Den motoriske utviklinga hos barn

Motorikk er viktig for barn og unge si deltaking i aktivitetar, praktiske oppgåver og for sjølvbildet. Motorisk utvikling kan delast i fire periodar.

Spedbarn 0–5 år

Småbarnsalderen er ein viktig periode for læring av grunnleggande bevegelsar. Det skjer ei stor utvikling på kort tid det første leveåret, og barnet lærer å sitje, krabbe, stå og gå.

Barnet treng utfordringar som stimulerer læring av bevegelse, som å ligge på magen og løfte hovudet, vende frå mageliggande til ryggliggande og motsett. Det er viktig at barnet får bevege seg rundt på golvet, krype og krabbe eller ake seg fram. På denne måten får barnet både utforske omgivnadene sine og trene opp grunnleggande bevegelsar.

Fram til tre- eller fireårsalderen trenar barnet på å springe og hoppe, meistre balanse, rotasjon og kontroll av bevegelsar. «Treninga» skjer naturleg gjennom leik og samspel med andre.

Småskulealder 6–9 år

Dette er ein periode der det skjer mykje både fysisk og mentalt. Både nervesystemet og det motoriske systemet heng saman med barnet sine aktivitetar og tileigning av nye erfaringar, læring og meistring av nye bevegelsar.

Barn i denne aldersgruppa er meir i fysisk aktivitet enn eldre aldersgrupper, og treng derfor fleire og meir varierte moglegheiter til å vere i fysisk aktivitet.

Mellomtrinnet 10–12 år

I denne perioden har dei fleste lært grunnleggande ferdigheiter og basisbevegelsar som etter kvart kan utviklast til teknikk i ulike idrettar.

Barn i denne aldersgruppa er som regel inne i ein roleg vekstperiode, noko som gir gode føresetnader for å få kontroll over kroppen og lære nye bevegelsar.

Ungdomstrinnet 13–16 år

I denne alderen er det store variasjonar i kroppsstorleik og yteevne. På grunn av rask vekst og endringar i proporsjonane i kroppen kan bevegelsane bli klossete og ukontrollerte. I denne aldersgruppa kan krevjande teknikk- og koordinasjonstrening vere utfordrande, medan å trene på styrke og det å halde ut kan vere meir formålstenleg.

I denne alderen er det svært viktig å vere i fysisk aktivitet og skape gode vanar, for å førebygge livsstilssjukdomar i vaksen alder.