Krystallsykje

Krystallsykje er ein vanleg sjukdom i det indre øyret som er kjenneteikna av at bestemte hovudrørsler utløyser kortvarige anfall av svimmelheit. Symptoma kjem av krystall (otolittar) som har losna frå øyresteinsorgana og ramla inn i bogegangane i det indre øyret. Sjukdomen er ufarleg og går ofte over av seg sjølv, men hos nokre kan symptoma vere meir langvarige og plagsame.

Oppsummering

​Det medisinske namnet på krystallsykje er Benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV). Dette tyder godarta, anfallsprega svimmelheit utløyst av stillingsendringar.  

Kor vanleg er sjukdomen? 

Krystallsykje er svært vanleg, og det medisinske fagmiljøet anslår at omkring 80 000 nordmenn opplever sjukdomen kvart år. 

Sjukdomen er sjeldan hos barn, men blir meir vanleg i vaksen alder frå fylte 30 år. Han er svært vanleg blant eldre og noko hyppigare hos kvinner enn hos menn. 

Symptom på krystallsykje

Symptoma byrjar ofte akutt, nokre gonger om morgonen i det ein snur seg eller set seg opp i senga. Hovudrørsler utløyser korte anfall av svimmelheit, ofte kjensla av at ting går rundt og rundt som i ein karusell. 

Anfalla blir typisk utløyste av hovudrørslene når ein legg seg ned eller snur seg i senga, men kan også utløysast av at ein ser opp eller ned. Dei kraftigaste anfalla varer vanlegvis mindre enn eit halvt minutt, men kjensla av å vere småsvimmel og uvel kan vare noko lenger. 

Symptoma går vanlegvis heilt over i løpet av få minutt om ein sit eller ligg med hovudet heilt i ro. Nokre gonger blir symptoma betre utover dagen så lenge ein held hovudet vertikalt, men dei kan kome tilbake når ein legg seg ned, t.d. på sofaen eller i senga.

Årsaker

Øyresteinsorgana er to små sanseorgan som inngår i balanseorganet i det indre øyret. Desse inneheld tusenvis av små kalkkrystallar (otolittar, Store medisinske leksikon) som gjer at balanseorganet kan registrere tyngdekraft og akselerasjonskrefter meir presist. Balanseorganet sender informasjon til hjernen om stillinga og rørslene til hovudet. Hjernen bruker denne informasjonen til å utløyse raske refleksar som blant anna forhindrar fall og sikrar skarpt syn når hovudet beveger seg. 

Kalkkrystallane i øyresteinsorgana kan skrive seg frå ein feilfunksjon i bogegangane (Store medisinske leksikon) i det indre øyret. Vi har tre bogegangar i kvart øyre, og desse inneheld små følarar som sender signal til hjernen kvar gong vi roterer på hovudet. Ved krystallsykja sender bogegangane feil signal, slik at du nokre gonger får ei sterk kjensle av at hovudet roterer, sjølv om du eigentleg er i ro. 

Årsaka til dette er nokre små krystall av kalkstein som finst i ein annan del av det indre øyret. Desse kallar vi otolittar eller «øyresteinar». Desse krystallane sit normalt festa til ein membran som registrerer kva stilling hovudet er i, til dømes loddrett eller vassrett. Krystallsykje oppstår når otolittane losnar frå membranen og fell inn i bogegangene i det indre øyret. Dette skjer gjerne om natta når du ligg i senga. 

Når du set deg opp eller snur deg, beveger otolittane seg inne i bogegangane. Dette irriterer dei små følarane i bogegangen, slik at du får ei sterk oppleving av at hovudet er i rørsle. Når hovudet er i ro, opphøyrer svimmelheita vanlegvis etter ei kort stund, men du kan kjenne deg litt uvel også i etterkant. 

Krystallsykje er vanlegare jo eldre ein blir. Årsaka er vanlegvis ukjend, men hovudskade eller betennelsestilstandar i det indre øyret kan auke risikoen. Vitamin D-mangel kan også auke risikoen for sjukdomen. 

Utgreiing og diagnose

Diagnosen blir stilt ved hjelp av hovudmanøvrar som framprovoserer eit karakteristisk anfall av svimmelheit og ufrivillige augerørsler. Hovudmanøvrane og retninga på augerørslene gjer at legen som oftast kan seie kva for eit øyre, og kva for ein av dei tre bogegangane, som er ramma. 

Dersom det er tvil om diagnosen, kan det vere nødvendig med tilleggsundersøkingar. 

Behandling

Behandling med manøver 

Sjukdomen kan behandlast ved hjelp av hovudmanøvrar som får krystallane til å falle ut av bogegangane. Det finst mange forskjellige manøvrar som kan vere effektive. Nokre verkar raskt, men føreset at den som utfører behandlinga, veit nøyaktig i kva del av balanseorganet krystallane er. 

Behandling i rotasjonsstol 

Behandlinga kan vanlegvis utførast på ein vanleg undersøkingsbenk, men for enkelte kan ho vere vanskeleg å gjennomføre. Dette gjeld til dømes eldre som har svært stiv nakke eller rygg, og ved enkelte, uvanlege variantar av krystallsykje. Diagnostikk og behandling kan då utførast i ein spesiell rotasjonsstol (biaksial stol). 

Behandling med operasjon 

Nokre få kan ha nytte av operasjon med plugging av ein av bogegangane. Dette føreset at ein veit med stor sikkerheit kva for eit øyre og kva for ein bogegang som er hovudårsaka til svimmelheitsanfalla. 

Operasjon med plugging kan redusere anfalla, men øydelegg den normale funksjonen i bogegangen og kan ein sjeldan gong også medføre høyrselstap. Behandlinga kan likevel vere eit alternativ for enkelte med store og langvarige plager utan effekt av anna behandling. 

Prognose

Dei aller fleste blir friske av krystallsykja. Sjukdomen er ufarleg, sjølv om han er plagsam. Dersom du har hatt krystallsykja éin gong, er det 50 prosent risiko for å få ho att. Hos mange kan det likevel gå år mellom kvar gong symptoma oppstår. 

Behandlinga ved tilbakefall er den same og har som oftast god effekt. 

 

Clinical Practice Guideline: Benign Paroxysmal Positional Vertigo (Update). ​Bhattacharyya, N. et al.Otolaryngol Head Neck Surg, 2017 Mar;156 (3_suppl):1–47

En vei ut av svimmelheten. Krystallsyke (BPPV), Bergen; Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer . Tilgjengelig fra http://www.balanselaboratoriet.no

Krystallsyke. Goplen F. . Artikkel i Store norske leksikon: 

Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer

Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer . Krystallsykje . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 19. desember 2022 [henta tysdag 16. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/sykdom/svimmelhet-og-balanseforstyrrelser/krystallsyke/

Sist oppdatert måndag 19. desember 2022