
Drikk eg for mykje?
Er du uroa for om du drikk for mykje alkohol? Du kan få hjelp til å få oversikt over korleis og kor mykje du drikk.
Illustrasjon: Johnér
Å drikke alkohol, sjølv i små mengder, aukar risikoen for ei rekkje helseskadar, blant anna kreft og hjarte- og karsjukdomar.
Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske personar. Graden av helserisiko aukar både med kor høg promille du har og kor ofte du drikk, men det er store forskjellar frå person til person.
Drikk du slik at du blir rusa, aukar risikoen for skadar og ulykker. Svært høg promille kan vere farleg i seg sjølv fordi pustesenteret i hjernen kan hemmast. Dette kan vere døyeleg. I tillegg er sjansen for at du skader deg sjølv eller nokon andre mykje større dersom du er svært påverka.
Ei overvekt av valdstilfella i Noreg er alkoholrelatert. Mange melde valdtekter er òg festrelaterte. Dørvakter og bartenderar er plikta til å nekte deg inngang og servering dersom du blir vurdert som openbert påverka – nettopp for å førebyggje at vald og skadar skjer på stader der folk drikk.
Sjølv ved å drikke små mengder alkohol dagleg, aukar risikoen for fleire helseskadar og sjukdomar. Dette gjeld blant anna fleire kreftformer, høgt blodtrykk, hjerneslag og leversjukdom.
Høgt forbruk av alkohol over tid aukar risikoen for sjukdomar i hjernen og i nervesystemet, høgt blodtrykk, hjerneslag, fleire former for kreft, leversjukdomar, betennelse i bukspyttkjertelen og hjartearytmi.
Risikoen for å døy tidleg blir tredobla ved å drikke minst fem øl, ei heil flaske vin eller 1/4 flaske brennevin fleire gonger i veka.
Kor mykje du må drikke for å ta skade av det, varierer frå person til person. Du reduserer sjansen for å utvikle sjukdom dersom du drikk med måte eller lèt vere å drikke.
Etter lengre tids drikking kan du bli meir tolerant, og må drikke større mengder for å oppnå same effekt. Toleranseutviklinga og dei akutte abstinensplagene vil forsvinne dersom du er fråhaldande nokre veker. Slike abstinensplager kan vere
Ved svært langvarig bruk kan du byrje å reagere uventa sterkt på små mengder alkohol. Dette kjem av alvorlege skadar på lever og hjerne.
Bruk av alkohol over tid aukar risikoen for utvikling av alkoholavhengnad. Alkoholavhengnad, tidlegare kalla alkoholisme, utviklar seg fordi gjenteken drikking kan gje ei langvarig funksjonsforstyrring i hjernen, som igjen aukar behovet for å drikke.
Avhengnad er ofte forbunde med kontrolltap, manglande evne til å slutte sjølv om du veit at det er skadeleg, og sosiale og familiære problem.
Alle kan utvikle avhengnad, men risikoen for å bli avhengig varierer stort frå person til person. Det finst inga sikker nedre grense for kor mykje og kor ofte du må drikke for å utvikle avhengnad, spesielt dersom du er disponert for dette.
Er du uroa for alkoholvanane dine? Test alkoholforbruket ditt med Drikkestatus.
Drikkestatus er eit verktøy som byggjer på det internasjonalt anerkjende verktøyet AUDIT C.
Er du uroa for om du drikk for mykje alkohol? Du kan få hjelp til å få oversikt over korleis og kor mykje du drikk.
Illustrasjon: Johnér
Hverdager kl. 11:00 - 18:00
Ring eller chat med RUSinfo helt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.
Blå Kors forener frivillig innsats på rusfeltet med profesjonelt behandlingsarbeid
Oslo Universitetssykehus, Virkninger av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen forøvrig. [Internett]. Oslo: Oslo Universitetssykehus, avdeling for rettsmedisinske fag; 2017 [hentet 2019-07-04]. Tilgjengelig fra: https://oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/rettsmedisinske-fag/alkohol-og-rusmidler/virkninger-av-alkohol-pa-sentralnervesystemet-og-kroppen-forovrig
Innhaldet er levert av Helsedirektoratet
Sist oppdatert tysdag 5. april 2022