kunne bli betre av anoreksi. Forsking viser at tidleg behandling gir best prognose. Det er likevel viktig å søkje hjelp sjølv om personen har hatt anoreksi i fleire år. Dess lengre ein svelt seg, dess meir helseskadeleg er det.

Behandlinga hjelper pasienten med å forandre korleis han eller ho tenkjer om mat og kjensler, og lærer barnet å gå opp i vekt på ein kontrollert måte. Enkelte treng vitamin- og mineraltilskot. Vegen til betring kan vere lang og vanskeleg, og ein må vere førebudd på tilbakefall.

Samtalebehandling (psykoterapi og kognitiv åtferdsterapi) kan vere nyttig i behandlinga av både ungdommar og vaksne med anoreksi. Desse tilnærmingane ser på korleis tankar og førestillingar påverkar både symptom og åtferd. Familieterapi viser òg gode resultat for barn og ungdom. Legemiddel (antidepressiva) blir brukt mot samtidig depresjon.

Kvar kan eg få hjelp?

Ønskjer du meir informasjon om eteforstyrringar, kan du lese meir på desse nettstadene:

Spiseforstyrrelsesforeningen - Informasjons- og krisetelefon

22 94 00 10

Mandag kl. 09:00 - 16:00

Tirsdag kl. 09:00 - 16:00

Fredag kl. 09:00 - 16:00

Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS)

ROS er en landsdekkende interesseorganisasjon som tilbyr støtte, råd og veiledning til de som sliter eller har slitt med en spiseforstyrrelse, og deres pårørende.

Ung.no - Spiseforstyrrelser

Temaside om spiseforstyrrelser

Anoreksi: råd til pårørende. Helsebiblioteket, 2023. 

Anorexia: how to help if someone you know may have it (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020. 

Anorexia (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2020.

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Anoreksi – råd til pårørande. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 29. mars 2023 [henta torsdag 25. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/psykiske-lidelser/spiseforstyrrelser/anoreksi-hvordan-hjelpe/

Sist oppdatert onsdag 29. mars 2023