Virus på balansenerven (vestibularisnevritt)
Vestibularisnevritt er ei akutt lamming av balansenerven. Det er ei av dei vanlegaste årsakene til akutt og kraftig svimmelheit. Rask legeundersøking er viktig fordi symptoma også kan skrive seg frå meir alvorleg sjukdom som hjerneslag.
- Oppsummering
- Symptom på virus på balansenerven
- Kva anna kan det vere
- Årsaker
- Utgreiing og diagnose
- Behandling
- Sjølvhjelp og råd
Oppsummering
Det mest kjende namnet på denne tilstanden er «virus på balansenerven». Vanlegvis er forklaringa at balansenerven har vorte skadd på grunn av ein virusinfeksjon.
Sjukdomen rammar rundt 200–500 personar årleg i Noreg.
Symptom på virus på balansenerven
Virus på balansenerven er kjenneteikna av:
- eit kraftig og plutseleg anfall av karusellsvimmelheit som varer i over eit døgn
- ustøleik
- kvalme og oppkast
Karusellsvimmelheit kallar vi også rotatorisk vertigo, og er ei tydeleg, ofte overveldande kjensle av at du sjølv eller omgjevnadene roterer. Du får gjerne ein sterk trong til å leggje deg ned og halde deg fast. Du får ufrivillige augerørsler (nystagmus).
I den første fasen av sjukdomen (éin til tre dagar) vil svimmelheita ofte vere så kraftig at ho medfører kvalme og brekningar når du beveger deg.
Symptoma kan vere vanskelege å skilje frå andre sjukdomar, blant anna hjerneslag. Dersom du opplever plutseleg og uvanleg kraftig svimmelheit og uvelheit utan noka klar årsak, er det derfor viktig å oppsøkje lege raskt. Dersom du er ute av stand til å klare deg heime, kan sjukehusinnlegging også vere nødvendig.
Den akutte fasen blir etterfølgt av ein periode med svimmelheit når du beveger deg. Dei fleste fungerer normalt igjen etter nokre veker, men det er ikkje uvanleg med lette symptom som varer lenger enn dette. Vanlegvis dreier det seg då om lett svimmelheit ved raske hovudrørsler.
Kva anna kan det vere
Det finst nokre former for hjerneslag som gjev liknande symptom som virus på balansenerven. Derfor er det viktig straks å kontakte lege dersom du plutseleg blir uvanleg svimmel og uvel utan noka klar årsak.
Årsaker
Virus på balansenerven kjem sannsynlegvis av det same viruset som gjev utbrot av forkjølingssår/munnsår, Herpes Simplex. Hos dei fleste av oss finst dette viruset inaktivt i nervegangliar i hovudet.
Virus på balansenerven gjev ei akutt lamming av balansenerven. Signala til hjernen blir forstyrra, og det opplever ein som om rommet eller kroppen er i rørsle, ofte ei karusellkjensle.
Sjukdomen rammar rundt 200–500 personar årleg i Noreg. Tilbakefall er uvanleg.
Utgreiing og diagnose
Virus på balansenerven kan påvisast gjennom testar av funksjonen til balanseorgana.
Kalorisk prøve
For å undersøkje funksjonen til balansenerven, kan det gjennomførast ein kalorisk prøve. Under undersøkinga blir øyregangen din oppvarma eller nedkjølt ved hjelp av vatn eller luft. Dette kan utløyse karakteristiske, ufrivillige augerørsler (nystagmus). Det er desse augerørslene legen ser på når diagnosen skal stillast. Undersøkinga blir gjort på høgre og venstre øyre, for å samanlikne dei to sidene.
Hovudimpulstest (HIT)
Ei anna undersøking er hovudimpulstest (HIT), som inneber at augerørslene dine blir observerte i samband med raske hovudrørsler. Ved vestibularisnevritt vil augerørslene henge etter hovudrørslene, og dette gjer det mogleg å finne ut kva delar av balanseorganet eller balansenerven som er skadd.
Behandling
Målet med behandlinga er å lindre symptom i akuttfasen, forkorte sjukdomsforløpet og førebyggje utvikling av langvarig svimmelheit.
Kortison kan i nokre tilfelle forkorte sjukdomsforløpet dersom du tek til med behandlinga raskt.
Ro og sengeleie vil minske svimmelheitskjensla, og det finst medikament som kan dempe kvalmen. Det er likevel viktig at du kjem tidleg i gang med å bevege deg, og at du ikkje bruker kvalmedempande medikament over lang tid, fordi det då kan ta lengre tid å bli frisk.
Sjølvhjelp og råd
Å vere inaktiv og anspent er vanlege årsaker til langvarige symptom etter vestibularisnevritt, fordi rørsler kjennest ubehageleg og kan utløyse frykt. Dette fører til at du ikkje utfordrar balansesystemet nok til å bli betre, og kan også gje muskelsmerter, trøyttleik og redusert toleranse for rørsle.
Generell fysisk trening i kombinasjon med nok kvile og avspenning vil ofte vere til hjelp ved langvarig svimmelheit. Vel gjerne aktivitetar du liker, slik at det blir lettare å motivere seg til å gjennomføre det ofte.
Hovudpoenget med rørsle og trening er å lære deg opp til å bevege hovudet og kroppen på ein naturleg og avslappa måte igjen. Dette kan du blant anna gjere ved å gå daglege turar på variert underlag, både på asfalt, grus og i ulendt terreng. Det er lurt å sjå deg naturleg rundt mens du går, særleg ved gange på flatt underlag.
Ein fysioterapeut kan hjelpe deg med spesifikke øvingar (vestibulær rehabilitering), balansetrening og råd om generell aktivitet og trening.
Legevakt
116 117Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
Døgnope
Tokle, G, et al. Efficacy of Vestibular Rehabilitation Following Acute. VestibularNeuritis: A Randomized Controlled Trial. Otol Neurotol, 2020 Jan;41(1):78–85.
Vestibularisnevritt. Goplen FK. Artikkel i Store norske leksikon.
Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sykdommer
Sist oppdatert mandag 19. desember 2022