Navlestrengsblod til eige bruk
Ved fødselen inneheld navlestrengen og morkaka blod frå fosteret. Dette blodet har ein høg del stamceller av same type som dei vi finn i beinmergen. Noko av funksjonen til stamcellene er å erstatte daude eller skadde celler i kroppen. Stamceller kan derfor brukast til å behandle enkelte blod- og immunsjukdomar.
Private bedrifter tilbyr lagring av navlestrengsblod frå nyfødde med tanke på at barnet sjølv kan få bruk for det seinare i livet. Nokre foreldre lurer på om dei bør lagre navlestrengsblodet som ei «forsikring» mot framtidig alvorleg sjukdom.
Ikkje tilrådd av norske fagmiljø
Nytta av tapping og lagring av navlestrengsblod til eige bruk er derimot ikkje vitskapleg dokumentert, og det finst ikkje nokon behandlingar i det offentlege norske helsevesenet som baserer seg på bruk av eige navlestrengsblod. Lagring til eige bruk er derfor ikkje tilrådd av norske fagmiljø.
Les meir om korleis det offentlege tilbodet for stamcellebehandling fungerer.
Lågt sannsyn for at eige lagra navlestrengsblod vil bli brukt
Sjølv om norske fagmiljø ikkje tilrår lagring av navlestrengsblod til eige bruk, er det likevel bestemt at foreldre ikkje skal nektast å tappe og lagre navlestrengsblod ved private navlestrengsblodbankar, dersom dei ønskjer det.
Helseføretaka skal derfor leggje til rette for at foreldre skal kunne nytte slike private tilbod, på eige initiativ og for eiga rekning. Det er føresett at dette kan gjennomførast innanfor ramma av kva som er rekna som fagleg forsvarleg og praktisk mogleg.
Dersom du vurderer å tappe og lagre navlestrengsblod privat, er det viktig å vere klar over følgjande:
- Det er ein helsefordel for den nyfødde å få blodet i navlestrengen og morkaka tilbakeført. Derfor tilrår fagmiljøa sein klipping av navlestrengen. Ved lagring av navlestrengsblod bør det tappast minst 70 ml blod for at det skal ha noka føre seg. Derfor vil det bli ei avveging mellom å få nok blod til lagring for framtidig bruk, og å få tilbakeført mest mogleg til barnet. I ei slik avveging skal ein leggje vekt på omsynet til den nyfødde. Og ved fødselen skal alltid tryggleiken til mor og barn gå føre.
- Det er svært lågt sannsyn for at eige lagra navlestrengsblod vil bli brukt til behandling av framtidig sjukdom.
- Ei berekning basert på behandlingsalternativa vi har i dag, indikerer at 1 av 20 000 til 250 000 vil kunne få behov for stamceller som blir lagra ved fødselen. For personar med europeisk bakgrunn er sannsynet endå lågare, fordi dei endå oftare finn ein eigna gjevar i beinmergsgjevarrregistera og dei allogene navlestrengsblodbankane.
- Dersom eit barn i framtida treng stamcellebehandling, til dømes på grunn av kreft, er det mest sannsynleg at ein hentar stamceller til behandling frå ein annan gjevar, eller frå barnets blod eller beinmerg etter at diagnosen er stilt. Barn som blir fødde med arveleg sjukdom har heller inga nytte av å lagre stamceller frå sin eigen navlestreng. Årsaka er at den genetiske feilen som gjer barnet sjukt, også vil vere til stades i dei cellene som vart lagra ved fødselen.
- I dag bruker ein sjeldan stamceller frå navlestrengsblod som er lagra lengre enn 10 år til behandling. Nyare forsking viser likevel at kvaliteten på dei lagra cellene ikkje blir redusert ved lagring opp til 15 år. Kor lenge celler frå navlestrengsblod faktisk kan lagrast utan å ta skade, er førebels uvisst.
Praktiske forhold ved privat lagring av navlestrengsblod
Dersom du bestemmer deg for å lagre navlestrengsblod ved ein privat navlestrengsblodbank, er det også nokre forhold som kan føre til at det likevel ikkje blir lagra celler:
- Det er ikkje mogleg å tappe nok blod frå navlestrengen
- Navlestrengsblodet blir forureina med bakteriar eller virus i samband med fødselen eller tappinga
- Det oppstår komplikasjonar under fødselen slik at det av omsyn til mor eller barn ikkje er forsvarleg å bruke tid på tapping av navlestrengsblod
Ved allogene navlestrengsblodbankar kasserer ein også cirka halvparten av dei tappa einingane, anten på grunn av for lågt tal stamceller, eller på grunn av forureining med bakteriar eller virus.
Dersom du vurderer lagring av navlestrengsblod til eige bruk, bør du også vere klar over at det har vore tilfelle av at private navlestrengsblodbankar har gått konkurs.
Tips til deg som vurderer å lagre navlestrengsblod
- Det er i dag ikkje dokumentert nytteeffekt av lagring av eige navlestrengsblod.
- Dersom du vel å lagre navlestrengsblod, bør du sjekke at den som utfører tappinga, har godkjenning frå Helsedirektoratet.
- Sjekk at verksemda har ein backup-avtale for lagring dersom ho skulle gå konkurs.
- Sjekk at mengda stamceller som verksemda gjev opp, er tilstrekkeleg for lagring, og om dette er nok til behandling med teknologien vi har i dag.
- Ver skeptisk til verksemder som promoterer navlestrengsblod som ein mirakelkur.
- Hugs at det nyfødde barnet ikkje kan gje samtykke til donasjon av stamcellene sine, og at det er ein helsefordel for barnet å få blodet i morkaka og navlestrengen tilbakeført.
Stamcellebehandling: Slik fungerer det offentlege tilbodet
Ein stamcelletransplantasjon er ei behandling der ein erstattar dei sjuke stamcellene hos ein pasient, med friske. Dersom ein person må behandlast med ein såkalla allogen stamcelletransplantasjon, det vil seie at personen får stamceller frå ein annan person, er det vanleg å bruke celler frå ein nær familiemedlem eller frå ein gjevar som ikkje er i slekt. Ein gjevar som ikkje er i slekt, er ein person som har registrert seg som villig til å gje stamceller til pasientar som treng det.
Stamceller kan haustast frå beinmerg, blod eller navlestrengsblod.
For å unngå ein kraftig immunologisk fråstøytingsreaksjon ved stamcelletransplantasjon, må gjevar og pasient vere HLA-identiske, eventuelt ha ein så lik HLA-type som mogleg. HLA er molekyl involverte i immunforsvaret. Vi menneske har eit mangfald av ulike HLA-typar.
Bruk av stamceller frå familiemedlemer
Søsken har nær 30 prosent sjanse for å ha lik HLA-type. Familiegjevarar er derfor oftast søsken, og ein sjeldan gong foreldre eller barn.
Bruk av stamceller frå gjevarar som ikkje er i slekt
I Noreg og mange andre land er det register over personar som frivillig vil gje stamceller dersom ein pasient, ein eller annan stad i verda, skulle få behov for akkurat deira HLA-type. Totalt er meir enn 36 millionar frivillige beinmergsgjevarar registrerte. I Noreg er det kvart år omkring 150 pasientar som treng stamcelletransplantasjon. For pasientar med europeisk opphav er det mogleg å finne ein HLA-identisk beinmergsgjevar som ikkje er i slekt, til over 95 prosent av pasientane. For pasientar med ikkje-europeisk bakgrunn finn ein ein gjevar som ikkje er i slekt, til over 80 prosent.
Det norske beinmergsgjevarregisteret ved Rikshospitalet rekrutterer beinmergsgjevarar blant godkjende blodgjevarar.
Berre hos pasientar med svært uvanlege HLA-typar kan ein måtte ty til navlestrengsblod. Ei rekkje land har allogene navlestrengsblodbankar, og det er på verdsbasis lagra blod frå om lag 800 000 navlestrengar.
Navlestrengsblod blir likevel brukt stadig sjeldnare til allogen stamcelletransplantasjon. Dersom det ikkje finst søsken eller gjevarar med lik HLA-type som ikkje er i slekt, bruker ein i stadig større grad familiemedlemer som ikkje har heilt lik HLA-type framfor navlestrengsblod.
Bruk av pasienten sine eigne stamceller
I nokre tilfelle, til dømes ved visse typar kreft, kan pasienten sine eigne stamceller brukast til såkalla autolog stamcelletransplantasjon. Då haustar ein stamceller frå pasienten sin beinmerg eller blod etter at diagnosen er stilt og den første cellegiftkuren har «slått ned» kreften. Deretter lagrar ein stamcellene i ein frysar medan pasienten går gjennom vidare cellegiftbehandling.
Stamcellene blir til slutt gjevne tilbake til pasienten etter at cellegiftbehandlinga er gjennomført. Med ny teknologi kan det i framtida kanskje bli aktuelt å nytte andre celletypar til behandling, både frå pasienten sjølv eller frå gjevarar som ikkje er i slekt. Desse cellene vil ikkje nødvendigvis haustast frå navlestrengen til pasienten.
Bruk av navlestrengsblod ved enkelte tilfelle av sjukdom i familien
I familiar der det alt er eit barn med sjukdom som kan behandlast med stamcelletransplantasjon, vil det offentlege i enkelte situasjonar syte for at navlestrengsblod frå eit nyfødd søsken blir lagra. Dersom den nyfødde og eit eldre søsken har tilstrekkeleg lik HLA-type, kan navlestrengsblodet transplanterast til det eldre søskenet. Dette føreset at den nyfødde sjølv ikkje har sjukdomen. Leukemi, β-thalassemi og sigdcelleanemi er døme på slike sjukdomar.
Dersom du er gravid og dette er ein aktuell situasjon for familien din, bør du ta kontakt med transplantasjonslegane ved barneavdelinga på Rikshospitalet.