Er du over 13 år kan du logge inn i Helsenorge-appen og sjå kva som er nærmaste helsestasjon for ungdom og kontaktinformasjon til fastlegen din. Nokon kan òg bestille time hos helsesjukepleiar via Helsenorgeappen. Skulen gir deg beskjed om du kan bestille time hos helsesjukepleiar i appen. Du logger inn med BankID eller MinID.
For å bestille time hos helsesjukepleiar på skulen, må du finne skulen din og legge han til i appen.
Med foreldresamtykke og BankID kan du få tilgang til fleire tenester.
Helsenorge-appen er tilgjengeleg for Android og Apple-einingar, og kan lastast ned herfrå:
Kva kan du gjere i appen?
I appen kan du
- Finne nærmaste helsestasjon for ungdom (HFU)
- Sjå kven fastlegen din er og kontaktinformasjonen til legekontoret
Viss skulen din er i appen kan du òg
- Bestille time hos helsesjukepleier på skulen eller telefontime
- Avbestille timen viss tidspunktet ikkje passar
- Få informasjonsmelding frå helsesjukepleier på skulen
Foreldra dine får ikkje vite at du har bestilt ein time hos helsesjukepleiar.
Korleis ta i bruk Helsenorge-appen
Når du loggar inn første gong, må du godta vilkåra for bruk av appen. Du treng ikkje løyve frå foreldra dine til dette.
Du kan bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller personleg kode til å logge inn i appen. Dette kan du sette opp første gong du loggar inn, eller du kan gjere det seinare under innstillingar. Då går det raskare å logge inn neste gong du skal bruke appen.
Tilgang til andre tenester på Helsenorge
Er du 16 år eller eldre har du tilgang til fleire tenester på Helsenorge. Du må logge inn med BankID for å få tilgang til desse tenestene.
Er du mellom 13 og 16 år kan du få tilgang til fleire tenester om foreldra dine samtykker til det. Les meir om ungdomstilgang med foreldresamtykke.
Du må ikkje ha appen for å få hjelp
Du må ikkje bruke Helsenorge-appen for å ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom. Du kan alltid banke på hos helsesjukepleiar for å få hjelp.
Sjekk nettsidene til skulen din for å sjå når helsesjukepleiar er til stades. Du kan òg sjekke nettsidene til kommunen for opningstider og adresse til helsestasjon for ungdom.