Alkohol og helse
Å drikke alkohol, sjølv i små mengder, aukar risikoen for ei rekkje helseskadar, blant anna kreft og hjarte- og karsjukdomar.
Er du uroa for om du drikk for mykje alkohol? Du kan få hjelp til å få oversikt over korleis og kor mykje du drikk.
Illustrasjon: Johnér
Mange lurer på om det er greitt å drikke moderate mengder alkohol utan at det er farleg for helsa. Det finst ikkje noko enkelt svar på dette. Kor mykje alkohol som er helseskadeleg, avheng av individuelle skilnader som vekt, høgd og kva konsekvensar alkoholen har for den enkelte.
Er du uroa for alkoholvanane dine? Test ditt alkoholforbruket ditt med Drikkestatus.
Drikkestatus er eit verktøy som byggjer på det internasjonalt anerkjende verktøyet AUDIT C.
Sjekk om du drikk for mykje alkohol (Av-og-til)
Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske vaksne, men ikkje drikk for helsa si skuld. Det er godt dokumentert at alkohol er ei av årsakene til fleire alvorlege sjukdomar, blant anna hjarte- og karsjukdomar, ulike typar kreft og diabetes.
Drikk du slik at du blir rusa, aukar risikoen for skadar og ulykker. Det er smart å unngå å bli rusa, og å tenkje over i kva situasjonar ein drikk alkohol.
Unge under 18 år og dei som er gravide, blir tilrådd heilt å avstå frå alkohol.
Heia meg er ein app for deg som vil starte endringar i livet. Han gjev deg daglege heiarop og nyttige triks som gjer endring lettare.
Å drikke alkohol, sjølv i små mengder, aukar risikoen for ei rekkje helseskadar, blant anna kreft og hjarte- og karsjukdomar.
For mange er ein samtale med fastlegen det første steget på vegen til å få klarlagt om du drikk på ein helseskadeleg måte.
Fastlegen kan hjelpe deg med å finne ut kva for eit drikkemønster du har, og eventuelt hjelpe deg vidare.
Hverdager kl. 11:00 - 18:00
Ring eller chat med RUSinfo helt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.
Blå Kors forener frivillig innsats på rusfeltet med profesjonelt behandlingsarbeid
Innhaldet er levert av Helsedirektoratet
Sist oppdatert tysdag 5. april 2022