Informasjon til egg- og sæddonorar

Det er behov for egg- og sæddonorar i Noreg. Her får du informasjon om kva donasjon inneber og korleis du går fram for å bli vurdert som donor.

Hvorfor er det behov for donorer?

Mange treng eggdonasjon eller sæddonasjon for å kunne få barn, derfor er det eit stort behov for donorar.  

Grunnen til at nokon ikkje kan bruke eigne egg- eller sædceller kan til dømes vere tidleg overgangsalder hos kvinner, dårleg sædkvalitet, at egg- eller sædceller er skada pga. kreftbehandling, eller fordi dei kan overføre alvorleg arveleg sjukdom til barnet.

Einslege kvinner og  likekjønna par med to kvinner som ønskjer assistert befrukting må bruke sæd frå donor.

Ved å donere egg eller sæd kan du hjelpe personar som ikkje kan få barn på annan måte.

Dersom du vurderer å bli donor, rår vi deg til å lese denne informasjonen før du eventuelt kontaktar ein fertilitetsklinikk som er godkjend for å rekruttere donorar. Lenkje til klinikkane finn du nedst på sida.

Kven kan bli donor? 

Krav til deg som ønskjer å donere egg eller sæd: 

  • Eggdonorar må vere mellom 25 og 35 år.
  • Sæddonorar skal vere over 18 år, og bør vere mellom 25 og 45 år.
  • Du må vere registrert i Folkeregisteret og ha ei permanent tilknyting til Noreg.
  • Du bør ha god fysisk og psykisk helse. For eggdonorar skal det ikkje vere noko ved helsa som gjer at behandlinga medfører risiko.
  • Du kan ikkje misbruke rusmiddel.
  • Du må ikkje ha kjende arvelege sjukdomar i familien.

Kva skjer før du kan donere?  

Klinikken vil kalle deg inn til ein samtale for å sikre at du fullt og heilt forstår kva ein donasjon vil innebere. Du vil få informasjon og rettleiing så du kan tenkje gjennom alle sider av prosessen. Klinikken har plikt til å tilby deg rettleiing og hjelper deg å vurdere konsekvensar donasjonen kan få for deg og familien din i framtida.

Du skal også ha ein samtale med helsepersonell med særleg kompetanse på psykososiale aspekt ved donasjon.  

Du må fortelje om deg sjølv, og om fysisk og psykisk helse. Du må også fortelje om eventuelle sjukdommar i familien. 

Du  blir testa for enkelte smittsame sjukdomar.

Viss du blir godkjend som donor, vil klinikken der du donerer egg eller sæd bruke opplysningar om deg i samband med behandling. Dei som har tilgang til opplysningane, har teieplikt. 

Du må signere ei samtykkeerklæring for donorar. Du kan trekkje samtykket fram til egga eller sæden er brukt til befrukting. Ubefrukta egg/unytta sæd blir destruert dersom du trekk samtykket.

Korleis går eggdonasjon føre seg?

Prosessen med eggdonasjon tek som regel 2–3 veker.

Egglageret ditt blir vurdert, mellom anna ved ultralydundersøking. Du får hormonbehandling som gjer at fleire egg blir modne og kan hentast ut, vanlegvis inntil 10 til 12 egg. Egga blir henta ut ved eit lite medisinsk inngrep. Egga blir donerte til ei anna kvinne og befrukta med sæd frå kvinna sin partnar.

Eggdonasjon går føre seg på same måte som dei første delane av ei IVF-behandling (prøverøyrsbehandling):

  1. Hormonbehandling skjer i form av daglege injeksjonar for å auke talet på egg som kan hentast ut.
  2. Du må møte til ultralyd éin eller fleire gonger for å følgje med på utviklinga av egga.
  3. Éin eller to dagar før egguttaket tek du ei hormonsprøyte eller ein nasespray som set i gang eggløysinga.
  4. Når egga skal hentast ut, får du smertestillande, bedøving og eit lett roande middel. Egguttaket varer i omtrent ein halv time. Du kan oppleve smerter eller ubehag undervegs og etterpå. Du vil få smertestillande etter behov.

I Noreg kan ein donere egg inntil tre gonger. Det er ikkje slik at du tømmer eige egglager om du er eggdonor. Eggdonasjon påverkar ikkje din eigen fertilitet.

Reaksjonar på behandlinga

Mange opplever noko ubehag av hormonbehandlinga. Vanlege reaksjonar er humørforandringar, hetetokter, hovudverk og oppblåsen mage. Desse biverknadene er forbigåande og ufarlege.

Ved eggdonasjon gjev ein ei svakare hormonstimulering enn ved vanleg IVF-behandling. Likevel kan nokon reagere uventa kraftig på hormonstimuleringa og få overstimuleringssyndrom. Då kan det samle seg væske i magen som kan skape press mot lungene. I sjeldne alvorlege tilfelle kan dette krevje sjukehusinnlegging.

Korleis går sæddonasjon føre seg?

Du må levere ein sædprøve. Prøven viser om sæden er av god nok kvalitet.

Når du blir godkjend som donor, avtaler du tidspunkt for donasjon med sædbanken. Kvar donor er forventa å møte opp 10–15 gonger for å donere sæd.

I Noreg kan ein sæddonor gje opphav til barn i maksimalt seks familiar.

Legen vel  ein passande donor til kvinna/paret

Behandlande lege vel ein donor som passer til kvinna eller paret som skal få behandling med assistert befruktning. Dersom det er mogleg, skal klinikken bruke ein donor med liknande fysiske trekk som foreldra (augefarge, hårfarge, høgd, hudfarge). Du får ikkje informasjon om kvinner eller par som får behandling med dine egg eller din sæd, og dei får ikkje informasjon om deg. Dette for å ivareta kommande barn  sin rett til å bestemme sjølv om dei vil vite donoren sin identitet.

Komande barn kan få informasjon om identiteten din

Ifølgje bioteknologilova har barn fødde etter bruk av donoregg eller donorsæd rett til å få vite identiteten til donoren når dei fyller 15 år. Dei som er blitt til med donorsæd før 1. januar 2021 kan få informasjonen når dei er 18 år.

Informasjonen som kan identifisere ein person sin donor ligg i det sentrale egg- og sæddonorregisteret. Det er berre personar fødde etter behandling med donoregg eller  donorsæd i Noreg som kan få ut informasjon om identiteten til donoren sin frå registeret. Eventuelle barn har då høve til å kontakte deg. Det er opp til deg om du vil ha ein relasjon til barna dersom dei tek kontakt.

Du vil stå oppført i det nasjonale egg- og sæddonorregisteret hos Folkehelseinstituttet i minst 100 år.

Du får ikkje vite noko om utfallet av eventuelle behandlingar med donerte egg/sæd med mindre eventuelle barn tek kontakt.

Du har ikkje nokon juridiske rettar eller plikter overfor barn som blir fødde. Du kan ikkje påverke oppveksten deira, og donasjonen vil ikkje medføre utgifter for deg i framtida.

Kjenslemessige reaksjonar på egg- eller sæddonasjon

Donasjon av sæd eller egg er eit stort val, og er ikkje for alle. Klinikken tilbyr deg rettleiing for å forsikre seg om at du er sikker og trygg på valet du tek.

Fordi barn har rett til å få vite om donoren sin identitet, kan eventuelle barn komme til å kontakte deg. Det er viktig at du førebur deg på dette og tenkjer gjennom alle sider av det.

Du blir oppmoda om å vere open overfor eventuell partnar og eventuelle eigne barn om donasjonen.

Klinikken vil gje deg tips og råd om korleis du kan informere andre om valet du har gjort.

Kompensasjon

Kommersielt sal av kjønnsceller er forbode, og donasjonen skal vere fordi du har lyst å hjelpe andre. Du får ein kompensasjon for belastningar og tidsbruken behandlinga medfører, og du får dekt reiseutgifter. I tillegg blir medisinar for eggdonorar dekte.

Kompensasjonen til donorar er skattefri og er sett som prosentdel av G (grunnbeløpet i folketrygda):

  • Eggdonor kan få utbetalt 5 % av 1 G for kvart egguttak
  • Sæddonor kan få utbetalt 0,7 % av 1 G for kvar enkeltdonasjon. Det blir donert 10–15 gonger

Klinikkar som rekrutterer donorar

Dersom du vurderer å donere egg eller sæd, kan du kontakte ein fertilitetsklinikk som rekrutterer donorar. Her finn du ei liste over godkjende klinikkar du kan kontakte (helsedirektoratet.no).

Du må ikkje donera ved fleire egg- eller sædbankar utan særskilt avtale med den enkelte egg- eller sædbanken. Årsaka til dette er at verksemdene må halde oversikt over kor mange familiar som bruker same sæddonor (seks familiar), eller kor mange egguttak ein eggdonor har (tre egguttak).

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Informasjon til egg- og sæddonorar . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 27. september 2024 [henta torsdag 24. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/undersokelse-og-behandling/egg-og-saddonasjon/

Sist oppdatert fredag 27. september 2024