Kaloriar i øl, vin og brennevin
Alkohol inneheld, slik som sukker, det ein kallar «tomme kaloriar». Alkohol har fleire kaloriar enn anna drikke og tilfører ingen næringsstoff.

Illustrasjon: Mostphotos
Kroppen prioriterer forbrenning av alkohol. Det betyr at samstundes som kroppen jobbar på spreng for å kvitte seg med alkoholen, set han nedbrytinga av karbohydrat og feitt på vent. I tillegg blir reguleringa av blodsukkeret forstyrra, noko personar med diabetes bør ta spesielt omsyn til.
Les meir om kva som skjer i kroppen når du drikk alkohol.
Kaloriar i øl, vin og anna drikke
Ei standard alkoholeining inneheld ca. 12 gram alkohol. Eksempel på ei alkoholeining er:
- Ei flaske (33 cl) pils på 4,5 vol %
- Eit lite glas vin (12,5 cl) på 12 vol %
- Eit endå mindre glas sterkvin (7,5 cl) 20 vol %
- Eit svært lite glas brennevin (4 cl) 40 vol %
Storleiken på glaset har mykje å seie:
- Ein halvliter øl = 1,5 eining alkohol
- Eit stort glas vin (17,5 cl) = 1,5 eining alkohol
Type alkohol/alkoholfri drikke | Kaloriinnhald kcal per 100 g |
Ca kaloriinnhald kcal per eining |
---|---|---|
Likør, 35 vol-% alkohol | 313 | 125 |
Brennevin, 40 vol-% alkohol | 244 | 98 |
Vin, raud, 12 vol-% alkohol | 74 | 93 |
Vin, kvit, tørr, 12 vol-% alkohol | 68 | 85 |
Sider, 4,5 vol-% alkohol | 59 | 195 |
Eplejuice | 43 | 142 |
Brus | 42 | 139 |
Øl, 4,7 vol-% alkohol | 41 | 135 |
Øl, alkoholfritt | 24 | 79 |
Brus, kunstig søta, light, lett | 0 | 0 |
Vatn med kolsyre | 0 | 0 |
Hugs at det ikkje er berre sjølve alkoholen (etanol) som har noko å seie for kaloriinnhaldet, også dei andre ingrediensane i drikken kan innehalde mange kaloriar.

Drikker jeg for mye?
Er du bekymret og lurer på om du drikker for mye? Du kan få hjelp til å få oversikt over hvordan og hvor mye du drikker.
Illustrasjon: Johnér
Alkohol har tomme kaloriar
Alkohol tilfører ingen næringsstoff, men ganske mange kaloriar. Alkohol inneheld fleire kaloriar per gram enn både karbohydrat og protein, og nesten like mange som feitt.
Eit lite glas raudvin (1,2 dl) inneheld for eksempel rundt 80 kcal (kilokaloriar), og eit glas øl (0,33 liter) inneheld 130 kcal. Til samanlikning inneheld eit lite glas friskpressa eplejuice (utan tilsett sukker) ca. 42 kcal og eit glas alkoholfritt øl ca. 79 kcal.
Høg alkoholprosent gir fleire kaloriar
Det er ikkje like mange kaloriar i all alkohol. Dess høgare alkoholprosent, dess fleire kaloriar. Likør og brennevin har høgast alkoholprosent og derfor flest kaloriar. Alkoholfritt øl har berre halvparten av kaloriane i vanleg pils, og derfor færre kaloriar enn brus.